poesikritikk:
DIKT
Ida Börjel
Miximum Ca canny Sabotasjemanualene
Omsett av Martin Sørhaug
Audiatur 2020
Av Sindre Ekrheim | sindre.ekrheim@humbaba.no
Sabotasje som politisk og poetisk metode
Ida Börjel er ein svensk prisløna poet. Konseptverket Sabotasjemanualene utkom fyrste gong på svensk i Noreg på forlaget H//O//F i 2013. Seinare er boka omsett til engelsk, spansk og dansk. No kjem Sabotasjemanualene ut i norsk språkdrakt, og som ein ny versjon.
I opningsdiktet går Börjel rett på etymologien til sabotasje. Ordet kjem av fransk, sabot for tresko, som tekstilarbeidarane kasta i maskinane for å øydeleggje dei automatiske vevstolane. Denne diktboka står også fram som ei hylling av Elizabeth Gurley Flynn, fagforeiningsaktivist som skreiv sabotasjehandboka The Concious Withdrawal of The Workers Industrial Efficiency (1917).
Å sabotere er å hindre og øydeleggje. Desse dikta, iallfall i den fyrste delen, har ei veldig vekt på det aktivistiske, eller rettare, på effektivt fråvær av handling, på det planlagde uhellet, regelrytteriet og slurvet – alt som set ned farten. Dikta har forskriftas form og gir, slik ein manual eller ei handbok skal, ei rekkje praktiske råd: «Om / hun tidligere passet på å holde sine / verktøy skarpe, skal hun nå la dem bli / sløve. Det som ble blankpolert skal nå / gnis med grus … »
I diktsekvensane utvidar etter kvart sabotasjens horisontar seg: Frå å vere noko fabrikkarbeidarane dreiv på med andsynes maskinane, skodar dikta ein form for sabotasje i produkta som vert laga for ikkje å vare, hos arbeidsgjevarar som held folk i deltidsstillingar slik at dei ikkje får fulle rettar, i kommunikasjonen til bedriftene og generelt hos folk som medvite freistar skade andre.
Den norske utgåva inneheld eit tjuetals bidrag frå internasjonale kunstnarar og poetar som har utført sabotasjeomsetjingar av originalsider frå Sabotasjemanualane. Det er ikkje tradisjonelle omsetjingar, men ramponeringar og radbrekkingar ved hjelp av ulike tekstlege operasjonar: kutt, permutasjonar, flyttingar, overstrykingar og tillegg. Sabotasjen tekstlege variant er altså montasjen og re-monteringa. Tekstprinsippet er også ei arv frå fagforeiningsaktivisten Elizabeth Gurley Flynn. Ho fortel om ein fredskonferanse og eit sirkus i København. På sametid protesterte forfattarane for auka løn, utan resultat. Som ein reaksjon skal forfattarane ha føya saman talen til ein av dei berømte fredsdelegatane med ein sirkusreportasje.
Det opphaldande, bremsande og langsame får i denne utgjevinga ein ekstra aksent ved at verket er brote opp av fortløpande raserande omsetjingar. Det gjer at sidetalet blir ståande på staden kvil og iblant går det, sjølv om ein blar seg framover i boka, til og med bakover.
Poesien er i utgangspunktet ein langsam kvervel. Men langsamheita er ikkje nødvendigvis livsfjern. Når poesien installerer seg i verda med det største aktivistiske alvoret og til dømes koplar på ein plakatpoetisk humor, er det ikkje sikkert det får praktiske følgjer, men det skjerpar tankane om verda: «Bra asfalt finner du ikke på gata».
Fusa, 11.desember 2020