Wardenærs ørneblikk

:poesikritikk


PROSADIKT

Torild Wardenær

Forløp

Aschehoug 2016


I dei førti dikta følgjer ein embryoet Kvint frå det vert befrukta til det vert fødd, samstundes som embryoet så å seie vert pakka inn i parallelle hendingar frå året 1951. Forteljarblikket går rett nok utover svangerskapets grenser og inkluderer både ei fortid og ei framtid.

Foreldra Ma og Pa og embryoet Kvint utfaldar seg under ein horisont av kald krig, atomprøvesprengingar og nye vitskaplege oppdagingar. Slik set Wardenær den vesle og skjøre verda i kontakt med den store og destruktive. Når dei parallelle nyhendemeldingane, som tilsynelatande ikkje har noko med embryoet å gjere, skjer seg inn i tekstane vert det skapt ein særeigen puls, nye knoppskytande samband og stor rørsle. Wardenær får oss til å oppdage kor vene orda frå vitskapleg terminologi kan klinge, i tillegg til at poeten brått klemmer til med overraskande sekvensar og bilete som set seg på tvers av den løypande tidsstraumen.

Tilhøvet mellom embryoet og forteljarposisjonen er interessant. Embryoet er ikkje del av allmennhistoria fordi det ikkje har trådd inn i verda. Og forteljarinstansen skyv seg or historia og står ein stad utanfor og betraktar alt. Dette kjenneteiknar det wardenærske ørneblikket, som er prega av eit suverent sveip som famnar og lyftar verda og tinga fram, slik som her: «Så begynner alt å stige, de døde sjeler, fregattfuglene og morgenstjernen. Over Island stiger gassballongene til himmels, slik de gjør hvert år på nasjonaldagen, og under dem, mellom den eurasiske og nordamerikanske jordskorpeplaten utvider revnen seg noen millimeter, som forventet, og det er snart midtsommer, og Kvint kan skille mellom lys og mørke.»

Det er kanskje tilfeldig at både Knausgårds årtidssyklus, Espedals Året og Åsbrinks dokumentarbok 1947 nyttar året for å strukturere tekstane sine. På dette viset låner litteraturen verdas form, skriv seg inn i ho og opnar for at verda igjen kan skrivast inn i litteraturen. Kanskje er det ein litterær tendens, men eg oppfattar at Wardenær har eit anna siktemål enn berre å levere vidare bilete av røynda. Gjennom sin metode skapar Wardenær snarare nye kaleidoskopiske utsyn som fangar lesaren.

Sindre Ekrheim. Bergen

(sindre.ekrheim@humbaba.no)

Teksten har vore trykt i Dag og Tid 7. oktober 2016.