Gapet er ei opning

:poesikritikk


DIKT

He Dong

Måneglass

Gjendikta av Yinni Hu i samarbeid med He Dong

Gyldendal forlag (2021)


Av SINDRE EKRHEIM | sindre.ekrheim@humbaba.no


Kombinerer abstrakte storleikar og sanseleg nærvær i ei dikting på søk etter ei større verd

He Dong bur i Noreg og skriv dikt på kinesisk. Meir enn ei gjendikting eller ei omsetjing handlar dette uttrykket om å bruke tospråklegheita aktivt i ein poetisk samanheng. Dikta er trykt på kinesisk på høgresida, den norske gjendiktinga finn ein på venstresida. Gapet mellom dei to språksystema vert gjort synleg slik at forholdet trer inn som ein ekstra grafisk-litterær storleik i diktinga, anten ein kan kinesisk eller ikkje.

Ein tematisk tendens i Måneglass er at dikt, som språklege gjenstandar, er gjennomsiktige, usynlege og nøytrale, lik ein «blåmanet» eller eit vindauge som let noko anna enn seg sjølv kome til syne. For ein som ikkje beherskar kinesisk vert dei kinesiske skriftteikna høgst synleg, som ein vegg, og ikkje ein gjennomsiktig substans eller nøytralt medium verda skin gjennom, slik ein gjerne tenkjer at språket fungerer. Ein veit at dei kinesiske teikna ber på tyding, at det er språk. Også ein vand språkbrukar har erfaring med at språk både kan opne og stengje att. For He Dong representerer språket mogelege kryssingspunkt og møtestadar for ei fleirdimensjonal verd.

Slik ser eit oppslag i boka ut, med den kinesiske varianten på venstre side og den gjendikta norske teksten til høgre. Frå «Måneglass» av He Dong, Gyldendal forlag, s 88 og 89.

Poeten kombinerer på utvunge vis abstrakte storleikar med ein sterk konkret og sanseleg impuls. Det som vanlegvis har kaliber som uforlikelege motsetnadar vert i desse diktsekvensane til utfyllande kategoriar. Dikta bevegar seg romleg. Dei utforskar og demonstrerer ei leikande og prøvande haldning til verda og omgrepa. Iblant er det som dikta freistar å passere rett gjennom orda, for å kome på baksida av dei, der andre landskap finst: «oppreiste fjell / blir til dype grøfter». Logikk forvandlar seg til eksistensielt innhald: Tomleik indikerer også fylde. Av og til får dei lyriske utsegnene karakter av vidsomsartikulasjonar: «men massen bøyer / veiene / ingen av dem flate / vi i den buede romtiden / møter ofte baksiden av vår egen kropp».

Dikta til denne poeten viser vegar til forhold som er så nært eller fjernt frå oss at me ikkje legg merke til dei. Så er det også slik at denne fjernheita forvandlar seg til språklege vibrasjonar som står fram med si eiga poetiske tyngd, i eit spel mellom fråstand og nærleik både språkleg og eksistensielt: «avstanden mellom armlenene på benken / som avstanden mellom to mennesker / to hender /ser hverandre fra morgen til kveld / livet ut men kan ikke holde hverandre». 

Bergen, 28. januar 2021