Skriftas kontraksjon og ekspansjon

:poesikritikk

DIKT

Henning H. Bergsvåg

Du er ikke her

Gyldendal, 2016


sromfEin måte å betrakte dikta i Du er ikke her av Henning H. Bergsvåg på, er å sjå enkeltdiktet som eit mixtum compositum av prosa og dikt. I nærmast éi og same rørsle vert teksten fortetta, som i diktet, og ekspandert, utbrodert som i prosaen. Ein kan samanlikne diktkomposisjonen med ei lunge som pustar. Pusten er då også eit motiv som dukkar opp fleire stader i tekstane, alt fyrste bolken ber tittelen «I rommet hun puster».

Den skjelsettande hendinga som formeleg har brent seg fast og som det vert krinsa rundt i dikt etter dikt, er eit kjærleiksvik, opplevinga å verte forlaten av kjærasten som eg-et ikkje vil gje slepp på.

Denne hendinga har beintfram skote seg ut av røynda og kapsla seg inn, slik me ser i eit av dei kortare dikta i samlinga, der poeten vekslar mellom trivielle, konkrete observasjonar og ei biletleggjering som stengjer du-et inne, i eit forsøk på fange eks-kjærasten.

Noen av tingene dine er her fortsatt. Jeg finner en
sokk under sengen. Den ligger der på vrangen.

Det fins et døgn inne i døgnet, og der beveger du deg.

(Du er ikke her, Henning H. Bergsvåg)

No kunne ein innvende at dette litterære forlaten–av–kjærasten–motivet alt har vore handsama av ein ikkje ukjend Bergensforfattar. Men ein må hugse på at i vurderinga er ein sjølvsagt avhengig av turneringa, komposisjonen og den partikulære skrivinga. Kjærleikstapet er eit gammalt, litterært grunnmotiv. Hos Bergsvåg vert dette utvikla i ei eiga retning, især henimot eksplisitte refleksjonar knytt til skrivingas moglegheiter, fråvere og forsvinning. Slik vert tapshistoria heile tida, og ofte på eminent og tankevekkande vis, silt gjennom eit skrifttematisk prisme, ein pågåande refleksjon over kva diktet kan romme, kva ein kan forvente av eit dikt og kva slags skuffelsar som ligg der om ein forvekslar diktet med ein bestemt type levande røyndom, jamvel om røyndomen i diktet er til forveksling lik. Diktet har sjølvsagt ein røyndom i seg sjølv og for seg, men det er på sett og vis makteslaus andsynes dette å mane fram ein røyndom som present.

Diktet sier noe jeg ikke skal si. Som jeg umulig kan si. 

Den ene hånden skriver så altfor lett, den
andre prøver å hindre den. Slik er det. 

Aldri så du meg. Aldri så jeg deg. Det tar ikke bort fraværet. 

(Du er ikke her, Henning H. Bergsvåg)

smilEg-et vil, som sagt, ikkje gje slepp på eks-kjærasten. I dikta går denne fetisjeringa av eks-en så langt at det eksplisitt og tidleg i boka vert utvikla eit spøkelsesmotiv, eit motiv som spreiar seg utover i boka. Eg-et vert formeleg heimsøkt av sine eigne minnebilete, anten det vil eller ikkje. Ein stad verkar det som om eg-et har underkasta seg denne kvinna så sterkt, at eg-et nærmast lever i ho og er på grensa til å utslette seg sjølv, igjen spøkelsesmotivet: «Jeg er fanget bak øyehinnene dine. Jeg er et dyr som har satt seg fast etter / å ha sneket seg inn i kjelleren. Du vet jeg er der nede, men våger ikke å /gå ned trappen og se.»

På same tid vert spøkelsesmotivet til eit skriftmotiv, det vil seie at diktskrifta per definisjon er heimsøkt av noko fråverande. I tillegg vert tilhøvet mellom røynd og skrift tematisert: Ei djup framandgjerande kjensle slår igjennom, når eg-et så å seie er medviten om at det ikkje lenger kan vere til stades i sin eigen tekst idet han vert skriven. No er det ein annan sin kropp, lesaren sin kropp, som tek skrivarens plass.

Jeg vet at jeg ikke lenger er her.

Er denne skriften et medium? En ånd som fra en
skodde bak tid og rom søker en vei
ut mot en klaring?

En full mann vandrer stille gjennom
gatene. I morgen husker han ikke hvordan
han kom seg hjem.

Akkurat nå beveger kroppen hans seg gjennom
smugene, men han er der ikke.

(Du er ikke her, Henning H. Bergsvåg)

Det som imponerer med Bergsvågs dikt, i tillegg til at han skriv fram det eg vil kalle overraskande setningar, altså setningar som får lesaren til å tenkje og undre seg, kanskje også sperre opp augo, er den gjennomførte komposisjonen. Dualiteten, kall det dialektikken, mellom anatoginsten og protagonisten, eller kall det tvidelinga, eller kall det noko anna: den gjer seg iallfall gjeldande på fleire nivå i teksten og tvidelingane er nennsamt inkorporerte. Prosa versus dikt, han versus ho, no versus då, røynd versus spøkelse, trivielle observasjonar versus meir høgtflygande funderingar, eller at Bergsvåg skriv dikt om det faktum at kjærasten har forlate eg-et og samstundes, i same diktet, reflekterer over skrivingas moglegheiter. Og: Trass i at det ligg til desse enkeltdikta å spreie seg utover sidene på tilsynelatande umotivert, abrupt vis, som om setningane var pussige innfall (noko dei ikkje er, sjølvsagt) herskar ein stringens på eit overordna kompositorisk nivå.

smilan

Då  kan eg heller sjå gjennom fingrane med at setninga «din kropp opptok bare en knapp kubikkmeter i rommene» har sleppt inn i diktboka. Eg skal sjølvsagt ikkje uttale meg om kor tynne damekroppar helst bør vere, men ei kubikkmeter med kvinnekropp er etter mitt skjønn ganske mykje kvinne.

Teksten til Bergsvåg prøver å motseie meg når det gjeld komposisjonen. Ein av dei fem bolkane i boka ber tittelen «Nigredo», eit omgrep henta frå alkymien som tyder dekomposisjon (oppløysing, spalting). Poenget for alkymistane var at alle stoffa, før dei kunne verte gull, skulle lutrast ved å kokast til ein einskapleg svart masse. Den svarte massen er skrifta, det eg-et sit att med. Poeten Bergsvåg veit at alkymistane ikkje lukkast. Hensikta til Bergsvåg har altså ikkje vore å lage ei glimrande gullskrift.

Tekst og bilete: Sindre Ekrheim, Bergen 22.09.2016

(sindre.ekrheim@humbaba.no)