Lysande, oppmerksam poesi

:poesikritikk


DIKT

Ann Jäderlund

djupa / kärlek / ingen / dikter 1992-2016

Albert Bonniers förlag (2016)


ER DIKTA i djupa / kärlek / ingen oppsamla overskot- og andresorteringsdikt frå den svenske poeten Ann Jäderlund? Eg spør slik fordi desse dikta er, slik ein les av undertittelen dikter 1996-2016, komne til i løpet av ein lengre tidsperiode der Ann Jäderlund samstundes har gjeve ut andre diktbøker og ei omsetting av Emily Dickinson; Gång på gång är skogarna rosa (2012). Overskotsdikt kan dette vel kallast, men det må strekast under at denne boka absolutt ikkje fremjar sekunda diktarisk vare. Tvert om. Her er dikt og liner ein les med skjerpa og lyttande merksemd, som ein kan vente lenge og for-vente i:

A s p e n   s t å r

m e d

n å g r a   g r å a

t u n n a   s p r ä c k t a

b l a d   s o m

r ö r   s i g

o c h   l ä n g s t   u t

p å   g r e n e n

f i n n s   n å g r a

e n s a m m a

s l u t n a   k n o p p a r

d e   s k a

v a ra   h ä r

t i l l   v å r e n

(Frå djupa / kärlek / ingen, Ann Jäderlund)

LINENE I DENNE enkle diktsekvensen er prega av rørsle, intensivert merksemd, venting og tolmod, retta mot det levande, mot eit her og no, som likevel ikkje enno har innfunne seg, ikkje til fulle. Diktet konsentrerer seg om det vesle i det store: Frå ospa til dei sprokne blada i forfall, og vidare ut, på greina, «längst ut / på grenen», altså mot eit grenseområde, der diktet verkar å finne roa, der det ikkje kjem lenger fordi diktet er ved den ytste grensa for ospa. Her i utkantane skjer det ikkje noko, ei for-venting trer inn. Og sjølv om det er høgst uvisst om «knoppar» slår seg ut som blad, eller berre vert «slutna», altså avstengde, innkapsla, også når våren ein gong kjem og endar ventinga, gjev knoppane sin måte å vere på eit bod om noko anna; trøyst og ro, merkeleg nok. Noko går til grunne. Knoppane veks fram. Og knoppane, som dei ytste delar av treet, held alltid noko attende, dei er der, som ventande, som avhengige av våren.

Knoppane står for det sykliske, gjentakande, dei kjem att kvart år, og det forandrande, idet knoppen slår seg ut til blad.

DEN SPERRA SKRIFTA som heile diktet er sett med, og som elles er blitt eit jäderlundsk kjennemerke, gjer at sjølve bokstavane får lov å vere, å finnast – isolerte som seg sjølve ­– samstundes som dei inngår i konteksten av ord, setningsfragment, og diktet. På same vis oppfattar eg tittelens ordsamanstilling djupa / kärlek / ingen, der orda både står for seg sjølv, men også saman med dei som følgjer, med både avgrunnar og moglege bruer mellom seg. Og med dette ordet «ingen» som det siste i rekkja, som synest å avfeie, bryte av dei to andre orda, eller snarare gjer at «djupa kärlek» vert nekta avhengigheita av eit subjekt, og som så å seie overskrid subjektet. Og dermed gjer seg open for andre erkjennings- og vereformer, for ein annan, meir omfattande «kärlek».

DEN SÆREIGNE jäderlunske tonen som på ulikt vis har vore etablert frå debuten med Vimpelstader i 1985, finn ein også i djupa / kärlek / ingen. Dessutan, ein særeigen og medviten typografi, mellom anna varierer dikta mellom sperra skrift, kursiv, ulike skriftstorleikar og uthevingar, noko som så å seie intensiverer lesnaden og konsentrerer dikta til det ytste. Boka er også sparsam med tanke på paratekst, opplysningar om kva forfattaren tidligare har gjeve ut, kva desse dikta handlar om, ja, til og med sidenummereringa er skore vekk; alt gjort for å sende oss føresetnadslause, avkledde og direkte inn i diktets verd. Det fungerer veldig bra.

INNI BOKA vert ein møtt av vekslande stilleie, frå dei ømme, klåre naturmeditasjonane, til dei meir refleksive og borande dikta. Dikta skiftar frå dei metaforiske til dei konkrete vendingane, men uansett alltid med negasjonen, den som brått snur diktet og lesaren ein annan veg, parat.

Som sagt, dikta er rørlege, dei byter utseiingsposisjon, snart er dei her, snart der ute i verda, blant dyra, vekstane og tinga. Dei tek ofte utgangspunkt i synet, augo. Dei er inni augo, følgjer pupillen til bakom synet, inn i hjernen: «Driver syrener fram / Genom förträngningarna / i hjärnan». Og kvikt er dikta der ute i verda, forfølgjer det som finst der, med eit ønskje om å trengje inn og verte som tinga, trea, dyra eller fuglane «j a g   v i l l   o c k s å / v a r a   d u v a». Eller dei kan uttrykkje eit ønskje om å vere utanfor den menneskelege merksemda, å nyte fridomen i det å vere utydbar, slik det heiter i ein annan sekvens i same diktet    «j a g   v i l l / o c k s å   v a r a / o k ä n d». Kan hende seier dette noko om at mennesket er sperra inne i språket, men at det finst grader av empatisk vilje til å skride over, til eksistensformer og veremåtar som ikkje er representerte eller uttømde i språket.

HEILE TIDA VERT lesaren førd mot, eller vert ståande på grensa til, ein radikalt annan tenkje-, syns- og sjåarmåte. Dikta bøyer seg mot noko, dei er i overgangar, balanserande mellom det synlege og usynlege, mellom det svarte og det kvite, lyset og mørke, det levande og det døde. Poeten gjev eit metaforisk bod på korleis noko forsvinn eller vert oppløyst i diktet «SYNEN»: «upplöst som anklarna i hälen rent», og det er ei liknande forsvinning på spel med knivbladet som forsvinner inn i skjeftet. Altså er det ingen markert sluttlinje, men ein slags gradvis blending eller opplysning. Synsfeltet fangar altså ikkje alt som finst.

Og så, korleis er det når ein er inni noko, i staden for utanfor, slik betraktaren er, når ein går opp i noko, har tapt fortrulegheita med dei omgrepa ein brukar ovanfor den ytre tingen: «när man inte kan känna längden utsträckningen / inne i längden». Det er slike språklege og kategoriske oppløysningar Ann Jäderlund festar seg ved, ikkje på ein abstrakt måte, fordi dei er kopla til den menneskelege erfaringsforma, til det å «känna». I tillegg er dikta kopla til andre moglege erfaringsformer. Dei tangerer omgjevnadene, dyra og treas moglege sjølvstendigheit og medvit. Område, som ikkje kan gripast av det menneskelege språket, eller område som menneske har herska over og difor nekta subjektsform, kjem til orde.

EI SPESIELL VISJONÆR dikting, på mikronivå, tek form i djupa / kärlek/ ingen. I diktboka kryr det av augo, av speglar, av lys, av det sette, kort sagt, av undersøkingar av synet. Visjonane, slik dei er skrivne fram i poesitradisjonen, som til dømes hos William Blake, er ofte rykka laus frå denne verda, kapsla inn i det imaginære, i ei religiøs openberring, flytta til framtida, til noko som skal kome. Medan Jäderlunds visjonære dikt er djupt rota i eit nærvere her og no, i den fysiske etterrøkinga av synet og sjåinga. Iblant er det som ho skriv fram ei sjåingas fenomenologi, der dikta er trekt mot grensene for det synlege, mot synets føresetnadar, mot det fysiske. Og der blikket er trekt mot grensene av det som kan sjåast. Slik «EN NARKISSOSDIKT» gjennom ein besettande rytme både let den sjåande og speglande få drikke av vatnet og der vatnet også får røre og ta imot andletet, slik at denne sjåinga ikkje fører til avmagring og død, men til eit fysisk møte, til ei føregriping som også grip. Slik også diktets klangar og rytmar ikkje er cerebrale, men nettopp svingar med kroppens intensitet.

djupa / kärlek ingen av Ann Jäderlund er ei omfattande diktbok som kombinerer fleire stilleier og som skriv fram forunderlege, draumeliknande tilstandar og bilete ein poesikritikk ikkje kan uttømme. Ein lesar kan velje å gjere innslag mange stader. Her finst dikt som tek utgangspunkt i ein Polanski-film, og her er dikt til den svenske forfattaren Stina Aronson. Ein kan undre, nyte og glede seg over alt lyset som spreier seg over boksidene, gjennom den svarte skrifta, over alt det kvite: Boka har eit bein-, eller kremkvitt omslag. Diktet «SYNEN» nemner ei rekkje av kvite nyansar som neppe er uttømd her: «Ofeliavitt», «rhesusvitt», «bländvitt», «brosk», «kokkosvitt», «katusvitt», «kolvitt» «serumvitt», «pappersvitt». Men også det kvite slår om, fordi pupillen, som etymologisk tydar liten pike, blendar lyset. Og skrifta som alt lyset og det kvite kjem fram i, er svart som natta.

Sindre Ekrheim, Bergen, 18.07.2016

(sindre.ekrheim@humbaba.no)