På same vis som celledelinga er sentralt voksterprinsipp, er den nye diktboka til Marte Huke gjennomsyra av ei dobling, ei spalting – som heile tida overlappar kvarandre. Huke har med diktboka Du er et levende sted skrive ei av årets betre diktbøker. Les kritikken av Du er et levende sted av Marte Huke her.
Vandring i skogen
Diktboka til den kinesisk-amerikanske poeten Mei-mei Berssenbrugge kan ein sjå på som ein langsam mediterande og oppmerksam vandring i skogen, jamvel om det finst éin avstikkar til den urbane moteverda. Her møter ein lauvfroskar, roser, fjell og dammar, altså ein rik flora og fauna. Les kritikken av Hallo, rosene av Mei-mei Berssenbrugge her.
Mot det moglege
I dikta til debutanten Erlend Skjetne vert element som natur og segner veva saman og inn i forholdet mellom to menneske. Dei to bur ein stad omgjeven av natur, langt nord i landet. Det er særleg gjennom dei suggestive naturbileta at dikta reflekterer forholdet til det andre mennesket og til seg sjølv. Les kritikken av Skare av Erlend Skjetne her.
Elegisk kraft
Det handlar om mennesket og politikken. Om venleiken, kjærleiken og tidas ubønhøyrlege gang i dikboka Innom av Stig Homås. Om det finst eit konstant trekk i lyrikken til Holmås, må det vere at poeten alltid plasserer mennesket i forhold til noko som er større enn individet. Les kritikken av Innom av Stig Holmås her.
Klang av sol og nærleik
Vemund Solheim Ådland skriv ein heilt særeigen, konsekvent poesi. Få samtidspoetar kan liknast med han, men han liknar på seg sjølv, også i årets bok, Årsol. Les meldinga av Årsol av Vemund Solheim Ådland her.
Fødselen lyser opp verda
Morten Wintervolds diktbok Byen, byen, babyen har ein tydeleg fødselshorisont, men dikta traskar altså ikkje berre rundt i det aller næraste, men tek inn verda, på godt og vondt. Les meldinga av Byen, byen, babyen av Morten Wintervold her.