Klang av sol og nærleik

:poesikritikk


DIKT

Vemund Solheim Ådland

Årsol

Kolon forlag 2019


Av Sindre Ekrheim  |   sindre.ekrheim@humbaba.no


Ei sterk og underleg diktbok

Vemund Solheim Ådland skriv ein heilt særeigen, konsekvent poesi. Få samtidspoetar kan liknast med han, men han liknar på seg sjølv, også i årets bok, Årsol.

I Årsol let det seg gjere å utskilje nokre tematiske trådar. Men det som først av alt slår ein, er lyden, korleis eit fascinerande litterært univers vert skapt ved at dikta undersøkjer språklydanes kombinatorikk og følgjer ordklanganes og rytmanes indre logikk. Ein møter nyord og overraskande ordsamansetningar som «øregry», «solråte», «tannfrø», «hudtruse». Enkeltord og ordsegment står fram, men syner framfor alt at ordlydar reagerer med andre ord, opnar seg, forvandlar seg og veks: «Os, ros. Rosa, sjenert smerteråte. / Sky jentehånd – løvfitte. / Øyegry. // Øregry».

Ein fornemmar at dikta går tett på. Dei sirklar kring det konkrete, kroppen, kroppsfunksjonar, mat, nærleik og forhold til andre menneske, til mor og jenta, på godt og vondt. Sjølv om søkjelyset tilsynelatande ligg på lydane, er det ikkje slik at dikta berre er nonsens og klingklang. Saken er ikkje alltid å begripe dikta, men å gripe dei, å ta dei inn som meditasjonar som orienterer assosiasjonane på nye måtar. Klangane styrer nok i hovudsak dette ballet, men dei bidreg òg til å skape sterke, suggestive bilete.

Den mellommenneskelege nærleiken som dikta tematiserer, reflekterer seg i måten Ådland skriv på, til dømes når klanglikskapar gjer at ord finn saman og muterer. Nærleiken er òg til stades i alt det sanselege, alt som høyrer til kroppen, som er så sterkt til stades i dikta.

Det handlar om grenser, mellom orda, og korleis orda stig utover desse grensene. Dikta kan veksle mellom dei stutte, einstavingsorda som kappar lyden og formeleg snurpar seg saman om seg sjølv, og dei som dreg seg ut, i lengre, dansande stavingar, og nokre gonger forplantar seg gjennom diktet.

Som diktbok er Årsol omfattande, men dikta treng desse flatene for å vekse. Det er ikkje slik at eit nyord førekjem berre ein gong, dei vert handsama som eit motiv og inngår som meir eller mindre faste bestanddelar i det ådlanske vokabularet. I «Årsol» finn ein ei sterk, særeigen og overtydande poetisk røyst.

Bergen, 14. oktober 2019