Holmås er attende i lyrikken etter mange år
Etter å ha publisert bøker i fleire sjangrar, vender Stig Holmås med boka Innom attende til lyrikken. I 1970 debuterte Holmås som radikal lyrikar. Utover syttitalet kom fleire diktbøker med solidaritet og arbeidarkamp som motiv. Han har òg skrive ei rekkje indianarbøker for ungdom, og på 1990-talet, kom fleire vaksenromanar. Somme av Holmåls’ litterære univers spring ut frå det bergenske landskapet, slik som Guttene i Markegaten frå 1981.
Det fargedempa omslaget på Innom syner ein hatt i gråtoner. Og O-en i Holmås-namnet strålar som ei fargesterk, raud sol. Kanskje illustrerer omslaget at radikaliteten framleis er der, men har vorte meir elegisk, eksistensiell og melankolsk. Ei sentrallyrisk tilnærming har teke over for sivilisasjonskritikken. Iallfall kan lyrikaren i slyngande liner beklage seg over at krigen tapetserer alle formidlingskanalane: «Vis oss klestørkenes / myke, fargerike buer, og dueflokkene / som slår og blinker i solen / høyt over skjøre teglsteinstak.»
Men jamvel om det lyriske comebacket ber preg av levd liv, vendinga mot kosmos og alderens vemodigheit, finst enno stridslysta: «Men jeg har stadig vind i håret, / og på gode dager / knytter jeg fortsatt mine verbale never / og klinker til / det første rævhollet jeg møter.» Og her finst eit knippe kraftfulle politisk kampdikt, anten dei på manande vis gjev privatiseringa og turbokapitalismen det glatte lag, slepper fram eit økologisk perspektiv, eller som i diktet «Det var ikke et angrep på alle» plasserer den norske høgreekstreme terroristen i det ideologiske landskapet han høyrer heime.
Det handlar om mennesket og politikken. Om venleiken, kjærleiken og tidas ubønhøyrlege gang. Om det finst eit konstant trekk i lyrikken til Holmås, må det vere at poeten alltid plasserer mennesket i forhold til som er større enn individet. I diktbøkene frå syttitalet strekkjer dikta seg mot ideologien, fellesskapen og det komande samfunnet. I Innom rettar det seg mot det uendelege kosmos, kontrastert med menneskelivet, som «er som gnisten fra en lighter / som ikke vil tenne i dette mørket». Overskridande moment som alltid har eksistert i Holmås’ lyrikk, som lyftar dikta og lesaren, er kjærleikens og dansens ekstase.
Det finst vemod, glede, dans og gode dikt i Innom.
Bergen, 17.oktober 2019