Aktivistisk kjærleikssong. Poesi som motstand

:poesikritikk


DIKT

Juliana Spahr

Den vinteren kom ulven

Gjendikta av Paal Bjelke Andersen

Audiatur, 2016


Den amerikanske poeten Juliana Spahr har vore gjendikta til norsk tidlegare, i 2008, med diktdagboka Alle med lunger kopla saman. I den boka vev Spahr det personlege saman med det politiske. I nokon grad gjer Spahr også dette i denne samlinga, men kanskje er det personlege i ferd med å gå opp i den fysiske fellesskapen som dei som demonstrerer har funne saman i, slik som i Occupy-rørsla. Poesien og motstandskampen mot den økologiske og økonomisk tilstanden i verda glir meir og meir over i kvarandre hos Juliana Sparh. Den vinteren kom ulven er og kan lesast som poesi, det vil seie at ein les boka som å lekamleggjere ein type motstand og opprør.

Dikta i Den vinteren kom ulven kan delast i to typar. Den eine handlar om kjærleiken til motstanden, især til dei fysisk-kroppslege fellesskapane som oppstår under demonstrasjonar og konfrontasjonar ute på gatene. Den andre dreiar seg om den økologiske krisa. Dei dikta som skildrar fellesskapen i opprøret mot den globale kapitalismen, er sett opp som prosa, dei som skildrar den økologiske tilstanden, mellom anna Deepwater Horizon-katastrofen i 2010, er sett opp som dikt.

Når ein les kjærleikssongane til motstanden, består dei, slik som teksten «Brent-råolje», ikkje av revolusjonsromantikk, men av ei skildring av motstanden sett ifrå dei forsamla kroppane sin synsstad. Det er ikkje parolane som dominerer i teksten, men snarare korleis det er å vere saman med folk i denne opprørsramma, nærmast som ein del av ein stor organisme. Tekstane er noko utflytande, sjølv om fokuset er tydeleg. Det er som om desse tekstane, som fyller heile sidene, sjølv antek forma til demonstrasjonen som rører seg gjennom gatene, frå innsida av demonstrasjonen.

Kroppen min er ubemerkelsesverdig, overhodet ikke enestående, mens jeg går bort for å slutte meg til disse andre kroppene og den forblir ubemerkelsesverdig, overhodet ikke enestående, mens den går sammen med andre, svinger ut på gata når andre gjør det, vanligvis etter at noen roper blokkér blokkér inn i en megafon. Så går vi sammen og likevel ujvent ut på gata, mørkkledde fordi facebook-invitasjonen sa vi skulle ha på oss svart, i små grupper, noen raskere, noen langsommere, noen hånd i hånd, noen på sykler, noen med stokk, noen ganger noen i rullestol. Det er alltid en megafon i front. Og så et sekund senere går noen, vanligvis på sykkel, ut til siden og blokkerer trafikken til vi er over gatekrysset. Denne personen rolig, smilende.

(Brent-råolje, Den vinteren kom ulven, Juliana Spahr)

Det seks sider lange diktet om Deepwater Horizon-ulykka, «Dynamisk posisjonering», er ein suggererande dikttekst. Gradvis vert katastrofen skildra med søkjelyset retta mot dei tekniske prosessane som føregår på plattforma, før plattforma byrjar å brenne etter ein eksplosjon 20. april 2010. Deepwater Horizon var ein halvt søkkbar rigg utan forankringsmoglegheiter, levert av Kongsberg Maritime.

Står i ro, stabilt, i den alltid urolige sjøen.
Så er det et boreslam som pumpes

Gjennom borestrengen og ut gjennom
Borekrona, deretter opp gjennom

Fôringsrøret tilbake til riggen
I rommet mellom strengen og røret.

Det er en boresikringsventil, en
Serie kammere som forsegler

Overtrykket hvis brønnhodet skulle
Sparke, så blåse ut. Det er alle

(Dynamisk posisjonering, Den vinteren kom ulven, Juliana Spahr)

At eit leilegheitsdikt om ei svært alvorleg plattformulykke som fekk store økologiske konsekvensar, er vent og stimulerande, trass i alle dei tekniske spesifikasjonane diktet paraderer med, kan verke underleg, om ein tenkjer på kva funksjon diktet skal ha. Eg antek at diktet agiterer for at slike hendingar ikkje må skje igjen. Det står rett nok ikkje eksplisitt i diktet, bortsett frå at namna på dei som døde er innskrivne mot slutten av diktet, og slik sett får diktet til å fungere som ei minnetavle. Diktet syner ein ubendig vilje til å skjøne kva som skjedde, til å gå inn i dei tekniske innrettingane, inn i det språket som likevel bar på katastrofen.

Borerøret øker konstant. Pumpe
Nummer to starter. Trykket stiger brått.

Så stenges pumpe to, tre og fire.
Pumpe en fortsatt på. Starter så opp

Pumpe tre og fire. Trykket bygger
Seg opp, pumpe to. Stenger pumpene

Ned. Pumpe tre og fire, så pumpe
En. Borerørstrykket fluktuerer.

Stigende. Så synkende. Deretter
Stigende. Et kortvarig opphold, så

Synkende igjen. En reparasjon
Igangsettes. På et tidspunkt trenger

Hydrokarboner uoppdaget inn
I brønnbunnen og stiger inne i

Hjelpebrønnen, vokser raskt i møtet
Med det lavere trykket på over-

Flaten, slam, andre fluider, sjø-
Vann, alt sammen presset oppover

(Dynamisk posisjonering, Den vinteren kom ulven, Juliana Spahr)

Juliana Spahrs diktbok rommar altså to veldig ulike teksttypar. Båe er motstandstekstar, båe handlar om kamp mot den globale kapitalismen og den økologiske krisa. Det er på ingen måte likegyldige tekstar. Sjølv om eg nok held ein knapp på tekstane som tydeleg er dikt, prega av ei sterk rytmisk skridande og biletskapande evne, er også dei meir utflytande demonstrasjonstekstane bore av eit språk som har poetiske og litterære kvalitetar langt utover det jamne. Juliana Spahr er dessutan ein poet som ein ikkje kjem utanom viss ein skal snakke om økopoesi. Slik kan ein lese langdiktet «Hvis du var en blåfugl» som døme på ei økopoetisk motstandsverksemd, men òg på ein tekst som gjennom sitt mangfald syner kva som er truga.

Begynte med en liste.
En fugl. Langhalet skarv.
La til en fisk og en ape. Slamfisk. Hvistrupet marekatt.
La til fordi.
Fordi de seks ryggfinnene og analfinnene på slamfisken og i tillegg de
       to tennene og dessuten svømmeblæra som ligner en lunge, dekket
       to alveoler.

(Hvis du var en blåfugl, Den vinteren kom ulven, Juliana Spahr)

Sindre Ekrheim, Bergen 29.9.2016