Godt om Ulven

:poesikritikk


DIKT

Anemari Neple

En annen verden. Ro og refleksjon i Tor Ulvens forfatterskap

Gyldendal 2018


Av SINDRE EKRHEIM |  sindre.ekrheim@humbaba.no


Tor Ulven (1953–95) vert rekna som ein av dei sentrale norske poetane frå førre hundreåret. Etter Ulvens død har fleire kritikarar, forfattarar og forskarar i bokform teke for seg ulike aspekt ved diktinga hans.

Ulvens tekstar høyrer heime i modernismen, ofte uttrykkjer dei ein eksistensiell pessimisme kopla med originale bilete som freistar overskride den menneskelege eksistensen, henimot ein slags nøytral, medvitslaus tilstand. At Tor Ulven skreiv både poesi og prosa er uttrykk for overskridingsviljen tekstane hans ber så tydeleg merke av.

Anemari Neples bok som er ein omarbeidd versjon av hennar avhandling frå 2016, handsamar trekk, og dikt, som tidligare ikkje har vore så langt framme i Ulven-lesingane, mellom anna det meditative aspektet. Samstundes utdjupar boka forståinga av tekstane hans, særleg der dei rører seg i grensefelta mot det som ikkje let seg erkjenne, «bortenfor ordene».

Neple krinsar rundt tre drag ho kallar for det mytiske, musiske og det kontemplative feltet. Ho presenterer også nytt arkivmateriale, korrespondansen forfattaren hadde med forlaget, som også syner mentaliteten hans og gjev innsikt i korleis Ulven tenkte kring tekstane sine.

Ein har til dømes ofte nøgd seg med å peike på at Ulven driv ei form for litterær arkeologi når han skriv om graver og gravfunn. Neple set desse elementa hos Ulven i kontakt med ei større tenking og plasserer impulsen bortanfor den vitskaplege arkeologien. Aspekt knytt til døden og førestillingane om den er framleis utilgjengeleg og stumt, og mot dette punktet strekkjer Ulvens tekstar seg.

Eit stort fortrinn med En annen verden, er at den ikkje fortapar seg i det tekniske ved dikta eller står fram som ei akrobatisk øving i akademisk prosa. Boka syner fram, i eit klart og sobert språk, korleis ein kan forstå sentrale punkt i Ulvens tekstar. Vidare freistar ho ikkje gape over alle tekstane, ho held fast ved eit nøye utval, som ho vender attende til fleire gonger. Det gjer det greitt for lesaren, samstundes som det underbyggjer lesingane og gir dei ei uvanleg djupne. Anemari Neple har laga ei viktig bok om ein sentral norsk forfattarskap.

Bergen, 17.januar 2019