Ei syngjande gjendikting

:poesikritikk

DIKT

Robert Burns

Songar og dikt på telemål

Gjendikta av Peter Fjågesund med illustrasjonar av Borghild Telnes

Fingal Forlag (2020)

Av SINDRE EKRHEIM | sindre.ekrheim@humbaba.no

Burns på norsk dialekt i gjennomarbeidd gjendikting

Å gjendikte den skotske nasjonaldiktaren Robert Bruns (1759-1796) til telemålet verkar logisk all den stund Burns debuterte med diktboka Poems, Chifly in the Scottish Dialect (1786). Burns gav plass til heimlandets språk og vendingar i dikta, men like viktig var at folkets særeigne erfaringar og opplevingar fekk plass i ei dikting dei kunne kjenne seg heime i. Burns bakgrunn, son av ein fattig bonde med lite formell skulegong, speglar seg også i diktinga.

Utvalet i Songar og dikt på telemål konsentrerer seg hovudsakleg om dikt og songar med eit folkeleg innhald, både av romantisk og humoristisk slag, og mindre om den politisk radikale Burns. Men i Burns dikting er den sosiale dimensjonen og den underprivilegertes posisjon innskriven, også i kjærleiksdiktinga, mellom anna som ei hindring for utfaldinga av kjærleiken, slik ein ser det i «Gamle Ola Berge» («Auld Rob Morris»): «Å, om ho ha’ vore av lågare stand». I denne boka er kjende tekstar som «Aud Lang Syne», «A Red, Red Rose» og «Tam O´Shanter» gjendikta med titlane «Alt som ein gong va`», «Den raude rosa» og «Tor frå hei`». Og at desse gjendiktingane har songens kvalitetar ved seg, er klårt for underteikna.

Det eksisterer ein rik norsk gjendiktingstradisjon når det gjeld Burns. Den strekkjer seg frå Henrik Wergelands til Johannes Gjerdåkers gjendiktingar. Peter Fjågesunds gjendiktingsprosjekt er kan hende meir radikalt fordi det freistar å skrive Burns inn i det språket mykje av den norske folkelivslitteraturen vert oppskriven i, nemleg målet frå Vest-Telemark. Utvalet og gjendiktinga er også styrt av eit prinsipp om at tekstane skal vere songbare på telemålet. Fjågesund ønskjer også å skape eit «parallelt geografisk univers henta frå Vest-Telemark». Slik kan til dømes «The castle o’ Montgomery» i «Highland Mary» verte til «den gamle tufti». Då snakkar me kan hende heller om ei assimilering av Burns der spor av det opphavlege og det framande ved den skotske diktaren er borte for den norske lesaren.

Men sidan dette er ei parallellutgåve, der originalane er prenta på høgresida, kan ein seie at dette likevel ikkje er tilfelle. Eit problem med ei parallellutgåve, som er filologisk heiderleg, er at ein risikerer å setje i spel den estetiske verkekrafta i tekstane, særleg om lesaren vert sitjande og samanlikne mellom originalteksten og den norske gjendiktinga. Då er det kanskje ikkje poesien, men filologien som kjem i forgrunnen. Dette er ei særs klingande og fornyande gjendikting, som også opnar for å diskutere nett slike spørsmål.

Bergen, 28. januar 2021.