Gå vidare til hovudinnhaldet
Humbaba

Humbaba

Poesi og poesikritikk

Rull ned til innhaldet

Innlegg

Lagt ut 22. september 20164. november 2018

Skriftas kontraksjon og ekspansjon

Det som imponerer med Henning H. Bergsvågs dikt, i tillegg til at han skriv fram overraskande setningar, er den gjennomførte komposisjonen. Les kritikken av Du er ikke her av Henning H. Bergsvåg her.

Lagt ut 15. september 20164. november 2018

Når éi verd går under, kan ei anna oppstå

Det manglar korkje på overraskande bilete, tenking og erkjenning i dei reinskorne, stille dikta til Casper André Lugg. Les kritikken av Nymånedagene av Casper André Lugg her.

Lagt ut 8. september 20164. november 2018

Den utsette kroppen

Ylva Ambrosia Wærenskjold skriv prosaisk, hardt og omsynslaust ærleg. I botn av dikta ligg eit barneverndsokument som det vaksne eg-et forheld seg til. Les kritikken av Syv somre og femten vintre av Ylva Ambrosia Wærenskjold. 

Lagt ut 31. august 20164. november 2018

Eit fall for synene

Gyđrid Elísassons er ein fablande realistisk poet. Grensene mellom draum og røyndom kan ikkje skiljast skarpt og den rådande orden vert skipla. Les kritikken av Gyđrid Elísassons Dikt i utval (1983–2012) her.

Lagt ut 25. august 20164. november 2018

Kontant, fortvilande klårsyn frå Guddal

Det er sjeldan at nærmast alle dikta i ei diktbok held same høge litterære og sitatvenlege nivå. Det er tilfellet med Anne Helene Guddals andre diktbok, Døden og andre tiggere. Les kritikken av Døden og andre tiggere av Anne Helene Guddal her.

Lagt ut 18. august 20164. november 2018

Poetisk pragmatikk

Det poetiske nivået i Alt skal skinne og blø av Sandra Lillebø uttrykkjer innsikter om språk og makt, (kjønns)roller og usynleggjering. Det er nett når ein kjem til dette med usynleggjeringa at Sandra Lillebø gjer lure ting som diktar. Les kritikken av Alt skal skinne og blø av Sandra Lillebø her.

Lagt ut 11. august 20164. november 2018

Nihilistisk novellekunst

Novellene i Jeg er broren til XX av Fleur Jaeggy faldar ut store kontrastar. Ved å kombinerer ein emosjonelt flat og effektiv stil med opprørande innhald, tiltrekkjer og fråstøyter desse novellene. Les kritikken av Jeg er broren til XX av Fleur Jaeggy her.

Lagt ut 5. august 20164. november 2018

Alt som er under sola

Når poeten Kjartan Hatløy i prosasamlinga Den Kvite vegen i ein augneblink fastheld dei aller minste tinga, vert dei til eit prisme for kosmos. Les kritikken av Den kvite vegen. Stemningar frå Salbu av Kjartan Hatløy her.

Lagt ut 28. juli 20164. november 2018

Når stilla skjuler ein krokodille

Appelsinane eksploderer, songlerkenes augo vert forvandla til eit blodbad og stjernene rotnar på himmelen. Den japanske poeten Ayane Kawata korrigerer i Tid av himmel oppfatninga av austleg dikting som berre ein kontemplativ, tilbaketrekt aktivitet. Les kritikken av Tid av himmel av Ayane Kawata her. 

Lagt ut 22. juli 20164. november 2018

Rykte om verda

Lugten af sne av den danske poeten Pia Tafdrup er vorte til ein katalog over dei behagande duftene, men også, i alle fall i nokon mon, over stanken, urinen, det skitne. Her er dikt om tomatar, om urinering, om lukta frå ein kjær person som vekker forventing. Les kritikken av Lugten af sne av Pia Tafdrup her.

Innleggsnavigasjon

Førre side Side 1 … Side 15 Side 16 Side 17 Neste side

Nye innlegg

  • Monumentalt og lågmælt
  • Temperert
  • Livsreise og måneferd
  • Kjøtetande dikt
  • Sorgformular

Nye kommentarar

    Arkiv

    • april 2021
    • mars 2021
    • februar 2021
    • januar 2021
    • desember 2020
    • november 2020
    • oktober 2020
    • september 2020
    • august 2020
    • februar 2020
    • januar 2020
    • desember 2019
    • november 2019
    • oktober 2019
    • februar 2019
    • januar 2019
    • desember 2018
    • november 2018
    • oktober 2018
    • august 2018
    • mai 2018
    • april 2018
    • mars 2018
    • februar 2018
    • januar 2018
    • desember 2017
    • november 2017
    • oktober 2017
    • september 2017
    • august 2017
    • juli 2017
    • juni 2017
    • mai 2017
    • april 2017
    • mars 2017
    • februar 2017
    • januar 2017
    • desember 2016
    • november 2016
    • oktober 2016
    • september 2016
    • august 2016
    • juli 2016
    • juni 2016

    Kategoriar

    • Poesikritikk

    Bakom

    • Logg inn
    • Innleggstraum
    • Kommentarstraum
    • WordPress.org
    Stolt over å køyra WordPress