Språket i det frie

:poesikritikk


DIKT

Bård Torgersen

Jeg ikke dum

Flamme forlag 2017


Stilen er munnleg og nonsjalant. Dikta til Bård Torgersen er refleksjonsdikt, eller assosiasjonsdikt, der den eine setninga og den eine strøtanken tek den andre. Det byrjar med eit besjela kosmos som kanskje ikkje er heilt i balanse, me høyrer om ein bror som er daud, om ein tur til Phnom Phen og skyting med maskingevær, som ein turistattraksjon, mellom anna. Det er ein nokså skrudd fyr i byrjinga av 50-åra diktrøysta stammar frå, som på sin heilt eigen måte tek, eller kan hende skjer av, pulsen på tidsanda. Det han ønskjer, er å forvirre:  «vær stille // jeg snakker / sant / for å forvirre».

Tittelen er symptomatisk for tekstane i boka: Språkfeilen gjendriv og svekkjer sjølvsgt utsegna «Jeg ikke dum». Språket avslører subjektet, sannsynlegvis utan at det sjølv har innsikt i kva som skjer, men er openberrt for alle andre.

Ein kan sagtens spørje om det ligg noko meir i desse dikta anna enn at rekkja av setningar ofte er underhaldande, anten dei negerer kvarandre i eitt bankande køyr eller startar ut poetisk, for så å vise at ein ikkje er uthaldande nok til å halde det gåande, og heller øydelegger det ein ønskjer å bevare. Det er sjølvsagt dumskap:

stille vann
jeg liker stille vann
en gang
holdt jeg på å drukne
det var min egen skyld
jeg klandrer ikke
vannet

Bård Torgersen, Jeg ikke dum

Mot slutten av diktboka får ein servert ein sjølvkarakteristikk som syner sjølvinnsikt: «det er nok babling nå». For kanskje er det slik at røysta i denne diktboka skapar den språkfella han sit i og skiten han søkk i. Biletet som er trykt på omslaget heiter forresten Trapped in quiksand.

Det høyrest unekteleg enkelt ut å tilsynelatande slentre seg til ei diktbok på dette viset, men faktum er at det oppstår mange fine, oppsiktsvekkjande liner, om enn dei kjem frå ei demagogisk røyst, som til dømes at «all dritten / jeg hiver i søpla / blir til stjerner / om natta». Det som bind og skapar den underliggjande komikken, er logikken, den logiske forma som ikkje tek relevansomsyn, slik som i denne syllogismen:

alle dør alene
tenkte jeg
flyet kommer ikke
til å styrte

Bård Torgersen, Jeg ikke dum

Ironien er avslørande. Om ironien ikkje er dobbel då, slik at «jeg ikke dum» er ei utsegn som først syner at jeg er dum, men som deretter demonstrerer at den som er dum, likevel, til slutt, er den klokaste. Tja. Slik kan det bli, om målet for akrobaten er å oppnå språklege forvirringstilstandar. Bård Torgersen har skrive ei diktbok som framfor alt inneheld mange fikse, morosame formuleringar, frå eit subjekt som ikkje har heilt kontroll på språket. Skremmande er at måten subjektet argumenterer på, for å fundamentere og omskrive sitt egos verste sider til stjerneskimmer, likevel er høgst attkjenneleg, altfor-menneskeleg. Me resirkulerer, trur søppelet blir til stjerner og let samvitet skinne.

Sindre Ekrheim

Bergen, 26.11.2017

(sindre.ekrheim@humbaba.no)