:poesikritikk
DIKT
Hiromi Itō
Eg er Anjuhimeko
Gjendikta til norsk av Ika Kaminka
Forlaget H//O//F 2017
I fjor kom eit breitt utval av den japanske poeten Hiromi Itōs dikt ut på norsk i Ika Kaminkas omsetjing. Med boka Eg er Anjuhimeko har ein, i staden for å gi poetiske smakebetar frå poetens arbeid, valt å gjendikte ein del av eit større verk frå 1993. Den norske utgjevinga representerer nærmast ei ny utgjeving i Itōs forfattarskap, fordi ein her berre har gjendikta titteldiktet «Eg er Anjuhimeko» som eigentleg høyrer til ei større samling. Slik kan ei omsetjing til eit anna språk sjølv intervenere i dikta, sidan teksten sine omgivnader, eller fråvær på slike, også bidreg med tyding til teksten.
Eg er Anjuhimeko manar fram ei forteljing i eit rytmisk suggestivt, gjentakande og tidvis prosaisk språk. Det fortalde universet overskrid lovene for det ein til vanleg reknar som realistisk, all den tid til dømes Anjuhimeko som treåring har eit nokså raffinert og velutvikla språk. Fleire forhold indikerer at forteljinga støttar seg på myte- og segnestoff, på det eventyrlege si framstillingsform. Her er underlege, magiske hendingar, ofte formidla i eventyrets tretalslov, i tillegg treffer ein på fjellheksa i nokre avsnitt.
Anjuhimeko er ein treåring som kravlar or sanden ho vert levande gravlagd i; derifrå startar jakta på foreldra. Ho vert undervegs utsett for ekstreme prøvingar, valdsmisbruk og mishandling. Som eit offer for forferdelege omstende og grusame hendingar, som regel utøvd av vaksne, representerer Anjuhimeko uskuldstilstanden. Som i eventyra må ho bestå fleire prøver for å kome seg vidare, eller for i det heile teke å overleve.
På fleire plan handlar det forteljande diktet Eg er Anjuhimeko om overleving, men like mykje om overskriding. Valden i diktet er overskridande og ekstrem. Kroppen til Anjuhimeko vert overskriden, idet ho vert utsett for seksuelt misbruk. Anjuhimeko som er eit barn, overskrid også på same tid sin eigen alder, gjennom språket og valden. På ein stad i diktet skal Anjuhimeko krysse ei elv, ei tydeleg topografisk grensemarkering, og i mytane ofte eit skilje mellom livet og dauden:
kan hende vil ho høyre mi bøn og hjelpa meg over, du velse verjande elveånd, eg vil så gjerne krysse elva, men eg klarar det ikkje, vil så gjerne krysse, men klarar det ikkje, vil krysse, klarar ikkje, eg seier bøna tre gonger og straks fell eit daudt tre ned av seg sjølv, endå eit tre dett ned og endå eitt til, trea dannar ei bru, og takksam lovpriser eg elveånda, Frå Eg er Anjuhimenko, Hiromi Itō
I etterordet, som gir eit for forståinga naudsynleg riss av somme sentrale kulturelle bakgrunnar for Itōs dikt, kan ein lese at denne forteljingsforma byggjer på ein munnleg sjanger frå mellomalderen, der forteljingar blei overlevert frå generasjon til generasjon, ofte framført syngjande. Itōs førelegg er henta frå ein transkripsjon gjort av ein antropolog på 1930-talet av ei framføring av forteljinga om Futen Sanshō. Framføringa blei gjort av ein sjaman.
Diktet kan nok fint lesast uavhengig av desse opplysningane, men ein går glipp av ein dimensjon, nemleg, for å seie det litt stivt, det som dreiar seg om tekstens funksjon. Det sjamanistiske aspektet ved diktet, går det fram av etterordet, er noko poeten er svært oppteken av. Å snakke om litterær funksjon, anten som litteraturens tyding i samfunnet eller for den enkelte lesar eller tilhøyrar, er kanskje ikkje comme il faut, og i alle fall ikkje dersom ein snakkar om ei litterær programfråsegn. Det diktet gjer, er at diktets eg-form verkeleggjer eller kanaliserer sjela til Anjuhimeko, gjennom hundreåra. Lik ei ånd frå ei andeverden talar Anjuhimeko i og gjennom lesaren, eller i den som framfører teksten. Idet lesaren vert Anjuhimeko, skjer ei overskriding, til liks med tekstens eiga forvandlande overskriding: Frå dei døde teikna til den levande røysta. Men kva skal ånda eller sjela til Anjuhimeko kunne hjelpe oss med? Jo, Anjuhimekos røyst og er lækjande, orda vil kunne setje oss i beredskap ovanfor den kjønsspesifikke valden og førebu oss på prøvingane vi møter, og slik bidra til å halde oss i live, slik Anjuhimeko gjer. Det at skriftas magi ligg i at den levandegjer og pustar liv i dei døde teikna og får ei framand røyst til å lyde i lesaren, er kanskje eit innlysande poeng, men det peikar likevel på det overskridande og forvandlande som litteraturen på sitt beste representerer.
Det kling underleg når det i etterordet står at «Nynorsk peikte seg dessutan tidleg ut som den best eigna målforma. Eg er Anjuhimenko kravde ein rytmisk og konsentrert stil, med dei korthogne einstavingsutsegna som berre nynorsk kan by på.» Eg er redd ei slik utsegn kan sementere visse oppfatningar om kva slags språk som passar til ulike typar litteraturar. Språk er uansett ein elastisk storleik, litt av poenget med å omsetje er at ein også tøyer mottakarspråkets stilrepertoar og kanskje då er så heldig å skape noko heilt nytt i mottakarspråket. Det ein her tenkjer på som «ein rytmisk og konsentrert stil», er kanskje berre den stilen ein kjenner så godt frå Jon Fosses verk. I så fall er det ikkje eigentleg ein føreliggande stil, så å seie ibuande i det nynorske språket, det er ein stil skapt og foredla med basis i nynorsken. Etter mi meining kunne Kaminka ha fjerna dette poenget i etterordet, ettersom teksten ho har skapt på norsk er av høg kvalitet og ikkje trengst forklarast.
Sindre Ekrheim
Bergen, 27.7.2017
(sindre.ekrheim@humbaba.no)