:poesikritikk
DIKT
Aurélia Lassaque (gjendikta av Tom Lotherington)
For å la salamanderen synge
Oktober
Karakteriserer ein dikta i For å la salamanderen synge av Aurélia Lassaque som meditative, korrekt nok, erfarer ein dei som klangfulle, kanskje til og med som klangfullkomne, men kan hende stoggar opplevinga der. Denne lesemåten er sjølvsagt rimeleg og mogleg, all den tid Lassaque også iblant framfører og syng dikta til musikkakkompagnement. Men les ein noko hardare, vil andre aspekt og sjikt tre fram.
På overflata er diktsuiten merka av ein streng, nærmast austleg klårleik. Orda og ordsamanhengane kling dessutan så velkjende, urgamle og arketypiske at det verkar som om dei er formulert av eit urmedvit som etter lang tids søvn og fråvær brått slår opp augo i samtidsverda. Eit arkaisk mytologisk landskap møter samtidsverda, og omvendt. Dei to avdelingane i diktboka ber også namn frå mytologien, «Janus i brunst» og «Og la faunene danse».
Når bileta vaklar mellom eit mytologisk landskap og samtidsrøynda, er dei ofte usikker på kor dei endeleg skal plassere seg og setje foten. Det verkar som dikta rett og slett, i sluttversa, ofte trekkjer opp stigen til, og trekkjer med seg, den verda dikta nett har rissa opp. Eit dikt lyder:
Hoppene har slått ut sin man av alabast, de er fabeldyr uten frykt for himmelens blå, og i flukten tar de med seg himmelbuen. (Frå For å la salamanderen synge)
Hoppene tek med seg regnbogen, fargebrua, og stengjer dermed porten, og tek med seg nøklane til den verda hoppene entrar.
Det er slike underlege, beint fram forunderlege bilete Lassaque skapar i sitt kosmopoetiske univers. Bileta står i kontrast til gjengse diktideologiar der det er så viktig at dikta på ulike vis skal opne seg, ja for er det ikkje blomemetaforen som ligg på lur når ein snakkar om at diktet opnar seg? Så kvifor kan ikkje dikta også lukke seg, slik blomen faldar seg inn i seg sjølv om natta?
Bileta til Lassaque slår seg først ut på sidene, så vender dei seg òg vekk, lukkar seg, som om dei verna om løynde, utilgjengelege stadar og hendingar. Ein port opnar seg, i skjøre mytiske glimt, så forsvinn han; det er i denne dialektikken og rytmen av stadige openberringar og forseglingar at nokre av dei sterke kvalitetane ved For å la salamanderen synge er å finne.
I For å la salamanderen synge finst det mange skodder, lemmar, dører, auge, som opnar seg, eller som berre vert avstengde. Den romerske guden Janus var guden for portar, dører og opningar, byrjingar og sluttar. Dørene i Janustempelet var opne i krigstid, men stengde i fredstid.
Lassaque er ein poet som arbeidar i skjeringa mellom andre kunstfelt, ho samarbeider med musikarar og biletkunstnarar. Lassaque jobbar i poesien med å få fram ulike tilhøve, mellom oss, tinga, dyra, mytologiar, korleis ulike storleikar og møtet mellom desse kan vere, og gjer det utfrå ein annan vinkel enn slik vanen oppfattar desse. Dei økonomiske kategoriane, kopla med filosofiske innsikter, ser jo ut til å kolonisere forståinga av tilhøvet mellom menneska og verda, ofte tolka i form av omgrepsparet om herredøme og underkasting.
Apokalypse Himmelen hadde slukt månen den kvelden. Mannen elsket sin kones kropp Barnet spilte ball mot veggen. Bare den gamle kona og hunden hadde skjønt det den kvelden: At enden var nær. Men de holdt tett. (Frå For å la salamanderen synge)
Diktet «Apokalypse» er gåtefullt, ja, diktet legg vinn på å vere det: Det sluttar med å klappe att kjeften og held innsikta for seg sjølve. Og slik kapslar diktet seg inn, i ei tvityding: Er apokalypsen eit faktum, eller er han avverga fordi «de holdt tett»? Det er også noko svært dempa, roleg og kvardagsleg ved diktet, som står i kontrast til ordet apokalypse, som står for noko valdsamt, endetid og omveltingar. Om me samanlikar med dørene til Janustempelet, så held diktet dei stengd, og freden herskar.
Det finst ein parallellitet mellom versepara, tredje og fjerde vers er parallelle med dei to første, osb. Denne strukturelle isomorfien smittar også versepara med tydinga frå det første. Tilhøvet mellom guten og ballen i leik kan forståast som å likne det som skjer mellom himmelen og månen, og omvendt, at himmelen leikar med månen. Samstundes finst jo ikkje nokon slik direkte meiningssamanheng, anna enn at versa står stilt opp etter kvarandre. Dessutan, viss desse ulike aktørane i diktet delar erfaringa av å vere slukt, vil dei ikkje ense kvarandre sin sluktheit. For dei er gått opp i forholdet sitt.
Korleis skal ein forstå desse tospanna: himmelen og månen, mannen og kona, barnet og ballen, hunden og den gamle kona? Dei er ikkje opposisjonar, kontrastar eller motsetnadar og kan ikkje forståast i kraft av makt og underkasting, relasjonane i diktet rommar noko anna. For korleis er eigentleg tilhøvet mellom barnet og ballen i leiken, kven er beherska av kven? Hunden og den gamle kona er dei einaste som ikkje er «slukt» av noko.
Apokalypsen handlar om dei siste tinga, om kosmiske omveltingar, der det vonde blir beseira eller der ei fundamental endring skjer. Apokalypsen er ei avgrensa hending i tida, også i diktet har apokalypsen inga gyldigheit utover «den kvelden». Ein apokalypse er ein type openberring. Det å bryte trylleskjeret, slik hunden og den gamle kona kunne gjer, ville innebere ei apokalyptisk småskalahending for dei involverte. Før eller sidan vil jo apokalypsen inntreffe, for mannen og kona vil vende attende til kvardagslivet frå elskoven, og barnet frå leiken.
Aurélia Lassaques For å la salamanderen synge er ei diktbok som byd lesaren eit besynderleg univers, med ein like rar som ven logikk, formulert i roande ikkje-intervenerande vendingar og bilete. I det korte og opplysande etterordet skriv redaktøren for gjendiktingsserien til Oktober, Rune Christiansen, at «det synes som forfatteren har satt seg fore å omdefinere selve tiden.» Med tanke på at Lassaque sine bilete og formuleringar fortonar seg så tilsynelatande forsiktige, spunne inn i eit mytologiens slør, kan radikaliteten Christiansen påpeikar, forbløffe. Men han set samstundes fingaren på noko av det som er kvaliteten ved dikta til Aurélia Lassaque. Tom Lotherington har omsett boka til eit meir enn høveleg norsk. Ein kan heilt sikker pukke på enkelte ordval her og der, som ein alltid kan gjere når ein omsett utanlandsk lyrikk til norsk. Men verdien av å få gjendikta utanlandske samtidspoetar til skikkeleg norsk, som Aurélia Lassaque, er større enn eit diskutabelt ordval, viss det kan finnast.
Sindre Ekrheim, 2.6.2016