Naturtap og klimasorg

Kristin Bergets nyaste diktbok er ei poetisk undersøking og gjennomtenking av naturtapet eller klimasorga. Her møtest det heilage og profane, idyllen og katastrofen, ritualet og kvardagen, namnet og kroppen. Å reflektere over korleis klimasorga ter seg er ikkje uvesentleg, for korleis ein handterer den sorga bestemmer forholdet til naturen og korleis ein møter naturøydeleggingane. Les kritikken av Våre sår i hogstflaten / rense overgi blanke trær / blomstre opp i dødsraten / hvisk navnet / ut her av Kristin Berget her.

Ei syngjande gjendikting

Det eksisterer ein rik norsk gjendiktingstradisjon når det gjeld Robert Burns. Den strekkjer seg frå Henrik Wergelands til Johannes Gjerdåkers gjendiktingar. Peter Fjågesunds gjendiktingsprosjekt er kan hende meir radikalt fordi det freistar å skrive Burns inn i det språket mykje av den norske folkelivslitteraturen vert oppskriven i, nemleg målet frå Vest-Telemark. Les kritikken av Songar og dikt på telemål av Robert Burns og gjendikta av Peter Fjågesund her.