:poesikritikk
DIKT
Siri Amalie Oftestad
Soloppgang i Nord
Oktober 2018
Siri Amalie Oftestad har med Soloppgang i Nord rett og slett skrive reinhekla propagandalyrikk som idealiserer eineherskaren Vår Leder og landet Nord. Både bokas omslagsbilete, som syner ei asiatisk kvinne i uniform dreiande eit raudt silkebanner mot ein blå himmel, men sjølvsagt også diktas ideologiske ingrediensar, personkulten dikta gjev uttrykk for og den herskande føyelege språktonen, gjer at underteikna iblant ser for seg Nord-Korea. Når Oftestad skriv om «Len-fjellene», kan eg sjå for meg det mytiske Paktufjellet kor Kim Il-sung skal ha vorte fødd.
Landet Nord er harmonisk og ryddig. Alle er like, bortsett frå leiaren. Ekteskapet og seksuelle forhold består i dette riket av ein trekant som alltid inkluderer leiaren. Frukttrea her har eigne fruktlegar og trafikkonstablar dirigerer trafikken i bilfrie og mennesketomme gater, «som om landet er for flinkt for seg selv». Dikttitlar som «En sang om vår leder» og «Det magiske skjær over en fabrikk» og vers som «her i Nord finnes det ingen prostituerte, / ingen rusavhengige eller uteliggere / ( … ) fordi landet vårt er så vakkert», kling velkjende, hóle og klisjéprega.
Poeten Oftestad underkastar seg propagandaspråket om lag slik undersåttane har kasta sine andlet til jorda. Oftestads prosjekt er å undersøkje språket diktaturstaten legitimerer seg gjennom. At dikta fyllest av underdanige, beundrande og hyllande fraser, er naturleg. Det vanlege, om ein ser på til dømes tendensane i DDR-propagandaen, er at den inneheld skremsler knytt til ytre fiendar, for å styrka det indre samhaldet. Difor oppfattar eg den vennlege tonen i disse dikta som uvanleg i propagandasamanheng. Og kvifor verkar dei fleste propagandistiske lovsongane så naive? Om folket lærer at staten er ein utvida del av familien og betraktar statsleiaren som far, vert folket til ungar. Og naivismen vert statens føretrekte form. Diktaturet som ein anar konturane av attom lyrikken til Oftestad, veit elles å dyrke omskrivingas og metaforanes kunst, slik som
Når poeten Oftestad opptrer lojal sekretær for diktaturet, slår harmonien ufrivillig sprekkar og opnar seg for det latterlege og absurde. Leiaren vert sjalu på det idealiserte biletet av seg sjølv. Og under ein marsj byrjar den marsjerande å tenkje taktfaste, forbodne tankar om Coca Cola. Og i eit slikt land er einsemda total: «de andre trengte ikke å komme / alle ser like ut og sier det samme uansett».
Gitt dei diktatoriske aksioma, kan ein nok hevde at Oftestads dikt så å seie skriv seg sjølve. Men Oftedal har faktisk skapt ein særeigen og naivistisk lyrikk gjennom å undersøkje diktaturets språkform, ofte med komiske verknadar, men med eit underliggjande alvor. Nord ligg kan hende langt vekke frå Noreg. Men når me eksempelvis kallar statsministeren for landsmoder eller landsfader, verkar det søtt og ufarleg, men metaforen byggjer på ein irrasjonell førestilling som uvegerleg gjer oss, borgarane, til ungar. Slike og liknande språklege forhold trur eg dikta til Oftestad gjer oss merksame på, og det er det iblant trong for.
Sindre Ekrheim
Bergen, 8. februar 2018
(sindre.ekrheim@humbaba.no)