Rykte om verda

:poesikritikk


DIKT

Pia Tafdrup

Lugten af sne

Gyldendal (dansk, 2016)


DEN DANSKE POETEN Pia Tafdrup har gjort heile diktsamlinga Lugten af sne til gjenstand for duftpåkallingar.

S.ekrheimTAFDRUP ER i denne boka ein poet som arbeidar i det utbroderande formatet, i stadige ordslynger og verskvervlar som ekspanderer og trekkjer seg saman – lik luktene, utan å fråvike sitt tematiske grunnanslag. Gjennom ni titulerte avdelingar som kvar inneheldt seks eller sju dikt, er det ei omfattande, tilsynelatande systematisk poetisk luktundersøking Tafdrup har gjeve seg i kast med. I tillegg til den fysiske sida ved luktesansen, frå nasen til luktmolekyla, byd dikta talrike duftstrok og gjev samla sett lesaren eit rikt eksempelmateriale frå luktenes rike.

Lugten af sne er vorte til ein katalog over dei behagande duftene, men også, i alle fall i nokon mon, over stanken, urinen, det skitne. Her er dikt om tomatar, om urinering, om lukta frå ein kjær person som vekker forventing. Det samfunnsmessige trer inn i duftenes rike «med lugt / af blodplettet februar», i diktet «København ramt». Det handlar om skotdrapa i København på kulturhuset Krudttønden 14.febrauar 2015 under eit debattarrangement under vignetten Kunst, blasfemi og ytringsfrihed.

Opningsdiktet startar i det nærmast duftnøytraliserte, i snøen.

Jeg indånder sneluft, indånder et verdensrum,
sneen daler, danser mellem træer, danser
under gadelygters lyskegler, sneen har mistet himmelen,

sneen hvirvler gennem rummet, jeg indånder kulde,
indånder renhed, sneen er hvile for sjælen,
tanker stiger op, ekspanderer, men hvert fnug søger

sit tilfældige centrum i verden, snehimlen lægger sig
på jorden, noget rækker ud over kroppens grænse,
noget større er til, end jeg kan omfatte, kun ane,

 (Frå diktet «Ånd», Lugten av sne, P. Tafdrup)

S.ekrheimI desse fire strofene, av totalt sju, i opningsdiktet, er det nett som om snøen synleggjer den usynlege luktas rørsle og åtferdsmønster. Slik som «sneen har mistet himmelen», har lukta rykka seg laus frå kjelda og utspringet, objektet sitt. Som ein les i desse remsene, er luktesansen avhengig av pusten og andedrettet, Trass i at lukter er flyktige og substanslause, er dei eit kroppsleg fenomen.

DET KATALOGAKTIGE, oppramsande aspektet som synest å vere typisk for diktsamlinga, vert eksplisitt uttrykt i avdeling V som ber namnet «De fem årstider. Et duftkatalog». Førstestrofa i førstediktet heiter «Sommer» og det startar med ein sterk rytmisk-allittererande sommaridyll, med ein overflod av luktremser som i prinsippet berre kunne halde fram.

Lugt af hav, af pålandsvind ved kystens skrænt, af sand
og strand og solvarm hud, af salt i håret, lugt af kroppens
sommersarte nerver, lugt af eng og champignon, jasmin
og vilde roser, lugt af kaprifolie, lugt af hyld, af kirsebær
i træet, plyndret af en kæmpe stæreflok, af knuste fugleæg

(Frå første strofe «Sommer», Lugten av sne, P. Tafdrup)

Diktets påfølgjande strofer, like katalogiske som dei førre, synest å farge idyllen med barndomsminne om ein whiskystinkande farfar, deretter om byens bustadslause, før diktet bryt ut i ein slags valdens luktkakofoni; ein tydeleg og klår motidyll. Plyndringa av kisebærtreet og dei knuste fugleegga i førstestrofa er frampeik om kva som ventar lesaren:

lugt af et organisk liv, af rå forbrydelser effektueret
i mit eget land med stank af mord, af bestialske overfald
ved nattetid, at voldtægt, blod, incestkemi, forsyndelser
begået i det skjulte mod de nære eller fjerne, lugt af kroppens
rædselsslagne celler som den ramme lugt af rævegrav,

 (Frå sjuande strofe av «Sommer», Lugt at sne, P. Tafdrup)

Så, etter at alle desse motsetnadsfylte duftene har fått blanda seg i kvarandre, i strofe etter strofe, kjem det velsigna regnet inn i sistestrofa og reinskar verda att.

s.ekrheimEI LUKT FORSVINN eller vert erstatta av ei anna, anten ved mekanisk og kemisk handsaming, slik det vert skildra i diktet «Rengøringsgifte», eller ved at lukta berre for-duftar. Kva spor set luktene att i oss? Kva er lukt?

LUKT ER sjølvsagt eit vanskeleg fenomen å forhalde seg til og attskape, både i vitskapens og poesiens skrift. Ord luktar ikkje («Duftløse ord»), men det gjer bøkene («Lugten af bøger»). Det er som om luktas flyktigheit gjer alt snakk om lukt like flyktig; me synest å vanta eit velutvikla, presist luktvokabular. Det er umogleg å omsetje luktinntrykk til ord.

Lukt kan heller ikkje karakteriserast som noko i seg sjølv. Ho kan best forståast ved hjelp av luktkjelda, objektet lukta strøymer frå. Slik hamnar også Tafdrup uvegerleg ved objekta i verda, dei som produserer og framkallar lukt, eller ho stoggar ved dei reaksjonane luktene skapar i mennesket. Og det er der desse dikta vert verande. Dikta følgjer luktas struktur, dei løyser seg så å seie opp i lufta. Att står verda.

Lukt i og for seg sjølv, om det går an å seie så, er framleis, uansett om hjernen reagerer på duftpåverknad, eit mystisk og flyktig fenomen i Tafdrups dikt. Lukt er i beste fall spor, aning, teikn for noko anna.

EIN SKIL OFTE mellom synet og høyresansen, som har eit ytre medium, lufta, og på den andre sida nærsansane, smak og berøring, som er meir fysiske og som har kroppen som medium. Lukt befinn seg ein stad mellom desse og er difor ikkje objektiv. Luktesansen vert difor rekna som ueigna som kunnskapskjelde og kunnskapsbasis.

s.ekrheimDET SÅKALLA OLFAKTORISKE, det som gjeld luft og duft, har i den vestlege kulturhistoria heller ikkje vore verdsett like høgt som andre kunnskapskjelder. Platon betrakta nytinga skapt frå dufter som mindre nobel enn den ein fekk gjennom synet og høyresansen. Kyrkjefaderen Augustin skal ha skrive: «Skammar du deg ikkje over å tru at nasen kan vere eit middel til å finne Gud?» Rasjonalisten Descartes såg på lukt som vulgært.

Synet vert delt av den romerske forfattaren Martial, Romas førstenase. Han skreiv epigram der odørane frå byen, frå tjuvar og seksulle avvikarar, blanda seg inn i epigramma. Lukta frå ein forbipasserande var nok til å mate poetens muse. Martial samanlikna lukta med fama, rykte. Epigrammet om Bassa inneheld tretten liner som berre skildrar motbydelege lukter, før Bassa sjølv trer inn i epigrammet. Martial proklamerer då at han heller vil stinke som desse motbydelege luktene han har lista opp enn som Bassa.

NASEN er eit apparat for smak, for å markere kulturell sofistikertheit. Tafdrup har nase for poesi, for å kombinere ei strengt avgrensa tematisk utforsking med ein nyanserik språksans som ryddar verda slik at det gjer plass til kroppen. Om ein skulle meine at dikta ikkje set seg heilt i lesaren, løyser seg opp i lufta, trur eg det er fordi Tafdrup er på parti med lovene for luktene. Dei er som fama. Når ein går ryktet nærmare etter i saumane, løyser det seg opp. Til fordel for det verkeleges kome.

Sindre Ekrheim, Bergen, 22.7.2016

(sindre.ekrheim@humbaba.no)