Bunde til det forgjengelege

Med ein boktittel som Karbonforbindelser, er det kanskje ikkje så rart at lesaren treffer på omgrep som halveringstid, Keelings kurve og polymerar. Desse dikta hentar ein del ord frå naturvitskap og kjemi.

Det som er spesielt med stoffet karbon, er at det forbinder seg lett med andre atom og finst i nærmare ti millionar ulike stoff. Fordi særleg ein karbonforbindelse, karbondioksid, aukar i atmosfæren og fører til drivhuseffekt og temperaturauke, er dette stoffet høgst nærverande i folks medvit for tida.  

I lys av vitskapens perspektiv kan den menneskelege eksistensen, når livet blir brote ned til bestanddelane, fortone seg merkeleg og verke rå og brutal: «om ikkje lenge skal lysene på kaken / blåses ut av kvelstoff og karbondioksid».

Det dikta gjer, er at dei ber fram nokre framandarta ord frå vitskapens område, utan at vitskapen er så veldig merkbar i forma, for Ritlands dikta hermar ikkje vitskaplege strukturar og system. Ritlands dikt er meir tradisjonelle, den overtydande styrken ligg i den overraskande, biletlege framdrifta. Mange av biletrekkjene får verkeleg perspektiva til å svinge seg. Eit dikt ymtar rett nok frampå om ein annan litteratur, som formeleg er skriven av naturen sjølv: «litteratur i form av bakterier, plankton, / planter, organismer», men gjer ikkje noko freistnad på å syne korleis denne litteraturen kunne arte seg. Slik finst det eksperimentelle utkast i dikta.

At dei tre avdelingane i boka skil seg noko i stil eller tema, er av det gode. Først vert ein introdusert for karbonet, og her kan dikta gripe fatt i den visuelle fasongen til det kjemiske karbonsymbolet, eller skrive om diamanten, eller den nyss inntrefte døden, slik som i diktet «Stearin». Deretter følgjer ei avdeling med økopoetiske dikt, der klima- og økologiske endringar er i brennglaset. Til slutt vert ein suite, ein spegelsuite, presentert. Den er skrive i eit litt meir oppjaga språk, med bråare skifte. Her vekslar dikta skarpare mellom sansingar og meir utbroderande biletsekvensar.

Ritlands dikt pendlar mellom fråvær og fylde, bevegelse og stillstand, det timelege og ævelege. Det ævelege er ikkje representert ved Gud, men ved materien og grunnstoffa. Ein legg fort merke til førekomsten av tidsmarkørar, som slår inn i bilete etter bilete, ofte med eit kroppsleg vink: «tiden ligger med urviserne i spagat», eller «tiden / et åpent sår som sekundviserne / pirker i».

Noko vesentleg står på spel i Ritlands dikt. Det kjenner lesaren.

Venezia Mestre, 8.11.2019

(sindre.ekrheim@humbaba.no)