
Dikta i Sangene og somrene av Ingvill Solberg er uhyre formmedvitne. Det er nærliggjande å tenkje på formularet når ein les dei fordi diktets skjema trer så distinkt fram. Les kritikken av Sangene og somrene av Ingvill Solberg her.
Poesi og poesikritikk
Dikta i Sangene og somrene av Ingvill Solberg er uhyre formmedvitne. Det er nærliggjande å tenkje på formularet når ein les dei fordi diktets skjema trer så distinkt fram. Les kritikken av Sangene og somrene av Ingvill Solberg her.
Tittelen Nedstyrtet poesi teiknar opp ein vertikal akse og gir signal om ein poesi som har falle, frå det himmelske til det jordiske, og som ber avstanden – fallet – i seg. Og denne avstanden vert vent og gåtefullt uttrykt i bileta til Dan Andersen: «En tynn mørk kvist / stikker ut fra himmelen / slik dørene til noen roterom / ikke lar seg lukke». Les kritikken av Nedstyrtet poesi av Dan Andersen her.
Kristin Bergets nyaste diktbok er ei poetisk undersøking og gjennomtenking av naturtapet eller klimasorga. Her møtest det heilage og profane, idyllen og katastrofen, ritualet og kvardagen, namnet og kroppen. Å reflektere over korleis klimasorga ter seg er ikkje uvesentleg, for korleis ein handterer den sorga bestemmer forholdet til naturen og korleis ein møter naturøydeleggingane. Les kritikken av Våre sår i hogstflaten / rense overgi blanke trær / blomstre opp i dødsraten / hvisk navnet / ut her av Kristin Berget her.
Staden der dikta i Søsterkranser av Kjersti Bronken Senderud er forankra, der ei rad dyre- og menneskefigurar så å seie strøymer gjennom, balanserer hårfint mellom det reelle, det draumelikande og det mytiske. Les kritikken av Søsterkranser av Kjersti Bronken Senderud her.
He Dong bur i Noreg og skriv dikt på kinesisk. Meir enn ei gjendikting eller ei omsetjing handlar uttrykket i Måneglass om å bruke tospråklegheita aktivt i ein poetisk samanheng. DGapet mellom dei to språksystema vert gjort synleg slik at forholdet trer inn som ein ekstra grafisk-litterær storleik i diktinga, anten ein kan kinesisk eller ikkje. Les kritikken av He Dongs diktbok Måneglass her.
Det eksisterer ein rik norsk gjendiktingstradisjon når det gjeld Robert Burns. Den strekkjer seg frå Henrik Wergelands til Johannes Gjerdåkers gjendiktingar. Peter Fjågesunds gjendiktingsprosjekt er kan hende meir radikalt fordi det freistar å skrive Burns inn i det språket mykje av den norske folkelivslitteraturen vert oppskriven i, nemleg målet frå Vest-Telemark. Les kritikken av Songar og dikt på telemål av Robert Burns og gjendikta av Peter Fjågesund her.
I den tiande diktboka, Livshjulet, gjer Cornelius Jakhelln opp status. Han grip mot det som ligg attom verda, mot den tidlause krafta som genererer tida og livet. Samstundes rettar dikta seg mot eit akutt her og no: Eg-et er blitt far. Den hendinga, som både representerer ei gjentaking og ei unik nyskaping, er navet i desse dikta. Les kritikken av Livshjulet av Cornelius Jakhelln her.
Fatemeh Ekhtesari er iransk poet, fødd i 1986, som kom til Lillehammer som fribyforfattar i 2017. No er det fyrste diktutvalet, Vi overlever ikke, kome på norsk, gjendikta av Nina Zandjani. I desse dikta er det ei desperat, energisk røyst som regjerer. Les kritikken av Vi overlever ikke av Fatemeh Ekhtesari her.
I Barbar av Morten Langeland vrir og vrengjer forfattaren på sjølvframstillingas tendensar. Sjølvframstillinga i Barbar nærmar seg det parodiske. Tekstane er overdrivne aktuelle og farga av det samtidige: Pandemien er innskriven, og i språket figurerer oppdatert slang – og teknologisk og populærkulturell referansemani blandar seg med tidstypiske livsstilmarkørar. Les kritikken av Barbar av Morten Langeland her.
Berre sekundet tel den store samanhengen. Heldigvis finst uendeleg med år og tid og byrjingar og sluttar inni eitt vanleg år, slik det finst enda meir stein inni ein stein. Poesiåret 2020 har definitivt si eiga tidsrekning. Dagane og dikta kom som dei ville. Humbaba har freista å lyfte fram nokre fine poesibøker frå 2020 – bøker som gjer at året ikkje nødvendigvis byrjar eller sluttar der kalenderen gjer. Les om Årets beste diktbøker 2020 her.