Eit lyrisk temperament

:poesikritikk


DIKT

Karoline Brændjord

Jeg vil våkne til verden

Kolon forlag 2020


Av Sindre Ekrheim | sindre.ekrheim@humbaba.no


Imponerande diktdebut

Diktdebuten til Karoline Brændjord er, på fleire vis, uhyre sterk. Ikkje minst ligg den poetiske krafta i den språklege og lyriske handsaminga av ein til dels trykkande og dyster materie. I tillegg finst eit mangfald av teksttypar i diktboka. Tekstane svingar frå det poengterte prosadiktet til lengre, meir utbroderande lyrisk-rytmiske sekvensar.

Dikta krinsar kring det å vere forlaten. Tekstane prøvar å kome til ei forståing med det vonde, opprivande faktumet at mora til eg-et drukna seg og tok livet av seg då eg-et var lita. Trass denne ekstreme erfaringa, stundom skrive opent fram og betrakta frå barnets perspektiv, ber ikkje dikta på aggresjon, bebreiding eller harme andsynes faktumet. Talen i dikta er snarare mild, nådig og forsonleg  – og tidvis undrande. Det sterkt sanselege drive i språket vert kombinert med ei realistisk og ei tilgjevande haldning som prøver å snu faktumet : «Det kan høres på subbingen at det er jeg som arbeider / med å tenke verden lys». Eg-et freistar forlike seg med verda for å lære seg å sanse, for å sjå og å erkjenne verda på ny slik tittelen så tydeleg signaliserer: Jeg vil våkne til verden

Familien og det vanskelege tilhøvet til morsfiguren er høgt framme i samtidslitteraturen, særleg i den skjønlitterære prosaen. Aktualitet eller val av tema avgjer ikkje litterær kvalitet aleine. Sjølv om det dystre grunntemaet kastar eit alvorets skjer over dikttekstane i Brændjords bok, overskrid og bevegar fleire dikt seg ut or desse tronge rammene. Det er som det finst ein annan, ein friare, meir leikande, meir biletdriven diktarisk impuls, som heile tida trugar med å bryte gjennom og som bryt gjennom her og der, og bidreg til at enkeltdikt nærmast vrir seg or hovudtematikkens klypetak, men likevel høyrer til i samanhengen der dei står. Det gjelde dei lengre dikta «Jeg lærer opp kroppens sanser på nytt» og «Verden skjenker meg mitt arbeid og min verden». Men òg diktet «Barn, fugler og hemmeligheter», som rett nok har ein mørk tendens, men utfaldar ein eventyrets forvandlande logikk. Diktet står på eigne bein og peikar, saman med fleire andre dikt, mot eit leikande lyrisk temperament som gjer at ein definitivt kan kalle denne diktdebuten lovande også for framtida. Eg anbefaler gjerne denne diktboka. Karoline Brændjord er ein av årets debutantar som til no har imponert mest.

Fusa, 27.november 2020