Dei skjøre kreftene

:poesikritikk


DIKT

Jo Eggen

Ruindikt

Aschehoug 2017


Ruindikt er forma som ei reisedagbok frå Irland og inneheld diktrapportar frå reiser i landet i perioden 2013– 2016. Poeten oppsøkjer stader og forfalne bygningar i Irland, ofte med ei kopling til den irske frigjeringskampen.

Naziarkitekten Albert Speer teikna bygningar berre med tanke på at dei skulle verte til vakre, klassiske ruinar, som skulle propagandere for at det tredje riket var evig, vent og rett. Jo Eggens diktruinar bryt radikalt mot denne oppfatninga, idet ruinane hos Eggen representerer eit definitivt brot med historias gang. Ein ruin er halvvegs bygning, halvvegs natur, og syner tidas akutte karakter og historias destruktive krefter.

Det som er påfallande med ruindikta til Eggen, er det særeigne og vedvarande blikket for låge vekstar, mosar, lav og gras, som spreiar seg i undergrunnen. Dei skjøre, men sterke vekstane dannar ei kritisk spenning til dei monumentale, forvitrande ruinane. Vekstane forgyller ikkje ruinane med æve slik dei gjer i ei romantisk forståing av dei klassiske ruinane. I eit dikt som heiter «Grønska, St. Clares gang, Galway» er det nett opphøyret og ikkje-eksistensen som vert poengtert: «Den grønne filtdemperen uten piano / stillheten fra en skog som ikke er der». Det same gjeld «Minnestein, Kildare», skrive over sju avretta IRA-friviljuge i 1922: «De må fortsette / å ikke finnes». Det er ikkje slik at dei falne lever vidare i og med monumentet, for monumentet minner ein om det verkeleg smertefulle og øydeleggjande ved historia, at desse døde aldri kan kallast til live att.

Det hender poeten også finn fråvær der det skulle ha vore fylde, som når han oppsøkjer den eldste brua i Irland: «Elva, lyden av abbedens elv / svart og skummende fossende / men først og fremst at det ikke var noe / at det som var der ikke var noe / eller et oppmerka fravær noen meter bort langs elvebredden».

Diktformene til Eggen er i forvitring. Dikta er springande, som eit samansett fragment. I kraft av sitt forfall vitnar diktet sjølv om det forbigåande og skjøre ved menneskelivet. Gjennom å øydeleggje sine etablerte former frigjer og opnar diktet orda for nye tydingar, gjer historia vonfull og diktet farbart for notidslesaren.

Sindre Ekrheim

Bergen, 22. juni 2017

(sindre.ekrheim@humbaba.no)