:poesikritikk
DIKT
Mahvash Sabet
Fengselsdikt
Gjendikta frå engelsk av Arne Ruste
Bokvennen 2017
Høvet som ligg attom og motiverer dikta i Fengselsdikt, er fengselsopphaldet til forfattaren, Mahvash Sabet. Sabet, som er knytt til bahái-rørsla i Iran, vart på spinkelt grunnlag dømt til 20 års fengsel i 2010. Ho har skrive dikta på lappar og dasspapir som vart smugla or fengselet i Iran. Fengselsdikt, nennsamt og klokt omsett av lyrikaren Arne Ruste, er høvesdikt som dokumenterer ein hard og umåteleg brutal fengselskvardag. I tillegg til å romme dokumentariske kvalitetar, representerer dikta også ein type politisk og kjempande frigjeringslitteratur, med den forskjell at verdsfjern utopi er bytta ut med ønsket om å gjenetablere den fredelege normalkvardagen som Sabet dyrkar, vernar om og lengtar etter, for seg sjølv og andre.
I dei fem bolkane vil ein sjå at det forutan eigen situasjon (i bolken «Fengselsdagbok»), òg handlar om medfangar («Fengselsportretter»), dagleglivet i fengselet og draumen om livet utanfor. Utganspunktet for dikta er at diktar-eget er i ein situasjon som er ufrivillig og tvunge på det. Difor augnar lesaren at eit skarpt skilje trer inn i dikttekstane, det er nett som om fengselsmuren oppstår i dikta og i skrifta, som noko som strukturerer og deler språkbileta og verda i to. På den eine sida fengselslivets håpløyse og desperasjon, på den andre sida håpet og lengta.
Det ein observerer på skriftas vegner, er at ho rører seg fritt mellom skiljet ho sjølv innstiftar. Slik kan ein lese dikta som ein figurasjon av innside, utside og passasje. Dette kan ein også kalle for talens og skriftas frie rørsle. Som igjen handlar om språkets ibuande evne til å snakke om ting som ikkje finst framføre ein, til liks med handgripelege ting ein ser. Språket gjer at ein har ein hugs, har ei framtid og ei fortid, noko som er vilkår for å erfare verda og tida. Evna til språk gjer at eit fengselsopphald i ein viss forstand er dømt til å mislukkast, iallfall om hensikta med fengselet er å få fangen til å slutte å tru på noko eller halde opp med å seie noko (men ofte er fengselets funksjon å få nokon til å teie og hindre at nokon høyrer kva som vert sagt). Sjølv når språket handlar om dei mest lukka eller intime ting, er språket ei rørsle frå ei innside og ut. Frå det indre av kroppen og ut or munnen, frå det indre av fengselet via dasspapiret og ut i offentlegheita. Språket kan, sjølv når det inkorporerer uoverstigelege barrierer, skride over dei. Det er òg difor visse typar språk verkar så trugande på makthavarane.
Innesluttet i meg selv, en varm, støvete morgen, alene ute i fengselsgården vandret jeg langs hele muren og spekulerte på meningen med isolasjon og dører, grublet på alle disse uendelige stengsler og bolter og skranker og alle meningsløse kamper og skjærmysler og kriger, og i betraktning av hvor jeg var og hvorfor mishandlingene var blitt kastet på meg, begynte jeg å undres på om disse begrensninger virkelig definerte grensene for min eksistens. «Jeg reiste meg igjen», Fengselsdikt
Språket kan nok stå imot, lindre og halde håpet oppe i ein fortvila situasjon med mental og fysisk fornedring, men det kan ikkje i seg sjølv stå imot alt eller oppheve den fysiske innesperringa, slik at dei kan få Sabet eller hennar likesinna or fengselet. Men om språket rekkjer ut over fengselsmurane og vert spreidd, kan sjølvsagt språket indirekte ha denne effekten.
Ein kan nok reagere på at biletspråket i desse dikta er nokså konvensjonelt. Det finst mange døme: «om du ytrer et eneste kjærlig ord her, / er det som når vann slukker en heftig ild.» Men det er naudsynleg å tenkje både at formspråket til Sabet er prega av iranske litterære tradisjonar og at dikta, som høvesdikt og fengselsdikt, er skrivne i og for ein bestemt og tilspissa situasjon, ein situasjon der diktarsubjektet er innesperra, altså ikkje har talens rett og vert utsett for psykisk og handgripeleg vald. Det er eit univers som står fjernt frå det ein fri vestleg borgar rører seg i. I denne situasjonen vert to aspekt viktige. Det eine er å nå ut og bli forstått. I diktet «Ensomhet», som freistar definere einsemd, vert det sagt at einsemd er «Når ingen forstår deg». Det andre som synest å vere fundamentalt for eiga verdigheit og sjølvomsorg som fengsla, er å halde fast på ein normalitet og ei verdigheit, i tankane og i språket, fordi dette er fråverande innanfor murane. Det konvensjonelle handlar altså ikkje om å søke tilflukt i noko som ein kjenner som ei naudløysning, men det er faktisk dette, det konvensjonelle, ein lengtar etter, og ofte mykje mindre enn det: «uendelighet av luft».
Nokre stadar fordoblar dikta muren. Dikta kapslar noko verdfullt inne for å bevare det, slik at det ikkje vert øydelagd. Det skjer formelt, men også i biletspråket, når poeten ser for seg at ho bur ein stad på fjellet der ho gløser ned på fengselet: «Og inne mellom bølgende bakker og skråninger / vil jeg plante deilig sjasmin og blomkarse, / og fylle huset med liljer og narsisser / og skjerme for dette syke stedet der nede.» Formelt byggjer diktaren nye murar ved at identiske første- og sisteliner rammar inn og beskyttar dei mellomliggande linene i ei strofe. Også når identiske liner vert gjentatt på slutten av strofene, lik eit refreng, er det for å halde fast i røynda og verdigheita, i det livet ho er stengd ute frå å leve. Det er kvardag sett som utopi.
Sindre Ekrheim
Bergen, 30.mars 2017
(sindre.ekrheim@humbaba.no)