:poesikritikk
DIKT
A C Kleppe
Ivans blomster
Cappelen Damm 2017
Det som særmerkjer dikta til Astrid Kleppe, er diksjonen, lineføringa og den pulserande biletlege knoppskytinga. Poeten hektar saman ord og bilete i strøymande og fengande setningsslynger. Forma, og til dels innhaldet, gir dikta eit lett arkaisk og noko gamalmodig preg. Men nett dette formspråket gjer også Astrid Kleppe til ein eineståande røyst i den norske samtidslyrikken. Kleppe turnerer eit breitt register og rører seg utvungen frå prosaiske «kaffestunder» til «universums ekspansjon».
Lesaren kan lett verte forførd og drege med av det fengande språket. Her er augeblikk som er så sterke, lada og intense at ein tenkjer på 1890-talets nyromantikk, jamvel om «gråpapir» og «fluer» definitivt bryt med den mystiske og oppdrivne stemninga her: «Men i natt står alt i blomst, en natt / av gråpapir, ekstase / Også fluene er våkne, / allting venter, ingen sover».
Astrid Kleppe er utdanna partikkelfysikar, og Ivans blomster er hennar femte diktbok. Spor av fysikaren finst i dikta, som referansar til logikaren Gottlob Frege, men det må seiast at Kleppe ikkje belemrar dikta unødig med komplisert fysikk, for her er Kleppe først og fremst poet: «Men alt vi trodde på og visste – nå åler det seg ut / av språk og algoritmer, spikrer / Jegets Engel så granittfast at det andre synker vekk».
Det forteljande omdreiingspunktet i dikta, knytt til Ivans biografi, den døde venen, ein russar og gartnar som levde og døydde kring siste verdskrig, held dikta samla innafor ein horisont. Biografien om, eller portretta av Ivan, vert likevel bygd ut, til refleksjonar kring historia, kva ho tyder og kven ho tyder noko for: I sving er både den politiske historia til Europa, naturhistoria, dei religiøse opphavsmytane og den kosmologiske historia.
Dikta til Astrid Kleppe sprenger seg så å seie ut av seg sjølv og sine rammer, slik dei òg bryt ut av Ivans biografi, stadig på jakt etter å utvide, å romme noko meir enn innsikter som berre avgrensar mennesket. Om lag slik Astrid Kleppes poesi, trass i at linene kan klinge noko arkaisk, utvidar rommet i norsk samtidspoesi.
Sindre Ekrheim
Bergen, 7.9.2017
(sindre.ekrheim@humbaba.no)