:poesikritikk
DIKT
Søren Ulrik Thomsen
Rystet speil
Gjendikta frå dansk av Markus Midré
Cappelen Damm 2017
Debuten med City slang i 1981, og kanskje særleg poetikkutgjevinga Mit lys brænder, Omrids av en ny poetik (1985) har gjort Søren Ulrik Thomsen, saman med poetane Michael Strunge og F.P. Jack, til ein gyldig generasjonspoet frå 1980-talet.
Då Rystet speil kom på dansk i 2011, var det ni år sidan sist Søren Ulrik Thomsen kom med ny diktbok. At det går litt tid mellom diktbøkene er ikkje i seg sjølv sensasjonelt, det er berre i media-logikken det fortonar seg slik. Det undrar nok likevel enkelte at Cappelen Damm startar sin nye nordiske gjendiktingsserie Nord med det ein, i vår frenetiske omløpshastighet, kallar ei litt gamal diktbok, skrive av ein lettare avdanka dansk poet, i staden for til dømes å gripe til ferskare og yngre danske poesiutgjevingar frå den såkalla danske bølja. Fleire av dei unge danske, som Theis Ørntoft, Ali Smith og Asta Olivia Nordenhof, er «opptekne», i og med at dei alt har vorte gjendikta på Samlaget. Med Søren Ulrik Thomsen signaliserer Cappelen Damm at Nord-serien borgar for trygg kvalitet. Dessutan har Søren Ulrik Thomsen vore ein viktig nordisk poet frå 1980-talet og framover. Slik sett er Thomsen ein god plass å starte for ein nordisk gjendiktingsserie. Det ein kan sakne med denne utgjevinga, er eit etterord som presenterer og plasserer forfattaren for eit norsk publikum.
Dei 42 dikta i Rystet speil handlar om døden som vert veva saman med tilbakeblikk og ihugkoming. At døden rykkar nærmare i livet til forfattaren, men også at fleire folk rundt han døyr og har døydd, får døden til å verte meir akutt og konkret, enn slik det vert førestilt tidlegare i livet, då det var eit «matematisk bevis». I den grad dikta handlar om det fråverande og forsvinnande, handlar dei også om det nærværande, det ævelege.
Døden er ei grense, som forfattaren sjølvsagt ikkje veit noko om: «… men døden kjenner jeg bare fra frykten for den, / Guds ord fra oversettelser / og stillheten kun fra de lydene som høres / …» Dødserfaringa er naturlegvis utanfor rekkevidde, fråverande, medan døden er ein vedvarande, uomgjengeleg moglegheit. I versa ovanfor skildrar han analoge erfaringar, der alle er prega av at dei manifisterer seg gjennom noko anna.
I fleire dikt blikkar poeten seg som ung, anten på heimstaden Stevns eller i København. Ein stad går det brått opp for han kor stor tyding ein lærar har hatt for han. Og éin stad finn ein i Rystet speil allusjon til diktet «Vente» frå City slang, debutboka som kom ut tretti år tidlegare. Mellom den unge og den middelaldrande diktaren, vert eit fordjupande erfaringsrom spent opp. Dikta vender seg ofte til eit du, som både er diktaren i ulike aldrar, som barn, ung og vaksen. Og slik fungerer du-et som ein spegel for eg-et. Du-et er dessutan lesaren, eller kan vere ein av dei mange døde kjenningar som boka er oppteken av.
I tillegg til du-et, apostroferer mange av dikta til Thomsen sjølv til dikt og diktskriving. Poeten skriv om at det eigentleg her skulle stått eit dikt han har forkasta, han skriv at han har skrive «11 linjer om løvetann» i eit dikt på 11 liner som også handlar om andre ting enn løvetann, om alt som får «bo i diktets små skjeve skur» og at «… jeg drømte om å se alt / gjennom diktets firkant». Dei ulike tilvisingane til dikt har ein rekkje funksjonar. Først av alt står diktet døden nær fordi språket i seg sjølv er eit teikn på fråvær: alt me snakkar om i språket, finst der berre som språkteikn, ikkje som tinga i seg sjølve. Slik er det jamvel om språket vert til noko eige verande, til ein språkting. På dette viset kan ein seie at det passar seg å vise til diktet.
Det fråverande har mange fasettar. Det fråverande diktet: Diktet som enno ikkje er skrive, fordi det ikkje har nådd den ønskte perfeksjonen, finst der som noko skrivinga stadig strekkjer seg imot for å freiste å verkeleggjere. Når Thomsen i eit dikt skriv om diktet som skulle ha stått der, men som vert forkasta fordi det ikkje var godt nok, kjem dei idealistiske trekka i poetikken hans til synes. Rystet speil er gjennomsyra av ein mangel på det gode diktet, fordi det perfekte og ævelege er fråverande i diktsamlinga.
Ifølgje Thomsens poetikk skal diktet stoppe tidsstraumen og innlemme augeblikket i seg:
Til hvert minne hører en glemsel. Til synet av han som med føttene 5 centimeter over sementgulvet hang fra et rep i låvetaket hører min ungdoms lesning av terorier som nesten fikk tak i alt og til denne ensomheten hører blikket ditt som liksom fløt i luften en anelse foran øynene selv og til det igjen en hodekulls reise hvor et enormt pariserhjul besatt med tusen kulørte pærer dreide langsomt i tåken en høstdag i St. Pauli og nå har stanset i disse linjene hvis svarte gitter du stirrer gjennom ned i det hvite papiret som svever under hvert eneste dikt. Frå Rystet speil av Søren Ulrik Thomsen
I dei fire siste linjene festar eg meg ved følgjande ord: stanset, svarte gitter og svever. Som alitterasjonar hevar dei seg fram, semantisk slår orda i ulike retningar. Det er ikkje berre diktet som stansar pariserhjulet, men erfaringa diktet snakkar om, er borte, men altså bevart her, i diktet. Og diktet går vidare. At diktet lyftar opp og held fast det forsvinnande erfaringsaugeblikket, er å rekne som godt og prisverdig. Men den gode og idylliske kjensla tek til å skurre idet følgjande vers vert føya til: «hvis svarte gitter du stirrer gjennom», for då er ein, eller erfaringa ein har, låst inne, forsegla. Diktet er vorte til eit fengsel, erfaringa er ikkje i kontakt med verda. Men deretter hender det noko anna, når auga som stirer og ser «gjennom / ned», som det står, «i det hvite papiret som svever under hvert dikt». Her går det vidare frå innesperring til noko som svevar. Merk at det ikkje er diktet sjølv, men verda utanfor diktet, som svevar. Diktet sjølv, som uttrykkjer det ævelege, er på den andre sida av gitteret, åtskilt frå verda. Diktet er vorte til eit dødens utsiktspunkt.
Diktet stanser, låser inne (bak gitter, det vil seie bak linene) og får augeblikket til å sveve. Samstundes skildrar diktet eit pariserhjul med kulørte lys som har stansa. Ein som sit i ei av vognene på pariserhjulet og svevar, kan samstundes verte gripen av ei ubehageleg, svimmel kjensle når vogna stansar opp. Det tyder at noko ikkje fungerer. Sjølv om dette pariserhjulet har stansa, har språkbiletet diktet skisserer, ein sirkulær karakter (lik eit pariserhjul) som held fram å svinge, som lyftar erfaringsaugeblikket inn i språkets sirklar for å bevare det. Det er viktig å understreke at denne bevaringa ikkje inneber ei balsamering eller ein konserveringsteknikk. Diktet kan berre bevare i form av at språkbiletet ikkje står stille, men framleis lear på seg.
I eit anna dikt (s. 44) skildrar eg-et eit forsøk på å halde fast eit augeblikk tidleg ein morgon: «… / og prøver å holde tiden igjen / men øyeblikket svevende /». Versa samsvarar med poetikken til Søren Ulrik Thomsen og til det som står i pariserhjulsekvensen. Det er interessant å sjå i atter eit anna dikt at den mogne forfattaren Thomsen meiner noko liknande også var formålet med diktet for den unge forfattaren Thomsen, den han eingong var. Då var det «synet / av byens lys bak de sammenvokste greinene / som en gang fikk meg til å skrive de første diktene». Det som fekk han til å skrive, er visjonen om kva diktet gjer (poetikken), iallfall om ein ser biletet med dei «sammenvokste greinene» på bakgrunn av liknande bilete, til dømes «det svarte gitteret». Det å skrive handlar om å freiste å halde tida att og halde augeblikket svevande. I pariserhjulet som stansar, der ein ser gjennom det svarte gitteret, er det diktets eige blikk som vert iscenesett. Slik varierer Thomsen den grunnleggjande forståinga av kva diktet er og freistar å gjere gjennom diktboka, samstundes som grunnintuisjonen om kva er dikt kan, er og skal vere, held seg rimeleg konstant.
Søren Ulrik Thomsen starta med å skrive ein urban, romantisk og nyklassisk poesi i City slang (1981), for så gradvis å verte meir formstreng og klassisk prega. Og sjølv om Søren Ulrik Thomsen framleis er ein modernistisk poet, er dikta hans tilgjengelege, fulle av gnistrande bilete, lydlege og musikalske sekvensar. Om ein skrapar litt i dikta, syner biletstrukturane seg å vere både kompliserte, utvungne og overtydande. Kan hende vert ein i dikta vitne til ein noko forsert livstrøyttleik. Liksom den gamle mannen, i midten av 50-åra da han utgav boka, gjer opp status før han sjølv sovnar inn. Denne diktboka står til dømes i kontrast til tittelen på poetikken frå 1985, Mit lys brænder, som understrekar intensitet og vitalitet. Men det eksistensielle lyset brenner også her, om enn med ein meir kontrollert eld.
Det som gjer det overraskande og spennande å lese Thomsen, er nett desse sterke bileta, han stolar på at dei vil halde, bere og overleve han sjølv: «På vei tilbake over parkeringsplassen / stanser jeg plutselig. / Men lyden av skrittene mine / fortsetter inn under tåken.»
Sindre Ekrheim
Bergen, 4.januar 2018
(sindre.ekrheim@humbaba.no)