Først meg sjølv og så meg sjølv

:poesikritikk


DIKT

Dan Andersen

Flaggtale

Tiden


Flaggtale av Dan Andersen gestaltar språket og universet til den norske middelklassemannen. Diktsamlinga dokumenterer det tilsynelatande alminnelege språket, den vanlege argumentasjonen, også kalla mellomstil, som denne representanten ustyrer seg med. Det er fylt av indre motsetnadar og ber med seg ubehageleg tanke- og handlingsgods.

Talen i Flaggtale vender seg i byrjinga til flagget. Flagget er konkret betrakta eit tekstil med mønstre og fargar; symbolsk står det for ein territorielt avgrensa identitetsskapande fellesskap av historie, språk og arbeid: Nasjonen. I opningsdiktet kjem eg-et med ei rekkje eidar og lovnadar, i ein struktur som kjem att og vert variert utover i samlinga:

Jeg sverger min troskap til flagget
Jeg sverger på det norske flagget
Jeg sverger min troskap til flaggets farger, og dermed
sverger jeg til det gode
Jeg sverger til det røde og dermed på mitt eget blod
Jeg sverger til det hvite og dermed på min egen sjel
Jeg sverger til det blå og dermed på havet og alle våre verdier

Frå Flaggtale, Dan Andersen

Flagget som tradisjonelt har stått for fellesskapen og nasjonen, vert her nærmast forvandla til eit merke for eg-et: «mitt eget blod», «min egen sjel». Det handlar ikkje for eg-et om å gå opp i nasjonen eller i flagget, det er tvert om flagget som går opp i eg-et- Kanskje er eg-et så stort og fullt av sjølvtillit at det talar på vegne av andre, at det rommar eit me?

Tekstbindinga, overgangen og logikken er grumset, utydeleg og svak her og elles i samlinga. Kva indre samanheng finst det mellom «flaggets farger» og «det gode»? Dette vert berre slått fast, som om det eine følgde av det andre, for slik å halde ei sprikande røyndomsforståing saman. Taleføraren i Flaggtale fører ein sjølvavslørande tale, ein tale som etterkvart utleverer og avdekkjer indre motsetnadar, mot eg-ets ønskjer og vilje.

På 128 sider og over åtte bolkar får vi vekselvis blikk på middelklassemannens kjærleik, familie, fritidsaktivitetar, og sjølvsagt tek arbeidet og yrkeslivet ein stor plass som det høver seg for ein rik, god og tolerant middelklassemann i Noreg anno 2016. I den sjølvfornøgde sjølvmeldinga fortel han korleis han har slite, men skaffa seg større hus, og skjenka kona bilar i gåve. Dikta er ordhage, nok eit vitnemål om at eg-et har stor sjølvtillit og elskar å heve seg fram, høyre seg sjølv tale.

Kva tale er dette? Ein tale kan vere ein rituell handling, ein formel for å vedlikehalde status quo. Eller talen kan stifte orden, eller verne ein truga orden (beredskapstale). Og korleis er talens tilhøve til handlinga? Sverjinga er òg ein såkalla talehandling, der sjølve ytringa fullbyrdar handlinga det vert snakka om.

Kva har motivert flaggtalen? Alt på side 3 kjem varselet om at velstandsidyllen er truga frå utsida og frå innsida, av imaginære førestillingar og fiendebilete: «Vi forteller hverandre om ulver i utkanten,/ men den som skal komme er midt iblant oss». Fryktførestellingar tek stor plass i diktsamlinga. Bolken som heiter «Framtidshåp» inneheld til dømes ein relativt stor katalog over redslar og moglege ulykker familien og ungane kan råkast av. I tillegg kjem den generelle terrorfrykta, krigens nærvære. Det skjer også ei utvikling, frå ein vald som ligg i kim alt frå første setning, til at valden vert openberr i bolken som ber tittelen «Nasjonens grunnlegging. En betenkning» der ein kan finne utsegner som dette: «Jeg sier ikke at jeg gleder meg til apokalypsen / men faen, det skal bli godt å få rydda opp litt her».

Grunnane eg-et, taleføraren, har for å halde flaggtalen er ikkje den same som forfattaren Dan Andersen har for å skrive boka Flaggtale. Eg-et er styrt av eit ønskje om å vedlikehalde ein samfunnsstruktur som er truga. Dan Andersen er, sjølv om meldaren sjølvsagt ikkje kan vite noko sikkert om det, på si side, driven av eit ønske om å dokumentere ein medvitstype, ein tenkjemåte og ein talehandlingsmåte som, kan hende, bidreg til å undergrave dei strukturane eg-et trur han held oppe. I båe tilfella er Flaggtale ein beredskapstale.

Dan Andersen leverer eit slags råstoff i denne boka, som bed om vidare analyse, noko eg-et, på si side, aktivt motsett seg:

Hvis filosofene bare holdt seg unna realpolitikk
Hvis vi bare kunne droppe den retoriske analysen
Hvis vi bare kunne få rom til å handle
Journalistfrie en måneds tid
[…] Å få virke
i en velstand uten grenser   Bare en grenseløs, indre
landsoppbyggende ro

(Frå Flaggtale, s. 13)

Talen bed nærmast om ein nærmare politisk-retorisk analyse, ei matrise der vi kan skjøne dette språket. Den analysen vil vere rammande for den politiske stoda i Noreg. Middelklassemannen står fram som tolerant, men berre i form av ein type undertrykkande toleranse der han delvis maktar å skjule aggresjonsimpulsane. Me kjenner også tilsvarande mekanismar i den norske styringselitens språkoperasjonar når dei går til krig, til dømes mot Libya. Styringseliten framstiller krigen som fredsarbeid, og dermed fjernar dei og harmoniserer dei dei aktuelle motsetnadane, dei tolkar dei altså om. Utsegna reflekterer inn opposisjonen i sin handlingsmotivasjon, utan omsyn til om utsegna då vert sann eller falsk.

I bolken «Nasjonens grunnlegging. En betenkning», står det at «I dag/ er utopien den totale undergangen». I mangel av definerte fiendar er den ubestemmelege frykta lammande, men frykta er også ein måte å legitimere ei styringsform på. Når politikken er tom, då administrerer styringseliten. Tilgjengelege utopiar har forsvunne, fordi dei meir og meir vert stempla som urealistiske. Som ein veit, er det berre det eksisterande som er realistisk ifølgje denne tenkjemåten. Men med denne tenkinga kjem ein seg ikkje utover det føreliggjande, og har dermed underkjent demokratiet og politikken. Det ein står att med, er administrasjonen. På ei anna side overlét ein stadig nye politikkområde til marknaden og unndreg slik fleire og fleire område frå politisk og demokratisk kontroll. Einaste politikken står att å handsame, er frykta for undergangen, trugsmåla frå indre og ytre fiendar. Det er denne fortvilande stoda Flaggtale står i.

Middelklassemannen seier rett ut at han kjenner seg betre enn andre, samstundes påstår han at «flagget blafrer for alle». Han er prinsipplaus, på den måten Fyrsten til Machiavelli er det. Han vil nok heilt sikkert forsvare den offentlege skulen, men samstundes sende ungane sine på privatskule. Han gjer det i redsle for at hans ungar skal gå glipp av eit fortrinn, og utfrå eit skinargument om at han gjer dette for barnets beste. Djupast er det berre ledd i sjølvspeglinga og egobygginga. Det er òg eklatant uttrykk for at han kjenner seg mykje betre enn andre (og at han i alle fall har økonomi nok til å kjenne seg betre). Og då treng han det offentlege skuleverket, ikkje for at hans ungar skal gå der, men for at ungane hans og han sjølv skal skine, i lys av dei elendige som må ta til takke med den offentlege skulen.

Den politiske diktinga i Noreg har vorte forsynt med eit anna verk i ein annan sjanger våren 2016, Kjartan Fløgstads essaybok Etter i saumane. Essaya set samla sett middelklassen, især elitane, i eit grelt lys. Boka kjempar om tolkinga av historia i det 20. hundreåret, særleg forståinga av kommunismen og nazismen, som Fløgstad held fram er to svært ulike rørsler. Fløgstad let dei materielle tilhøva og politiske åskodingane spele seg ut i kultursfæren. Han set mellom anna kunstmusikken opp mot populære former. Indirekte leverer òg Fløgstad ein ramande, ubehageleg samtidspolitisk diagnose. Boka falt mange journalistar, representantar for kommentariatet og litteraturkritikarar tungt for brystet, naturlegvis fordi Fløgstads essays rammar dei midt i middelklassehjarta. Middelklassehjarta er heilt og udelt. Eit slikt heilt middelklassehjarte er grunnleggjande uvitskapleg. Det medisinske hjartet er, derimot, delt og splitta i eit høgre og eit venstre hjartekammer.

Kritikaren Tom Egil Hverven skreiv i Klassekampen 9. april 2016 om Etter i saumane, og om si eiga oppveksterfaring, med utgangspunkt i Fløgstad-sitatet «Forfattarar gjer som kjent erfaringar til dei er tjue, og observasjonar etterpå». Hverven deler ikkje dei same oppveksterfaringane som Fløgstad, og reknar det som hovudårsak til at han ikkje kunne følgje Fløgstad i eitt og alt, som når Fløgstad i ein tekst set Walter Benjamins filosofi og Robert Johnsons blues mot kvarandre, og der Robert Johnson tilsynelatande ser ut til å gå av med sigeren.

For den som er vaksen opp i arbeidarklassen vil erfaringa av at det finst konkurrerande verder og verdsåskodingar, som også feller seg ned i ulike kulturelle preferansar, ulike verdihierarki, vere ei fundamentalerfaring. Middelklassens barn som kjem til ein skule som stort sett forvaltar eksakt dei verdiane og åskodingane dei hadde heimanfrå, erfarer ikkje denne avgrunnen i verda. Alt er så sjølvsagt for dei at dei ikkje har medvit om at dei ber på ei åskoding ein gong, det er realitetar. Dei kjenner seg reelt heime stort sett overalt, ofte på ein så ureflektert måte at dei ikkje eingong erkjenner at verda kan stå fram som splitta for nokon, at andre kan ha hatt heilt andre erfaringar. Og om dei gjer det, ser dei ned på den andre si framande erfaring som spuriøs og ugyldig. Men denne splittinga, og den følgjande erfaringa av ho, som arbeidarklassens barn opplever, har eit objektivt og materielt korrelat og opphav i produktivkreftenes organisering.

Taleføraren i Flaggtale demonstrerer at språket ikkje lenger held tritt med sanninga og røynda. Språket i Flaggtale er flatt og hólt, alltid på overflata, og noko av det største problemet, som gjer at talen vert verande på overflata, er at den vantar ein sanseleg dimensjon, kontakt med dei konkrete og materielle tilhøva, kroppen og verda. Erfaringane.

Sjølv om Flaggtale nærmast dokumenterer, og i alle fall speglar, eit gjengs språk, og så å seie brettar det ut framføre oss i all si udelikate og hole klang, og slik gjev oss moglegheita å sjå kor usant, sjølvmotseiande og regressivt det er og kor nær valden det står, opplever eg at Flaggtale – som dikt betrakta – ikkje heilt maktar å overtyde. Meldaren må kanskje orsakast med at han har forlest seg på lyrikk. Men det som i utgangspunktet, orsak uttrykket, er eit mildt sagt utruleg keisamt språk, blir like keisamt når det faldar seg ut framføre lesaren i ei diktbok. Ein forfattarintendert og vel gjennomført mellomstil syner mekanismane som skjuler den potensielle faren og valden i dei språklege strategiane til middelklassemannen. Iblant undrar eg på om dette språket vert enda meir keisamt nett fordi det no står i ei diktsamling? At språket manglar konkresjonar, ei sanseleg side, kan ein ikkje klage diktboka for, for det er eit hovudsærdrag ved taleførarens språk (og at det sanselege er undertrykt, er kanskje det som gjer han valdeleg tilbøyeleg). Vel her finst òg formuleringar som triggar og får ein til å tenke, rytmiske sekvensar som riv i ein, og det skal i sanning seiast at politisk dikting er utruleg vanskeleg å få til. Dan Andersen har uansett gjort eit viktig kritisk språkarbeid. Når Dan Andersen held språkspegelen opp for oss, er dei refleksjonane som syner seg svært ubehagelege å sjå. For ein ser konturane av seg sjølv.

Sindre Ekrheim, 9.6.2016