Appelsinane eksploderer, songlerkenes augo vert forvandla til eit blodbad og stjernene rotnar på himmelen. Den japanske poeten Ayane Kawata korrigerer i Tid av himmel oppfatninga av austleg dikting som berre ein kontemplativ, tilbaketrekt aktivitet. Les kritikken av Tid av himmel av Ayane Kawata her.
Rykte om verda
Lugten af sne av den danske poeten Pia Tafdrup er vorte til ein katalog over dei behagande duftene, men også, i alle fall i nokon mon, over stanken, urinen, det skitne. Her er dikt om tomatar, om urinering, om lukta frå ein kjær person som vekker forventing. Les kritikken av Lugten af sne av Pia Tafdrup her.
Lysande, oppmerksam poesi
INNI BOKA djupa / kärlek / ingen av den svenske poeten Ann Jäderlund vert ein møtt av vekslande stilleie, frå dei ømme, klåre naturmeditasjonane, til dei meir refleksive og borande dikta. Dikta skiftar frå dei metaforiske til dei konkrete vendingane, men uansett alltid med negasjonen, den som brått snur diktet og lesaren ein annan veg, parat. Les kritikken av djupa / kärlek / ingen av Ann Jäderlund her.
Røyk i slentrande og forteljande dikt
I DEN SJETTE diktsamlinga frå syrisk-svenske Daniel Boyacioglus hand, Allt om eld, møter lesaren ein poet som krinsar om smått og stort i dagleglivet. Stilen er ikkje poetisk revolusjonerande og paraderer ikkje med originale bilete eller eit idiosynkratisk språk som freistar å tøtsje transcendensen. Les kritikken av Allt om eld av Daniel Boyacioglu her.
Hardtslåande og sanningserkjennande
I debutantdiktboka Hvitverk av den svenske debattanten, kommunisten og poeten Athena Farrokhzad – som Tina Åmodt har omsett til norsk – kjem dei ulike spenningane i ein innvandrarfamilie til syne gjennom ein nennsam sitatmosaikk. Ein kan raskt slå fast: Her møter ein ein drivande energi, ei veldig sterk utsegnskraft. Les kritikken av diktboka Hvitverk av Athena Farrokhzad her.
Lars Norén attende i poesien
Etter over trettifem års poetisk teiing vender den svenske forfattaren og dramatikaren Lars Norén attende til lyrikken med diktboka Stoft. Det er dikt med stort eksistensielt alvor der tydinga støtt vert truga og undergroven, gjort til støv, av ei medviten sjølvøydeleggjande rørsle. Les kritikken av Stoft av Lars Norén her.
Ein humbabasommar
Nabolaget stinkar tennvæske og solkrem. Spekkhoggarar, lakselus og brennmanetar lurar i badevatnet. Og sommarhuda byrjar få fargen til ein grisunge. Men trass i sommar, late dagar og feriestenginga mellom øyrene, dreier Humbaba poesikritikkhjulet og held det i gong. Men for å få ei avveksling, har Humbaba drege over grensa til Sverige for å lese svensk samtidslyrikk. Humbaba presenterer i dei komande vekene kritikkar av fire aktuelle svenske diktbøker. Det byrjar i dag, med kritkken av Lars Noréns diktbok Stoft som kom ut tidlegare i juni.
Ein kan ikkje stige ned i same elva to gonger
Heraklits fragment om at ein ikkje kan stige ned i same elva to gonger, kan gjerast gjeldande for Olav H. Hauges lyrikk. For Olav H. Hauge endra støtt på dikt, la til og trekte frå ord, liner og strofer og sette inn nye dikt i eldre samlingar. Aasta Marie Bjorvand Bjørkøy har i Eit dikt vert aldri ferdig. Teksthistorien til Olav H. Hauges dikt på forbiletleg vis gått gjennom og systematisert teksthistoria til poeten, noko som får følgjer for respesjonen og korleis ein ser på diktinga til Hauge. Olav H. Hauge er ein reviderande forfattar som set heile sin forfattarskap i spel kvar gong han får sjansen. Les kritikken av Eit dikt vert aldri ferdig her.
Først meg sjølv og så meg sjølv
Flaggtale av Dan Andersen gestaltar språket og universet til den norske middelklassemannen. Grunnane taleføraren har for å halde flaggtalen er ikkje dei same som forfattaren Dan Andersen har for å skrive boka Flaggtale. Flaggtale leverer råstoff til den retoriske og politiske analysen, og er eit stykke viktig kritisk diktning. Men språket til taleføraren er grunnleggande flatt og keisamt, det manglar heilt ein sanseleg dimensjon. Les kritikken av Flaggtale av Dan Andersen her.
Openberring og forsegling
Diktboka For å la salamanderen synge av den fransk-oksitanske poeten Aurélia Lassaque fortener å bli lesen. Lesaren møter eit merkeleg og tiltrekkjande mytologisk landskap som intervenerer med det verkelege, andre gongar kapslar det seg inn som gåtefulle einingar. Les kritikken av For å la salamanderen synge her.