Ven ordkløyving

:poesikritikk


DIKT

Joar Tiberg

Atts jord

Albert Bonniers Förlag 2016


Langdiktet til Joar Tiberg er styrt av blikket for delane. Kva er ein del? Delen føreset jo ein heilskap, og den finst jo openbert ikkje her i langdiktet. Kan det tenkjast at delen kan finnast forlaten av heilskapen, berre eksistere som «litenhets hårdhet»? Totale tankesett og system, som til dømes den globaliserte liberalistiske marknadsøkonomien av i dag, set jo med naudsyn alt, blomane, trea, delane, naturen og menneska, inn i ein underordnande middelsamanheng, herskar over dei og røvar dei for eigenart og sjølvidentitet. Eller er det denne oppdelinga, som er så særprega for vår tenkje- og virkemåte, som er rota til katastrofen?

Eg oppfattar Joar Tibergs bok Atts jord som freistnad på å skrive ein uhyre open naturpoesi, der tinga, dyra og blomane dels er sette fri frå dei herskande og ordnande tankesetta, religionane og ideologiane. Denne frigjeringa, eller kan hende øydelegginga, gjeld også språket: Det er ikkje grammatisk korrekt, heller ikkje syntaktisk velforma. Det trer fram i sine singulære delar fordi språksystemets heilskap er forsvunne, sett i parentes.

korsets

i dets lätthets

moduler


(…)

nedfallet

dens glansighet

dets

avsvävning

dets höghet

i delarna




utdragen stannar

en spetsighet


Atts jord, Joar Tiberg

Kva er ein kross? Krossen påkallar og samlar så å seie heile den kristne kulturen. Krossen er innskriven i kulturen og omvendt. Men den konkrete og materielle krossen kan demonterast i stadig mindre og lettare stykke. Og når vert den demonterte krossen til noko anna enn ein kross, på kva tidspunkt i demonteringa kjem materialet fram som noko i seg sjølv. Den materielle krossen er krossfesta, hengd opp med naglar, i kulturen.

i tunnhetens

stycken

dets stenars




stycken

stannar


Atts jord, Joar Tiberg

Når ei diktbok byrjar med setninga «HÄR BÖRJAR BOKA» og vert avslutta med «HER SLUTAR BOKA», slik Joar Tibergs bok Atts jord gjer, er det på eit vis totalt trivielle og redundante opplysningar. Når setningane dessutan utmerkar seg som dei mest forståelege språklege førekomstane i langdiktet Atts jord, som på overflata mest består av tilsynelatande lause ord utan tydeleg agens, tekstbinding eller klår utseiingsposisjon, bør ein nok likevel spørje bakanfor det trivielle og altfor openberre: kva er grunnen til å opplyse om kor boka byrjar og kor ho sluttar?

Svaret er kan hende ikkje så openbart. Byrjar boka når du opnar permane? Og viss det er etter desse orda, parateksten, at boka byrjar, kva status har setningane då, anna enn at dei konstituerer og dekonstituerer boka gjennom språkhandlingar. Setningane opprettar og avgrensar altså eit territorium, eit HER. Dei gjer oss merksame på konvensjonane, kulturen, det skapte.

Det skapte er truga. Det er eit logisk og eskatologisk poeng knytt til omgrepet byrjing: Antyder ein ei byrjing, føregrip ein òg slutten. Fordi Gud skapte verda, opna Gud for apokalypsen, slik også denne boka verkar å føregripe eller å befinne seg i eit jordisk samanbrot. Gjennom heile dette særmerkte langdiktet, som balanserer på forståingas kant, og ofte fell ned på den sida der ein ikkje forstår så mykje, og i staden må nøye seg med ordlyden, kling katastrofens over- og undertonar. Det som er skapt, er uvegerleg stemt av katastrofen, rett og slett.

Som ein ser, er tolkingsvala alltid fleire i møte med Tibergs langdikt. Det er eit vedvarande trekk ved diktet, nærmast uansett kor ein festar augo. Men for å avslutte avsnittet: I det minste markerer innleiings- og avslutningsorda i Atts jord at det her er ein skilnad på ordet og jorda, på språket og verda. Men frå no av høyrer dei saman, ofte på konfliktfylt vis.

Eit anna markant trekk ved diktet, er at det berre finst tredjepersonspronomen genitiv, «dens» og «dets». Tiberg har lagt sin elsk på genitiv-s-en. For veldig mange av orda og versa endar i denne vislande, spisse s-lyden. Spiss nett som naglane som vert utdregne av krossen. Ein kan, om ein vil vere litt spekulativ, tenkje at Att står for ein grammatisk partikkel. Anten den grammatiske subjunksjonen att, eller infinitiven att (som indikerer handling). Eksistensfilosofien er oppteken av faktumet at noko er ikkje indikerer ein påstand om essensen eller vesenet til det verande.

Diktet saknar som sagt ein agens, ein tydeleg utseieposisjon. Likevel antyder genitiven ei form for tilhøyrsle, som i Atts jord, men kva dei enkelte delane høyrer til, er nærmast umogleg å finne ut. Det er som om tinga og plantane har aspekt og kvalitetar, og det vert antyda at dei står i forhold til noko anna, men nett korleis dette forholdet er, er i det uvisse, kanskje òg i ulage. Tilhøyrsle, å høyre til, indikerer noko auditivt. Å høyre til ein stad, er å lytte, eller innta ein stad er å markere territorium gjennom lyd og song slik fuglane gjer.

stavelserna

tystnadens

dukar


Atts jord, Joar Tiberg

Ein får presentert språket, naturen og mennesket i tråd med oppdelinga, som demontert, øydelagd og slakta: fingaren, handa, ansiktshalmen, bakbeinet, augo. Jorda kjem i dette diktet fram på same vis, som grøft, ei antyda brakkmark (ei tørrlagd myr). Verda bak orda er vanskeleg å skimte, men eg får assosiasjonar til eit arkaisk landskap, av jorddyrking, enkle reiskapar, sanking, det gjer eg sjølv om ordet «maskin» også finst her. Trass i meiningssamanbrotet på språknivået, går det eit band gjennom diktet, mellom anna om ein ser på dei omtala formene: grøft, kvelving, opning, hals, auge. Og sjølve forminga vert også påtala: me høyrer om dyrking, våpen, handtak, spade. Verba, som det ikkje er mange av, indikerer først rørsle, så noko som stoggar og så noko som samlar noko.

Det arkaiske aspektet vert understreka av følgjande vers: «andra torrhets / Mosebok». Versa siktar til då Moses delar Raudehavet i to, slik at folket kan sleppe turrskodd gjennom: «Då rette Moses handa ut over havet, og Herren dreiv havet bort med ein sterk austavind, som bles heile natta, så havet vart til tørt land. Vatnet vart kløyvd.»(2.Mosebok, 14.21). Med tanke på det som skjer i Tibergs diktbok, står Moses fram som ein som drenerer landjorda, gjer klar for dyrking, men også valden. Og denne skiljinga, kløyvinga og oppdelinga av havet, finn ein att hjå dyret, i «klovarnas / växtlighet / dets / kluvnad». Kløyvinga av havet, ei kløyving som opp gjennom historia har eskalert, kunne ein seie, både i form av deling av land, av eigedomsrettens perversjonar. Ein finn det også i vitskapens verd, der atoma vert sett på som byggjesteinane i universet. Oppdelinga vert finare og finare. Ein står difor att med ei verd som har falle frå kvarandre, fordi målet med delinga, alltid er gjort med tanke på utbytting, krig og økonomisk vinst.

Joar Tibergs langdikt, som er språkleg oppløyst inntil det ekstreme og difor uhyre opent for moglege tolkingar, kling vent i all sin lagnadstunge og nærmast religiøse gåtefullheit:

till vithetens hällar

pekar


förstôelsens stenar




(…)

dets dike

dens torrhts

blomma

vid blommas träde


Atts jord, Joar Tiberg

Men langdiktet Atts jord er ikkje berre vislande vent. Det skjuler også ei poetisk-språkleg tenking som freistar å gripe (ved ikkje å gripe) noko enkelt som er uhyre komplisert. Det handlar om omverda vår, om den økologiske krisa og freistnaden på å innsirkle ulike måtar å vere i interaksjon og utveksling med omverda og naturen på. For korleis høyrer me til her på joda? Korleis høyrer Att til jorda. Når ein vert merksame på desse perspektiva, vert Joar Tibergs langdikt viktig og vent.

Bokmeldingane eg har lese av Atts jord representerer temmeleg slette lesnadar. Stort sett har meldingane vore velmeinande, men i grunnen har dei avfeia boka med at poesien til Tiberg er fundamentalt uforståeleg. Det uforståelege vekkjer tydelegvis djup harme. Men det er underleg då, at språket som me uttrykkjer forståinga vår med, er, når ein delar det opp, er sett saman av komplett uforståelege teikn, som dømesvis bokstaven t, og like fortvilande meiningstome lydar, som o-en til dømes. Heile sivilisasjonen verkar bygd opp på uforståelege og opake elementærpartiklar. Korleis forstår ein desse? Tek ein dei berre for gitt? Det er tydeleg at Tibergs poesi føreset andre lesemåtar enn det ein til vanleg møter poesien med. Sjølvsagt risikerer ein å overtolke inntil det latterlege, men det er ein profesjonell lesars plikt å gi tentative trådar og perspektiv der poesien vert om ikkje fullt ut forståeleg, så iallfall vert gitt ein samanheng der han kan lesast med eit visst utbytte.

Atts jord syner oss at tinga og mennesket alltid peikar, mot noko anna, mot omverda, at dei står i forhold til kvarandre, at dei har vore føydde saman eingong, men at dette tilhøvet er vorte djupt forstyrra. Det er som om plantane og blomane og tinga er vortne forlatne. Dei utdrivne tornenes og naglanes tynne spissheit griner mot oss.

 

Sindre Ekrheim

Bergen, 14.12.2016

(sindre.ekrheim@humbaba.no)