Frenetisk ferd gjennom språket og livet

:poesikritikk


DIKT

Ingvild Lothe

Hvorfor er jeg så trist når jeg er så søt

Kolon 2016


Ingvild Lothes debutdiktbok Hvorfor er jeg så trist når jeg er så søt inneheld dikt og liner som rammar lesaren som skot. Yndefullt er upassande karakteristikk å setje på dikta. Rått, brutalt og rasande duger betre. At dikta er fulle av kontrastar vert understreka av at papiret i boka står fram som ekstra uskuldskvitt og bleika. Den svarte skrifta på det kvite verker formeleg som ei valdshandling.

når bølgene slår
er det med ømhet
som ikke finnes i andre slag
som f eks   når pappa slår mamma

(Hvorfor er jeg så trist når jeg er så søt, Ingvild Lothe)

Allereie tittelen på diktboka indikerer ei gjennomgåande splitting mellom det indre og det ytre. Overflata harmonerer ikkje med dei indre tilstandane og erfaringane, dei vert skoda som tomme og meiningslause.

Brytingane i diktuniverset er vedvarande og ekstreme, og skjer seg gjennom heile diktboka. Situasjonar vert brått snudd til det motsette, dei vender seg raskt frå idyll til vondskap, frå uskuld til skuld.

vi plukker smørblomster i enga
går fra dør til dør
og selger buketter
vi sanker rumpetroll i bøtter
legger dem på steiner i solsteiken
for å dø

(Hvorfor er jeg så trist når jeg er så søt, Ingvild Lothe)

Det må seiast at uvanleg er det ikkje at ungar kjem i skade for å pine insekt og smådyr. Men diktet peikar framover. Gjennom boka eskalerer vondskapen og likesæla. Døma på utfordrande åtferd vert skjerpa, ettersom eg-et (som er ung kvinne) veks til. Eg-ets haldning til språket endrar seg i takt med dette, det vert sterkare prega av fråstand og sjølverklært apati. Lesaren får innblikk i livet til ei kvinne som gjer ting ho veit er unormalt og uakseptabelt, kanskje som forsvarsstrategi eller fordi kjenslelivet hennar er bedøva.

Eg-et, i freistnaden på å syne seg sann, vrengjer så å seie innsida av kroppen ut, noko som gjer at seksualiteten hennar får regjere, på outrert og vilt vis. Seksualiteten omdannar seg til ei ny hard utside, eit kjenslelaust panser. Det er håplaust og svartsynt. Men det vert til overraskande og tankevekkjande dikt, som her i eit av samlingas beste dikt, der lesaren fornemmar eit tilbakehalde raseri.

Det finnes ingen reell forskjell
mellom vaginalt samleie og abort
Ha meg unnskyldt,
men uansett hvordan en ser på det
er det bare en eller annen idiot
som pirker deg i skjeden
med et ubehagelig redskap

(Hvorfor er jeg så trist når jeg er så søt, Ingvild Lothe)

Her har eg-et i det minste etablert ein harmoni idet ho set likskapsteikn mellom aborten og det vaginale samleiet, mellom lysta og befruktninga, på den eine sida, og likesæla og døden, på den andre.

Likevel, når debutanten ein stad skriv følgjande: «Har for lite liv i meg / som en pen liten kretsvulst», får eg ikkje utsegna til å stemme korkje faktisk eller i forhold til dei energiske krefter som svingar i desse dikta. Kreft er prega av eit ukontrollert liv, ei celledeling som har gått amok, bokstavleg tala alt for mykje liv. I tillegg representerer dikta ikkje død og tafattheit, men ei oppvisning i energi og rasande liv. Ofte har den som nektar for meininga i tilveret, ein tendens til å produsere enda meir meining, og slik motseie seg sjølv. Men når Ingvild Lothe kallar ei avdeling for «FANATISK APATISK», syner poeten at ho er medviten om dei ibuande og motsetnadsfulle rørslene dikta skriv fram.

Det deskriptive rett-fram språket og den forherda stilen fungerer godt. Trass i at eg-et heilt sikkert hadde nekta for det, finst ein biletleg originalitet og språkleg sensitivitet i Ingvild Lothes frenetiske diktremser. Enkeltlinjer trer fram med styrke og overraskingar.

Når poeten skriv at «vinden beit i ansiktet / eva beit i eplet, jeg beit tennene sammen», vert ei verd og ei livskjensle fortetta på overtydande vis. Summen av linene er at verda er uvennleg. Den bibelske Eva som førte synda inn i verda ved å setje tennene i eplet, hadde i det minste eit eple å bite i. Eg-et har berre tomleik attende når bitet hennar møter bitet, hennar eigne tenner. Førekomsten av slike overraskande bilete og vendingar gjer det verd å lese poesidebutanten Ingvild Lothe. Dessutan ligg ein mørk humor og lurar i enkelte diktpassasjar, til dømes når eg-et proklamerer følgjande: «Jeg foretrekker eldre menn fordi de snart skal dø».

Sindre Ekrheim, Stavanger, 27.10.2016

(sindre.ekrheim@humbaba.no)