Min døde hund er ei kjærleikserklæring til ein avdød hund, i forma til ei rekkje vene dikt. Dette er varierte hyllingsdikt med ein mytologisk klangbotn. Vesenet dikta vender seg til, er streifhunden, eller lausbikkja Nana. Hunden vart kjøpt og adoptert i Marokko og teken heim til Noreg. Og lagnaden vil det slik at hunden brått døyr i det som verkar som ei dramatisk bilulukke. Dette er ramma og utgangspunktet for dikta.
Nokre av dikta i denne boka fungerer som raske biografiske skisser som rissar opp gatehunden Nanas livsløp og eigarens forhold til henne. Samstundes har fleire av dikta preg av helgenerklæringar som lyftar hunden opp i dei høgare sfærane, til eit gylle etterliv blant mytologiske storleikar, eller som ein lekam sendt i bane rundt jorda. På det viset gjer dikta også lærerike streiftog i mytar og legender frå den greske, norrøne, mellomalderske og aztekaranes kulturkrins – samt at dikta også vevar inn hendingar frå vår moderne tid – noko som tenner eit større lys over hundens liv. Samstundes som det gjev diktboka moglegheit til å bevege seg mellom ekstreme polar, frå skiten, som hunden likar å lukte på, til dei eleverte, religiøse sjikta.
Bortsett frå nokre av referansane, som krev eit visst kjennskap til desse mytane, er dikta ukompliserte og lesartilgjengelege. Somme av dikta er prega av ein til tider innovativ biletbruk, ofte av illustrativ karakter, slik som at «kvelden pakket ut den kjølige lyden av sirissene», eller «kjølevannets måkehvite skum». Referansane vert heller ikkje til kompliserte biletstrukturar, all den tid det ofte er Nana som vert permutert for eit element i referansen. I diktet «Sankt Nana», er segna om Sankt Dominikus fødsel diktets hovudelement: Mora til Dominikus, Johanna, skal, rett før ho føda, ha drøymt at ho fødde ein svart og kvit hund med ein fakkel i kjeften som sette heile verda i brann. I Kjørsvik versjon (visjon) vert Nana sett i skikkelsen til denne hunden, berre at han no rører seg over kyrkjelyden, formeleg stormande or eit glasmåleri.
Likevel synest eg at bilettilfanget vert meir intrikat, og kanskje også meir dragande og spennande, etterkvart som ein rører seg lenger ut i diktboka. Bileta har ikkje lenger berre demonstrerande og skildrande funksjonar, dei vert bygd ut med fleire element og mange av dei vert til sjølvstendige, vibrerande storleikar, slik som i diktet «Kjøter»: «Sendte jeg deg inn i buret, gikk du / dit med underdanig hengivenhet, / slik enhver som legger hjertet åpent / for kjærligheten, gladelig lar seg fenglse / av den, da den elskede er nøkkelen / til portens lås og vokteren selv sitter / innesperret i elskerens hjerte.»
Dikta til Kjørsvik reflekterer forholdet mellom mennesket og dyret, men utan at det naudsynleg vert eksplisitt tematisert, det er snarare naturleg. Som eit tamt husdyr er hunden i ein særstilling når det gjeld menneskelikskap. Det er som verdene til mennesket og hunden kryssar, eller iallfall tangerer, kvarandre. Som om båe står på grensa til kvarandre sine verdssonar. Anten er det slik at hunden tillagd dei menneskelege eigenskapane (det sorgtunge blikket, eller at «hvite poter» vert til «ballerinasko»), eller så står hunden på spranget til å passere grensa. Asymmetrien mellom artane når det gjeld innsikt, er openberr: ein hund reflekterer neppe over døden i den grad mennesket gjer, sjølv om hunden eig eit melankolsk, menneskeliknande blikk som ber ei konstant sorg i seg.
Menneskets band til hunden er ikkje eintydig. «Eg ville ikkje hatt noka glede av å leve i ei verd utan hundar», skal filosofen Arthur Schopenhauer ha sagt. Misantropien og pessimismens hans ovanfor mennesket var like sterk og intens som kjærleiken til hundane. Forfattaren Thomas Bernhard, som forfekta eit genuin hundehat, skriv at Schopenhauer ikkje var styrt av tankane, men av hunden sin og meinte at Schopenhauer ikkje hadde eit hovud på skuldrane sine, men ein hund.
Om dette med hundar, hovud og død heng saman, er usikkert, men om ein les antikke tekstar om, eller ser på avbildingar av Kerberos, hunden som vakta porten til dødsriket og skulle hindre folk å rømme etter at dei hadde kryssa elva Styx, så var iallfall Kerberos utstyrt med heile tre hovud. Hos Kjørsvik finst også ein sentral og meir overordna triade, som har gått i oppløysning i og med at hunden døyr. Dei tre hovuda, eget, kjærasten til eg-et og hunden, har utgjort ein perfekt og harmonisk balanse, som no er gått i knas.
Hundens kopling til skjønlitteraturen er eit omfattande og spennande emne. Alt hos Homer høyrer me om den trufaste og tragiske hunden til Odyssevs, Argos. Etter at Odyssevs kjem heim etter 20 år, er Argos utsliten og lever livet på søppeldynga, men kjenner likevel att Odyssevs – før han døyr like etterpå. I dikta nemnar Kjørsvik ulike forfattarar som har skrive om hundar, som anten har eigd hundar, eller sirklar inn deira forhold til dyret. Virginia Woolfs bok Flush, som er ein biografi over cocker spanielen til poeten Elizabeth Barrett Browning, gjer hunden til hovudperson. Det dikta i Min døde hund framfor alt gjer, er at dei transformerer Nana til ein litterær hund.
Det finst ein asymmetri her: Hundens forhold til mennesket verkar meir eintydig og avklara enn menneskets forhold til hunden. Det vert sagt at hunden underkastar seg eigaren, er lydig, lojal og trufast. I dikta står Kjørsviks hund fram som innehavar av desse eigenskapane. I forlenginga av dette kan ein seie at lausbikkja Nana også er ein trufast figur i dikta til Kjørsvik, i den forstand at hunden Nana let seg føye, tilpasse, omdanne og transfigurere gjennom ein rik og varierande biletstraum. Slik sett kan ein nok frykte at etterbileta av den konkrete hunden Nana vert fjernare og fjernare, idet Nana nærmast fortapar seg og vert slukt i dei mytologiske førestillingane og bileta som dikta påkallar. Nana er ikkje berre ein hund, slik det heiter i historia til Per Sivle. Nana er også ei førestilling, rett nok dynamisk og i utvikling. Nett på dette punktet synest eg likevel Kjørsvik maktar å balansere så godt. For den hunden som kvervlar i det mytologiske biletstraumen, vert heile tida broten mot dei faktiske minnebileta. Her kan Kjørsvik vere nede, heilt på gateplanet, heilt banalt, heilt enkelt: «På bussholdeplassen / skraper Nana et eller / annet opp frå asfalten. // Fra setet ved siden av meg / ser hun byen rulle forbi. Tygger tyggis.»
Bergen, 17.2.2020