Når dikt er alt du er

:poesikritikk


DIKT

Fatemeh Ekhtesari

Vi overlever ikke

Gjendikta frå persisk av Nina Zandjani

Transfer Forlag (2020)


Av SINDRE EKRHEIM | sindre.ekrheim@humbaba.no


Desperat lyrisk røyst gjendikta frå persisk

Fatemeh Ekhtesari er iransk poet, fødd i 1986, som kom til Lillehammer som fribyforfattar i 2017. No er det fyrste diktutvalet kome på norsk, tretti dikt gjendikta av Nina Zandjani.

Ekhtesari har gjeve ut fleire bøker i heimlandet, arbeidd som tidsskriftredaktør og skrive om kvinnas stilling, om politiske fangar og abort. Ho er òg svært aktiv på sosiale medium og har aktivt brote med konvensjonane til det religiøse regimet: Ekhtesari stilte mellom anna forkledd som mann på ein fotballkamp, dit kvinner ikkje har åtgang i Iran. Forfattaren har også vore utsett for styresmaktenes tortur og overgrep.

Diktutvalet, Vi overlever ikke, er prega av pessimistisk desperasjon og akselererande klaustrofobi; overalt finst ein snikande politisk-religiøst motivert vald: «med setningar skapt av blod / er vi neveslag og steiner som hagler». Her er ein ikkje berre innesperra fysisk, men kroppen vert til åstaden der makta materialiserer seg, i den grad at eigen kropp vert tenar og utøvar av makta: «Noen skapte undertrykkelse og muligheter for deg, og fengstelsstenger av ribbeina dine». Når kvinnas eksistensform består av korkje å finnast eller ikkje finnast, er det å døy eit godt alternativ, i det minste vert ein tilkjend ei menneskeleg vereform.

Ekhtesari dyrkar den såkalla postmoderne ghazalen. Ghazalen er ein gamal arabisk diktform med bestemte reglar for rim og metrum, som også fekk sin persiske variant, høgt skatta også i dag. Ghazalen handlar om kjærleik og åtskiljing og er alltid kopla til det religiøse. Dess motiva får ei særleg handsaming i Ekhtesaris lyriske prosjekt, kopla som motiva er til ein hard og ufri røyndom og til seksualitet, samstundes som dikta er reinska for, eller står i open opposisjon til, den religiøse dimensjonen.

Dikta markerer at ein er komen til ei grense: «Det er ikke mer å si, bare dikt». Språkleg ligg det noko anna håpefullt i dikta, ein leikande  og biletskapande omgang med orda, som arbeidar mot fulltonande resignasjonen som tilsynelatande gjennomsyrer dikttekstane.

Fleire av originaldikta har enderim, men Nina Zandjani har vore meir oppteken av å få fram kvalitetane i den poetiske røysta, noko som er ei god prioritering. Dei originale dikta er trykt på venstre side, i kvit skrift mot svart botn, medan dei norske gjendiktinga trer fram som ei spegelvending på høgre side, med svart skrift mot kvit botn. Viseult syner det spranget frå det eine språket til det andre.

Bergen, 14. januar 2021