:poesikritikk
DIKT
Joanna Rzadkowska
Luftmensch
Bokvennen 2016
Ordet ’luftmensch’ kan forståast på fleire måtar; det kan karakterisere eit menneske meir oppteken av dei andelege enn dei materielle dimensjonane. Ordet kan òg ha ei meir konkret tyding; peike på respirasjonen, at eit menneske rett og slett er avhengig av pusten for å eksistere. I overført tyding kan det vere tale om eit menneske som er som luft, altså usynleg. Etymologisk eksisterer det eit band mellom orda ’ande’ og ’and’. Ande stammar frå gamalnorsk ond, som tydar pust. Seinare er tydingar som ånd, sjel, psyke kome til. Desse ulike tydingane peikar på ein dualitet, ei spalting mellom and og materie som har ridd mennesket sidan Platon. Dualismen utgjer det rudimentære rammeverket for at den instrumentelle fornufta har fått dominere røynda.
At fleire av desse tydingane er i sving i Joanna Rzadkowskas diktbok Luftmensch, er utvilsamt. Dikta utviklar noko ein kan karakterisere som eit pust-eller kroppsproblem, gjerne i forlenginga av den nemnde and- og materiedualiteten. Måten eg kommenterte dualiteten på ovanfor, kan etterlate inntrykket av at mennesket er besett av spøkjelse og framande makter, og at ein kamp vert utkjempa mellom dei, noko som reduserer mennesket til ein åstad eller kamparena for desse maktene. I diktet «Kjøttkroker», som konkret skildrar stiv nakke og støle musklar, avsluttar sistestrofa med biletet av menneske-eget som ein type marionett: «Vedlikeholdet holder også meg / heist opp i snører / som iblant gjør vondt i skuldrene / og muskelfestet i hodet».
Eg veit ikkje om det er søkt å peike på dette, at diktboka som er delt inn i tre namnlause bolkar, finn eit samsvar i andingas tre fasar: inspirasjonen (inhalasjonen); gassutvekslinga eller den cellulære respirasjonen og, til slutt, ekspirasjonen, lufta som slepper ut or lungene. I første del verkar det iallfall som pusten motarbeider dikt-eget, i retning av eit respirasjonsproblem: «Alt jeg gjør er å forstå / hva luften har imot meg.» I neste bolk kan ein tolke følgjande utsegn som å representere den cellulære respirasjonen: «Ein vind blåser inn i munnen, / marinerer meg innenfra.» I siste bolk finst følgjande døme på ekspirasjonen: «når jeg kjenner fukten på kinnet / kloakkens pust mot nakken.» Uansett kor rimeleg eller søkt denne lesinga verkar, kan ein slå fast at pusten, eller pusteproblemet, er sentralt i Luftmensch.
Ja, andedrettet held oss i live. Andinga er så automatisert at ein ikkje er medviten andinga, før andinga vert eit problem. Pustens tilhøve til kroppen har ein analogi i språkteiknets tilhøve til meininga: språkteikna er i utgangspunktet døde, inntil ein pustar liv i dei. Men kva gjer me eigentleg når me pustar liv i teikna? Jo, me les, altså brukar dei. Pustens ulike fasar kan innlysande nok skildre den skapande verksemdas fasar. Når det automatiserte og umedvitne skal hentast fram, må det ha gjort seg til kjenne, vorte til problem: «Pust inn der det gjør vondt.»
Vel, no har eg sirkla inn nokre moglege samanhengar diktboka teiknar opp og kan sjåast under, som, kan hende, synest fjerne frå sjølve dikta. For Joanna Rzadkowskas dikt finn feste (eller kanskje gir dikta uttrykk for at all eksistensiell og kroppsleg forankring er underminert) i eit urbant, hektisk og flimrande samtidstilvere fylt av trivielle aktivitetar som treningsstudio, yogaøvingar, jobb og reiser.
ROMFART Jeg gjør pusteøvelser, jogger opptil flere runder i en park, legger en hånd på brystet og sier: Det går bra. Alt jeg gjør er å forstå hva luften har imot meg. Pusten er kompromissløs. Jeg holder halsen, stadig hardere, teller tikkingen før jeg kommer opp i to hundre, besvimer og drømmer om luftballonger, romskip og den salige atmosfæren på Mars. (Luftmensch, Joanna Rzadkowska)
I diktet aukar andinga og går nærmast amok. Akselerasjonslogikken ligg i hjarta av transformasjonane i den moderne verda. Kroppen er òg ein åstad for akselerasjonen, kroppen vert pressa mot pustens grense og over i det medvitslause. Kanskje er det slik at korkje tid eller liv kan erfarast direkte, berre indirekte, gjennom dokumentasjonen, dei objektive og intellektuelle storleikane («teller tikkingen»), pulsklokka og teljingane. Menneskemaskinen er då også eit av fleire spor i samlinga («Vi er forstadiet. / Forstadiet til en maskin.»)
Den italienske filosofen Giorgio Agamben leverer ein opplysande distinksjon som han lyt gjelde for levande vesen. Agamben skriv at det finst levande vesen og at det finst apparat levande vesen er fanga i. Når ein tenkjer på den enorme førekomsten av til dømes mobilbilete, all den speglande virtuelle røynda som omgjev oss, databanker, nettportalar, men også analoge apparat som bilar, bussar, tunellar osb., har distinksjonen til Agamben intuitivt og openbert noko for seg. Apparata levande vesen er fanga i, inneber ei dematerialisering av kroppen, ja, ikkje berre av kroppen, men i vidare forstand økonomien, fellesskapen og kvardagens sosiale og kjenslemessige utvekslingar. Ein kan seie at apparata det levande er fanga i produserer nye mønstre for kva som er usynleg og kva som er synleg, kva som er erfart og kva som ikkje er erfart.
Slik kan ein frå utsida føre inn kulturelle matrisar, dømesvis ein tanke frå Agamben, der dikta til Joanna Rzadkowska, som tilsynelatande er gått opp i det ordinære livet, kan forståast og rotast i, sjølvsagt med fare for å overtolke og overdrive deira samfunnsmessige resonansbotn, men samstundes med ein sjanse for å auke diktas potensiale som dikt. For korleis skal ein elles få has på det automatiserte og umedvitne kroppsimpulsane som desse dikta står i, utan å overskride dei, fenomena ligg jo per definisjon utanfor den vanlege merksemdas søkjelys og virkefelt. Viss det automatiserte i kroppen, livet og samfunnet skal gjere seg gjeldande og gripbart, er det då som smerte, ubehag – eller kulturteori?
Livet slik det utfaldar seg, er ein illusjon, ein slags spøkjelseseksistens. Sjølve erkjenninga av kva som er på gong, den kroppslege realitetsorienteringa, vert i tilfelle Rzadkowskas dikt dramatisk: «Det har vært bra så lenge / men så kjører det en lastebil / over hodet mitt og jeg våkner opp.»
Joanna Rzadkowska skriv i Luftmensch ledige og tankjevekkande dikt om individet og kroppen i det urbane og stressande kvardagslivet. Rzadkowskas dikt-eg er på jakt etter ei djupare meining og forståing, eit ønskje om «å avkode verda» for slik å gjere plass til kroppen. Dikta tek opp problem samtidsindivida og kulturen lid under, og dikta glimtar til med slåande liner og bilete. Iblant vert språket i dikta for slapt, som om det er fanga i det trivielle apparatet. Så kan ein seie at det litt kraftlause språket er intendert nett slik frå forfattarens hand, for mennesket og kroppen er openlyst fanga i noko. Men eg vil påstå, trass i denne innsikta, at dikta likevel ikkje vert kvalitativt betre av den grunn. Eit lett, luftig og dematerialisert språk har ikkje like store sjansar for å trengje inn som sporsetjande erfaring i ein diktlesande kropp. For då dovnar berre kroppen hen.
Sindre Ekrheim
Bergen, 17.11.2016
(sindre.ekrheim@humbaba.no)