Vevnadens samtale

:poesikritikk


DIKT / SKISSE / FOTOGRAFI

Gunvor Nervold Antonsen

Hans Petter Blad

Reisen

House of Foundation (H//O//F) 2017


Når ein les Reisen, må ein halde fleire ting saman, samstundes. Boka består av dikt, teikningar, skisser og fotografi, det er altså ein dialog mellom ulike kunstformer. Boka Reisen har dessutan Gunvor Nervold Antonsens kunstinstallasjon Reisen som ein ytre referanse. Det finst fotografi av denne i boka. Installasjonen Reisen finn ein i Nesoddparken. Den er sett saman av tretten treskulpturar og 58 kelimar, orientalske teppe frå Mesopotamia, som heng ned frå eit svært eiketre. Kelimane tok Reza Maktabi med seg til Noreg på 1970-talet, han tok diverse polaroidbilete frå reisa og av familiane som laga kelimane. Polaroidbileta finst også i boka.

Å halde saman trådane, to sett av trådar som kryssar kvarandre vinkelrett, er vevnadens hovudoppgåve. Gjennom denne samanknytinga av ulike trådar, vert vevnaden og ulike mønstre danna. Det kan vere greitt å halde frå kvarandre vevinga som prosess og vevnaden som ferdig resultat, eit teppe. Ja, eller ein tekst.

Ein merkar raskt at ein her oppheld seg i eit område med mange og sterke metaforar, som også har historiske band til grunnleggjande tankar kring den litterære tekstens forming. Veving, men sjølvsagt også det å pløye jorda, snu plogen, lage forer i åkeren, er metaforar som ofte vert nytta om diktinga og skrivekunsten. Teksten rører seg som ein vev, eller som ei plog gjennom åkerjorda, der den vender seg frå linje til linje. Reisa er også eit grunnleggjande litterært motiv, alt frå Homers skildring av Odyssevs ti år lange heimreise frå Troja. Men reisa er også eit element i metaforen. Det å overføre tyding frå eitt område til eit anna, slik metaforen gjer, viser korleis tydingane reiser på kryss og tvers i språket.

Men kva er det som held elementa saman i ein tekst? Kva held vevnaden? Kan ein lokalisere eitt punkt i vevnaden som held alle trådande samla?

Dikta til Hans Petter Blad er som innslag i Gunvor Nervold Antonsens kunstprosjekt, eller som nye mønstre, eller nye vevnadar, i den vevnaden Antonsen lagar av treskulpturar, kelimar og eiketreet. Dikta er uhyre rike på kunstnariske og litterære referansar, ofte er diktet bygd over eit sitat, ein del av eit kunstverk, eller det litterære førelegget ligg og gnurar i periferien. Kanskje kan ein seie at mange av dikta djupast sett er ein litterær referanse, brote ut av sin opphavlege samanheng for å ta plass her, knytt inn i ein ny referansesamanheng. Den litterære referansen er noko ytre i teksten, den peikar utover, syner til verda, utsida, andre bøker eller verk. Men i tilfelle Hans Petter Blads dikt i Reisen, er dei også refleksar av eit indre, ein personleg lese-, tenkje- og danningshistorie.

Slik vert Herodot, Fleur Jaggey, Ocean Vuongs, Cavafy, Vermeer, Adonis, Inger Christensen og mange, mange fleire forfattarar, referansar og kunstverk element og trådar i den lyriske vevnaden Reisen. Ja, det er ikkje slik at formålet med dette vert halde særleg skjult for lesaren. Blad tek bladet frå munnen i det siste diktet, «Gog og Magog»: «Som ung ønsket jeg mer enn noe annet å finne / min egen stemme» … «Nå, som jeg har / funnet den, forstår jeg endelig hva det betydde, / hva jeg lette etter. Jeg ønsker ikke å si noe / personlig, heller å bruke det jeg skal kunne si / til å gå i dialog med andre, skrevne og uskrevne tekster.»

Utover denne intensjonelle innramminga fungerer også enkeltdikta som litterære stykke. Her finst tilløp til lyriske passasjar, men ofte har tekstane anekdotens, allegoriens eller aforismens preg. Tekstane kan pregast av ein nærmast objektiv presisjon, der dei zoomar seg inn, slik som til dømes i det ekfratiske diktet «Krybben» som skildrar omslagsfotografiet. Ein gjeng unge gutar kjem gåande, og ein av dei leier ein sykkel med eit vevd teppe på bagasjebrettet. Teksten, ved berre å skildre biletelementa, let oss sjå biletet klarare, men også ved å setje fingaren på det som utgjer ein stor del av biletet: «De har ennå ikke sett oss». Og dei vil sannsynlegvis aldri sjå oss, eller? Me som ser dei, er i skjul for ungane. Ungane hadde nok aldri sett for seg at biletet skulle bli del av eit kunstverk, ein del av ein vevnad. For hendinga som skulle hyllast inn i det usette, i det som berre skulle forsvinne i tidas malstraum, vert lyfta inn i det synbare sitt rike. Likevel, er det som om alle ungane har blikket retta framåt, men sidan ein av dei skjermar auga med hendene, er sannsynlegvis sollyset for sterkt. Dei har sola imot seg.

Det er som om fotografiet og teksten «Krybben» fungerer som det skiljet mellom verda og det førestillbare som den neste teksten, «Det følsomme barnet», grip fatt i. Her skildrar Blad korleis «silken, linet, bomullen eller fløyelen» senkar seg som eit naudsynleg skilje mellom realitetane og førestillingane. Det er noko som må liggje i mørket for at det skal vere mogleg å førestille seg ei anna verd. Slik kastar denne teksten lys over den førre, «Krybben»: «De har ennå ikke sett oss». Dei har framleis difor eit bein i førestillingas, i det som er kunstens, verd.

Så manar også dikta til Blad fram mektige, suggererande undergangsbilete og bilete av overleving. Som når han skriv om det mauriske slottet Alcásar i Sevilla, om tretaket i Ambassadørenes salong: «Himmelen var utformet i tre, skapt av / tresorter med en forbløffende hardhet og tyngde, under en / mulig apokalyptisk flom vil himmelen holde seg flytende i / århundrer».

Litteraturen og kunstverka reiser over geografiske avstandar, gjennom historia. Kunstgjenstandane oppdreg oss, og dei bevarer merkeleg nok tiltrekkingskrafta trass avstandane i tid og rom, sjølv om ein ser andre ting i dei no enn før. Blad lutar seg ofte attende i tida, slik også dei kornete fargepolaroidbileta ber umiskjenneleg preg av syttital, men han rettar seg også framover, med dels sjokkerande vers med politisk rekkevidde: «Blant dagens ihuga lyttere vil enkelte, som ikke nødvendigvis / interesserer seg for poesi, lett høre forskjellen på et / Vickers Wellington og et Halifax bombefly.» Den prosalyriske teksten heiter «Amulett», som peikar på slike gjenstandar ein ber med seg til vern mot ulukker. Om lyden av bombeflya, og bombeflya er å betrakte som flygande amulettar, avheng sjølvsagt om dei er fiendtlege eller ikkje. Og nett det seier ikkje diktet noko om, sjølv om sjølve eksistensen av eit bombefly føreset eksistensen av ein fiende.

Forutan at dette fysisk sett er ei svært ven bok, innbunde i shirting, med doble bokmerketrådar, i gul og grøn, og med fotografi og skisser, så inneheld den dikt som er lærerike og demonstrerer kor fruktbar og produktiv vevnadsmetaforen er. Boka er dessutan ein svært god refleksjonsstad for visuell kunst og skrivekunst. Hans Petter Blads dialogiske dikt spenner opp eit stort historisk, geografisk og litterært rom i det vesle formatet, der eit utal moglege liner, kryssingar og forbindelsar oppstår. Sjølv om dikta må karakteriserast som lærde, i og med kunstreferansanes iaugefallande plass, blir dikta likevel litterært interessante. Det er ei kjelde til forundring at eit såpass stort famnande og heterogent materiale kan haldast på plass innanfor den vesle flata som eit dikt og ein bundel dikt er. Kan ein lokalisere eitt punkt som held alle trådane i vevnaden saman? Sjølv om det skulle vere så enkelt at alle trådane held i kvarandre, blir vevnadens samanbindande kraft like fullt eit mysterium.

Sindre Ekrheim,

Brisbane, 1. mars 2018

(sindre.ekrheim@humbaba.no)