Sonettkrans i krisetid

poesikritikk:


DIKT

Camilla Groth

Rundt jorda

Cappelen Damm 2020


Av Sindre Ekrheim | sindre.ekrheim@humbaba.no


Elegante dikt som omfamnar tradisjonen

Å skrive ein sonettkrans slik Camilla Groth har gjort, er eit ambisiøst prosjekt. Sonetten er ei gamal strofeform, som oppstod i Italia på 1200-talet. Særleg vart sonetten dyrka av den italienske diktaren Francesco Petrarca (1304-1374), den har overlevd og er med ujamne mellomrom nytta i norsk etterkrigslyrikk, mellom anna av Olav H. Hauge. I nyare skandinavisk samanheng kjem ein ikkje utanom danske Inger Christensens Sommerfugledalen – et requiem (1991) om ein snakkar spesifikt om sonettkransen.

Rundt jorda har som eit tematisk utgangspunkt kosmos, kloden og det skiftande og yrande biologiske livet – og den trugande økologiske krisa. Sonettane tek for seg gjensidig avhengigheit, herredømet til mennesket, livsformer, økokrisa, og eventuelle vegar or krisa. Diktet endar med eit nokså optimistisk utsyn, knytt til naturerfaringar og innsikt den enkelte kan skaffe seg, kanskje gjennom kunsten: «I glimt, en vektløshet i alt som tynger / skal nye toner svinge nå / bli født / gjennom jordas smil som står på gløtt / der går jeg inn i gommen, prøvesynger.»

Sonettkransen er ein formell komposisjon som på mange vis passar det økologiske temaet godt. Sonettkransen består av fjorten sonettar pluss ei femtande, meistersonetten. Sonettane kjedar seg saman, i eit tilhøve av avhengigheit, fordi siste lina i den føregåande sonetten vert til den fyrste i den komande. Sirkelen av sonettar, som kan samanliknast med årets syklus, vert slutta ved den fjortande sonetten, som endar med det fyrste verset frå den fyrste sonetten.

Diktet til Groth er muntert, sorglaust og forvaltar ein språkleg eleganse som står i motsetnad til det alvorlege innhaldet. Eit mogleg problem er at sonettkransen, som odlar det mønstergyldige, ikkje formelt speglar det brotet med naturordenen økokrisa inneber. No treng ikkje eit krisedikt utarbeidast som ein pessimistisk utopi. Og jamvel om sonettkransens maskineri berre rullar vidare her, så er det også noko prisverdig i at Groth påkallar den enkle naturerfaringa og det jambyrdige samspelet mellom mennesket og natur som ei mogleg kriseløysing. Og Rundt jorda skal ha for å vere vågal og for å knyte sterke band attover, til tradisjonen. Det finst grunnar til at me er komne nett hit som me er komne.

Fusa, 6.november 2020