Naturtap og klimasorg

Kristin Bergets nyaste diktbok er ei poetisk undersøking og gjennomtenking av naturtapet eller klimasorga. Her møtest det heilage og profane, idyllen og katastrofen, ritualet og kvardagen, namnet og kroppen. Å reflektere over korleis klimasorga ter seg er ikkje uvesentleg, for korleis ein handterer den sorga bestemmer forholdet til naturen og korleis ein møter naturøydeleggingane. Les kritikken av Våre sår i hogstflaten / rense overgi blanke trær / blomstre opp i dødsraten / hvisk navnet / ut her av Kristin Berget her.

Gapet er ei opning

He Dong bur i Noreg og skriv dikt på kinesisk. Meir enn ei gjendikting eller ei omsetjing handlar uttrykket i Måneglass om å bruke tospråklegheita aktivt i ein poetisk samanheng. DGapet mellom dei to språksystema vert gjort synleg slik at forholdet trer inn som ein ekstra grafisk-litterær storleik i diktinga, anten ein kan kinesisk eller ikkje. Les kritikken av He Dongs diktbok Måneglass her.

Ei syngjande gjendikting

Det eksisterer ein rik norsk gjendiktingstradisjon når det gjeld Robert Burns. Den strekkjer seg frå Henrik Wergelands til Johannes Gjerdåkers gjendiktingar. Peter Fjågesunds gjendiktingsprosjekt er kan hende meir radikalt fordi det freistar å skrive Burns inn i det språket mykje av den norske folkelivslitteraturen vert oppskriven i, nemleg målet frå Vest-Telemark. Les kritikken av Songar og dikt på telemål av Robert Burns og gjendikta av Peter Fjågesund her.

Frå spegel til spegel

I Barbar av Morten Langeland vrir og vrengjer forfattaren på sjølvframstillingas tendensar. Sjølvframstillinga i Barbar nærmar seg det parodiske. Tekstane er overdrivne aktuelle og farga av det samtidige: Pandemien er innskriven, og i språket figurerer oppdatert slang – og teknologisk og populærkulturell referansemani blandar seg med tidstypiske livsstilmarkørar. Les kritikken av Barbar av Morten Langeland her.

Årets beste diktbøker 2020

Berre sekundet tel den store samanhengen. Heldigvis finst uendeleg med år og tid og byrjingar og sluttar inni eitt vanleg år, slik det finst enda meir stein inni ein stein. Poesiåret 2020 har definitivt si eiga tidsrekning. Dagane og dikta kom som dei ville. Humbaba har freista å lyfte fram nokre fine poesibøker frå 2020 – bøker som gjer at året ikkje nødvendigvis byrjar eller sluttar der kalenderen gjer. Les om Årets beste diktbøker 2020 her.