:poesikritikk
DIKT
Alkaios
Fragmenter
Gjendikta av Ulvhild Anastasia Namtvedt Fauskanger
Gyldendal 2017
Fragmenter heiter boka, talande nok, fordi det dreier seg om dei tekstlege brotstykka som er att etter den greske diktaren Alkaios (ca. 620-500 f.Kr.). Fragmenter føreligg no i Kanon-serien til Gyldendal som presenterer ulike antikke verk på norsk.
Alkaios var både samtidig og frå same øy, Lesbos, som den kjende kjærleiksdiktaren Sapfo. Ho er nemnd iallfall i eitt av fragmenta til Alkaios. Alkaios, som høyrde til herskarklassen, er hakket meir oppteken av dei samtidige politiske intrigane, som han sjølv var innblanda i, enn Sapfo.
I tillegg til å vere direkte i forma, får vinen og rusen ein viss plass, slik ein til dømes kan observere i fragmentet 347 som er ein parafrase over Hesiod: «Væt lungene med vin, for stjernen fullender kretsløpet, / årstiden, den er barsk, alt her omkring tørster i hetens grep». Og han uttrykkjer sanselaus glede over ein tyranns død: «Nå er det tid for fyll, la oss bøtte ned / av all vår kraft, for Myrsilos er jo død.»
I denne utgåva er Alkaios-liner frå ulike papyrusar samla, samt Alkaios-sitat som har overlevd i kommentarar hos seinantikke forfattarar. Det er ei filologisk heiderleg utgåve, forsynt med opplysande kommentarar og fotnotar. Det er godt å bli leia gjennom fragmenta av omsetjaren Ulvhild Fauskanger. I ein bolk om versemål og metrikk vert framstillinga noko meir teknisk, men den interesserte lesaren overlever det.
Det fine og kan hende overraskande med utgjevinga, er at ein får eit nokså presist bilete av det som manglar. Tekst som er forsvunne i historias mørke, er markert med prikka liner. Slik blir mangelen nærmast kvantifisert og synleggjort. I nokre dikt har berre enkeltord overlevd, i andre nokre ufullstendige liner. Normallesaren får kanskje ikkje allverdens ut av det, isolert sett. Med ein så sterkt broten tekstkropp, trekkjest merksemda, naturleg nok, til dikta som står fram som større meiningsfulle heilskapar, og dei finst det ein del av.
Eit stort arbeid ligg attom denne utgjevinga, og med tanke på samtida vår som verkar å få kortare og kortare hukommelse, er det viktigare enn nokon gong å få eit slikt verk tilgjengeleg på godt papir.
Sindre Ekrheim
Pula, 20.juli 2017
(sindre.ekrheim@humbaba.no)