:poesikritikk
DIKT
Nils Yttri
Vender tilbake til deg, Paris. Etterlatte dikt
Gyldendal 2017
37 år etter at Nils Yttri (1947-1980) døydde kjem det ut ei etterlaten diktsamling av poeten. Yttri opplevde berre å sjå to av bøkene sine publiserte. Rett etter at Nils Yttri døydde kom to posthume samlingar. Og dei fleste trudde at det som fanst av ikkje-publiserte dikt vart samla i og med utgjevinga Jeg har sett stjerner som sluttet å slukne frå 2005. Men slik var det altså ikkje.
Nils Yttri vart sett på som ein generasjonspoet, ein som formulerte ei tidskjensle mange delte. Dikta står i skjeringa mellom opprøret, resignasjonen og fortvilinga. Tittelen på hans andre diktbok, Bokserens blod, gir eit tydeleg signal om desperasjonen som heimsøkjer denne diktinga.
Yttri brevveksla med gymnaslæraren sin Ottar Hovde, og Yttri skal ha sendt diktmanuset Vender tilbake til deg, Paris til Hovde tidleg på syttitalet. Soleis høyrer desse dikta til tida før debuten.
Vender tilbake til deg, Paris kan karakteriserast som reisedikt, minne- og kjærleiksdikt, eller dikt der den eksistensielle søkinga står i sentrum. Paris er både by og etterlengta kvinne. Men det paradoksale som skjer, er at diktar-eget vert lemlesta, fortærd og øydelagd av leitinga: «I dine gater gikk jeg i stykker / Bit for bit meter for meter /Til det føltes som jeg dekket hele deg/ med meg». Tomleikskjensla i tilvære vert forsøkt bøta på gjennom til dømes skifte av retning: «Jeg prøver alltid / å finne en ny vei / inn i parken / for at parken / ikke skal være den samme». I tillegg er det ein slags skriftproblem her, eit forhold mellom språk og røynd som vert freista avklart. Eg-ets skriving hindrar han i å leite. Men problemet oppstår også av orda sjølv: «Jeg har tenkt ord / og fram fra ordene / steg du / og ble til en pine / så stor / som en sommerdag».
Nils Yttri gjentok og siterte seg sjølv i samlingane sine, han leita etter nye vegar inn i parken. Lars Saabye Christensen skriv i det poengterte forordet at dikta her representerer eit «poetisk stemmeskifte», rett før det lyriske talentet bryt ut i full blome. Det kan nok stemme. Men i Vender tilbake til deg, Paris finn ein fleire liner og strofer som seinare vert brukte i Bokserens blod, særleg i dei passasjane kursiverte passasjane. Det må understrekast at desse linene inngår i ganske andre produktive samanhengar i Bokserens blod enn det dei gjer i den føreliggande boka. Ein anna trekk som er interessant å registrere, er at verselinene i Yttri sine dikt ofte står fram som fram som heile og avslutta meiningar. Men i Vender tilbake til deg, Paris brukar Yttri linedelinga mykje meir aktivt, meiningsskapande og overraskande enn han gjer seinare.
Det finst nok vers som haltar litt i samlinga, men det gjev dikta ein friskleik, på kostnad av polert eleganse. Det står godt til den eksistensielle mørket som samlinga viser gliper av. Det understreikar òg at Hos Nils Yttri tydar orda noko – for nokon. Dette er dikt der ord ikkje berre vert sett i spel, men der noko viktig står på spel.
Sindre Ekrheim
Helsinki, 30.november 2017
(sindre.ekrheim@humbaba.no)