Ein triumf for brukslyrikken

:poesikritikk


DIKT

Anne Marit Godal & Leif Høghaug (Red.)

Alt skal bli forandra. Snart. 100 norske dikt om fellesskap og kamp

Res publica 2018


Av SINDRE EKRHEIM | sindre.ekrheim@humbaba.no


Bruks-og kamplyrikken vert ofte klaga for å gi saka forrang framføre dei kunstnariske omsyna, og vert difor klaga for å vere flat og kvalitativt dårleg. Det er ikkje med naudsyn sant. Diktet er ikkje tomt, det dreier seg, i varierande grad, om saker og ting, og også om samfunn. Diktet møter lesaren med eit anna språk og eit anna blikk enn det etablerte samfunnet gjer.

Antologien Alt skal bli forandra. Snart, som består av 100 dikt, både gamle og nye, demonstrerer kor rik og mangfaldig den norske arbeidardiktinga er. Redaktørane Godal og Høghaug har leita fram dikt frå lyrikkhistoria som har ein tydeleg arbeidar- og kamphorisont. Her møter ein sjølvsagde namn, slik som Rudolf Nilsen, Per Sivle og Aasmund Olavsson Vinje, Kristoffer Uppdal og Helene Ugland, men òg ei rekkje dikt og namn som kan hende ikkje er fullt så sjølvsagde i denne samanhengen. Og ikkje minst får gløymde lyrikarar her kasta nytt lys på seg. Antologien har også komplettert arbeidardiktinga med ferske tilskot frå samtidslyrikken og syner slik at arbeidardiktinga framleis er ein levande tradisjon.

Dikta i antologien vert ikkje ståande som sterile døme på arbeidarlyrikk. I antologiens rammer talar dikta med – og utdjupar – kvarandre, også over ganske store tidsrom. Boka er inndelt i ni bolkar, der kvar bolk sirklar rundt eit tema, til dømes kvinnekamp, fattigdom og solidaritet.

Lyrikk som opphavleg har vore skrive i andre samanhengar, kan få forsterka dei slumrande draga av kamp, motstand og solidaritet når dei vert sett inn i den eksplisitte arbeidarlitterære samanhengen. Det gjeld for dikta til Olav H. Hauge, Tarjei Vesaas og Einar Skjæraasen. Det er frigjerande at ein ikkje har styrt utvalet ut frå ein reinhekla ideologisk eller lyrisk purisme, slik finn ein her både songar og Don Martins rapptekstar.

Når antologien nærmar seg samtidslyrikken, kan diktutvalet sikkert diskuterast. Likevel har redaktørane også her gjort gode val. I eit fint, høgst leseverdig og søkjande etterord freistar redaktørane å sirkle inn omgrepet arbeidarlyrikk, og samstundes drøftar dei prinsippa for utvalet av dikt. Dette utvalet gir lesaren oversyn og varierte lesegleder.

Fusa, 22. februar 2019