Røyk i slentrande og forteljande dikt

:poesikritikk


DIKT

Daniel Boyacioglu

Allt om eld

Wahlström & Widstrand (2016)


I DEN SJETTE diktsamlinga frå syrisk-svenske Daniel Boyacioglus hand, Allt om eld, møter lesaren ein poet som krinsar om smått og stort i dagleglivet. Det handlar om eit uttal emne, om fritid, vener, jobb, familie, oppussing, originalar i oppgangen, sorg, sakn, lengt, oppvekst, om nyvunnen og tapt kjærleik. Dikta utspelar seg i notidspresens, men med tilbakeblikk på oppveksten som innvandrar i Sverige, eller på den nærare fortida, til dømes sykkelturen Boyacioglu la ut på til Spania i 2011, med mål om å nå Gibraltar og samstundes skrive dikt når kroppen er i ein tilstand nær fysisk utmatting og samanbrot.

TITTELEN Allt om eld minner om tittelen på ei oppslagsbok der all verdas kunnskapar om eldens fysiske og sosiale tyding er kompilert, frå opphavstider til no. Men Daniel Boyacioglu er også, som det vert opplyst om på innbretten, brannmann, altså ein brannsløkkar. Diktet om korleis han vert brannmann, «Brandkårsdikt» der han vert tatt opp i brannmannsutdanninga på «poesikvoten», utfaldar ønsket om å distansere seg frå poetrolla og frå at brannmannsjobben skulle representere eit slags poesiprosjekt (slik som sykkelturen 2011 til Spania dels var):

…
jag kunne tänka mig gjöra vad som helst utom att vara poet,
ju längre bort från poesin, desto bättre. Och tankarna på
   brandkårsyrket kom tillbaka.
Brandkåren passar mig också etfersom man jobbar skift,
   tänkte jag.
Jag får känna at jag har en kropp och att jag med den kan
   arbeta.


Frå «Brandkårsdikt», Allt om Eld

Besynderleg at poesien her vert stilt i opposisjon til det kroppslege, det er vel nett det kroppslege som i fleire tiår har vore eit underleggjande motiv i poesien. Men det er nok sant at ein neppe kjenner direkte endorfinrushet romstere i kroppen etter å ha skrive eller lese eit godt dikt, sjølv om ein nok kan kjenne på eit visst velvære.

STILEN ER ikkje poetisk revolusjonerande og paraderer ikkje med originale bilete eller eit idiosynkratisk språk som freistar å tøtsje transcendensen. Eit øydelagd kjøleskap kan vere utgangspunkt for eit dikt («Mitt kylskåp pajar och jag köper ett nytt») som sneiar innom eit øydelagd kjærleikstilhøve, brotet med ei gammal kjæraste. Stilen i desse dikta er munnleg, slentrande, abrupt, svært ordrik, utførleg, kvardagsleg og nedpå. Realistisk, og forteljande, med dikt som strekkjer seg over fleire sider, det nemnde «Brandkårsdikt» er på 11 sider. Dikta verkar dessutan ikkje å avstå for, med overlegg, å setje klisjear inn i diktsirkulasjonen. Stilvalet har nok samanheng med Boyacioglus bakgrunnen som rappar og slampoet, med tre plateutgjevingar attom seg. Likevel er det berre eitt dikt, «Det var en gång, två åttor» som eksellerer i rappens rytmar og rim.

EIN KAN FÅ INNTRYKK av at absolutt alle fenomen kan trekkjast inn i diktet, verte dikt. Her er ingenting utelate. Alt som kan forteljast, vert fortalt, i ein minutiøs og utbroderande detaljrikdom. Som poetikk er det sjølvsagt prisverdig fordi denne beredskapen utvidar diktet. Men om diktet fungerer som ein påstand, om at dette er eit dikt, vil det sjølvsagt verte ein tom gest. Slik det også vil vere om diktet vert til dikt fordi det er ein poet som skriv dikt, nett som diktet er eit ritual. I diktet «Ritual» heiter det: «Ett samtal kan börja någonstans / och försvinna i en riktning. Men också en tom buss ska åka. / Också en tom buss ska åka sin rutt förbi busshållplatser / i fall någon vil hoppa på …». Slik kan ein altså iblant få eit bestemt inntrykk av at dikta til Boyacioglu her og der går på tomgang eller at språket er ein tom buss, sjølv om tomgangen og den tome bussen vil late seg innpasse i ein tilfellets og sjuskeriets estetikk. No må det seiast at biletet av den tome bussen som slingrar seg heltemodig langs den førebestemte ruta, er eit veldig fint bilete. Ja, her må ein nok grave litt for å finne dei briljante bileta, eller iallefall vente til røyken legg seg, for dei flotte bileta er oftast pakka inn i tjukk språkrøyk.

ELDEN ER – slett ikkje overraskande for ei samling som ber tittelen Alt om eld – eit sentralt og gjentakande motiv i dikta. Eg har allereie nemnt elden i tilhøve til brannsløkkinga. Det som er meir overraskande, er at elden, den som oftast står som bilete for høgintensiv kjensleliv eller kamp, også står som bilete på noko svært sedat her, nemleg piperøyking. Piperøykinga forseglar sjølve freden og fredslutninga; piperøykinga er ei tilfreds handling. Diktsamlinga startar med eit dikt der poeten er på veg for å kjøpe pipetobakk, seinare får ein eit heilt dikt om piperøykinga, i «Pipsvit».

Sjølv om poeten omtalar seg som betongbarn, har innvandraroppvekst, kjenner seg heimlaus, stillar seg på dei arbeidande, svake og undertrykte si side og støtt rører ved den beredskapen poeten har mot ei «helvit värld», verkar det også som poeten uttrykker tilfredsheit, til og med djup fortrulegheit og forsoning med den kvite verdas kultur. Sjølve piperøykinga fungerer som ei tilfredsheitas akt. «En diktsamling och en kopp kaffe tack» fortel om korleis han kjøper Göran Sonnevi- og Folke Isaksson-samlingar til «priset av en kopp kaffe» og skriv at «Dom böckerna har jag tilldelat en egen hylla». Han undrar seg over korleis han kan makta å elske desse bøkene som dei tidlegare eigarane.

I forhold til Athena Farrokhzad står Daniel Boyacioglu fram som ein heilt annan poettype, ikkje berre er han meir nøgd og meir integrert, men språket til Boyacioglu er meir kvardagsnært, slappare, mindre spissa. Men kvifor skal ein samanlikne desse poetane? Ei slik samanlikning tyder ikkje at Boyacioglu har skrive dårlege dikt, berre at han har ein annan innfallsvinkel til poesiskrivinga.

Sindre Ekrheim, Kråno, 7.7.2016

(sindre.ekrheim@humbaba.no)