Undergang og framhald

:poesikritikk


DIKT

Cornelius Jakhelln

Livshjulet

Cappelen Damm (2020)


Av SINDRE EKRHEIM | sindre.ekrheim@humbaba.no


Sprelsk og monoton

Cornelius Jakhelln skriv både prosa og dikt, er forfattar og musikar og kombiner gjerne mytar, teknologi og matematikk i eit laussloppe, oppfinnsamt og skarpsindig språkunivers. Satire kan blande seg inn, samstundes som store tankar og kjensler bryt mot kvarandre.

I den tiande diktboka, Livshjulet, gjer forfattaren opp status. Han grip mot det som ligg attom verda, mot den tidlause krafta som genererer tida og livet. Samstundes rettar dikta seg mot eit akutt her og no: Eg-et er blitt far. Den hendinga, som både representerer ei gjentaking og ei unik nyskaping, er navet i dikta. Byrjinga til dette individet involverer egets kjærleik til barnets mor, eigen oppvekst, mor og far og slekta bakover i tid.

Det nye mennesket gjer at rekkja av generasjonar og vekslinga mellom fødsel og død vert lyst opp. Hendinga vert biletlagd, variert og plassert i den store kosmiske samanhengen, men også spegla konkret av at forfattaren siterer frå sine tidlegare bøker – og at liner frå enkeltdikt opptrer fleire stader. Sjølv om poeten strekar under at «Poesien har fortsatt sekk på ryggen / Ullfrakk og utgåtte militærstøvler», har erfaringa av å bli far konsekvensar for eg-ets forhold til seg sjølv. Det ser ein av det kontrastfylte og storslegne biletet som dominerer i den fjerde og siste avdelinga: Ungen i fars armar plassert i ein barndomsheim under riving. Byrjinga og slutten bit seg sjølv i halen.

Jakhellens dikt materialiserer ikkje nett ein undrande og nysgjerrig iver, eller ein søkjande oppdagartrong. Her er alt liv frå fyrste stund nagla fast, «bundet til hjulet» og falda inn i ein nådelaus og blind lov som mennesket berre er underkasta. For dikta står det att å minne oss om dette, på messande vis. Diktet vigd vulkanen Etna summerer på fint vis den førvitskaplege, mytologiske verdshaldninga som beherskar dette diktuniverset: «Ditt bulder er et kremt etter smellet. / Du henger over byen, en slegge i det blå. // Menneskene bygger hus ved din fot. / Du bryter ut i latter, over deres overmot.»

Hovudtanken er ikkje vanskeleg å følgje og bruken av hjul-motivet er sinnrikt og variert. Ein kan nok undre seg over at fleire av dikta verkar mykje meir sprelske og humørfylte enn den underliggjande livs- og dødsmonotonien dei skal vere oppstått frå. For her finst det fleire lysande enkeltdikt, og i den siste avdelinga er det som om tanken og språket verkeleg finn saman.

Bergen, 21. januar 2021