Poesi, finans og revolusjon

:poesikritikk


DIKT

Joshua Clover

Rødt epos

Gjendikta av Paal Bjelke Andersen

Audiatur 2017


Ord som arbitrasje, pengar og finanssirkulasjon er ikkje nett høgfrekvente i lyrikksamanheng. Slike, og ei rekkje liknande termar, er i sving i Rødt epos. Tida er inne for å spørje slik Joshua Clover gjer: «For hva vet vel egentlig / poeter om kapital?» (s.58). Attom spørsmålet ligg mistanken om at poesien ikkje interesserer seg for sirkulasjonen og akkumulasjonen i finans- og pengesektoren og har forvist emna frå estetikkens område. Clovers diktbok, derimot, insisterer på at poesi og pengar er del av same verda. Rødt epos er ein gjennomgang av revolusjonshistoria frå Sapfo og opp til dagens rappartistar og ein freistnad på å overskride historia ved å skrive dikt til den komande verdsrevolusjonen.

Men kva er verda, om ho ikkje først og fremst er vorte til eit verdssystem, ein verdsmaskin, plassert i hendene på nokre få, finansielle nettverk? Poesi og pengar er del av verda, men verda er ikkje ein statisk storleik. Verda er rørsle, utvikling og sirkulasjon, ein maskin som syg til seg meir og meir, og forvandlar alt saman. Dikta til Clover ber fram pulsen og rytmane frå handels-, penge- og varesirkulasjonen. Clover skriv om den «motordämmerung» som den kriseramma bilbyen Detroit opplevde. I elegante, nærmast vakre ordelag, manar han fram venleiken i dei materielle pengane, myntane og setlanes relieff og deira glans. «Ildseremoniens» andre del, «Transistor», tek opp i seg forskjellen på å gjere revolusjon og å synge om revolusjonen.

Under lesnaden av Rødt epos vert eg hengande ved eit uroande bilete som verkar å stå i midten av kampen dikta skildrar og tek del i: Når mennesket betraktar eit bilete det sjølv er ein aktør i, vil mennesket framstå som dels avmektig, fordi det er så mykje som er prisgjeve omgjevnadane, dei historiske vilkåra. Slik er forholdet også for diktlesaren: Diktet er ikkje først og fremst eit objekt, men ein meiningsrelasjon der subjektet og objektet viklar seg inn i kvarandre gjennom stadige transformasjonar, forskuvingar og utvekslingar.

Pengar og poesi er altså av same verda: «… og tog og språk og penger var de vanligste måtene å frakte noe over avstand og tid på» (s.62). Sjølv om diktet er av denne verda, så å seie konformt, tilpassa verda, har det også moglegheit for motstand og evne til frammaning av utopiske verder: «Diktet må ta side for opptøyer og plyndringer barrikader okkupasjoner manifester kommuner slagord brann og fiender». (s. 22). Det er også litterære figurar som føreskriv motstandspotensialet i poesien: «Jeg elsket at palindromet og ourobouros og t-banesystemet vendte seg mot seg selv» (s. 69). Er det tale om aktiv motstand eller å vente på kapitalismens sjølvfortærande kriser? Eit palindrom er eit ord eller tal som kan lesast frå både venstre og høgre med same resultat (til dømes rotor). Ourobouros er det greske ordet for ein halefortærar, ein slange som bit seg sjølv i halen. Slangen skildrar ein sirkel (sirkulasjonen). Palindromet er ei rørsle som går båe vegar.

Krinslaupet og sirkulasjonen speglar seg i dei planetære himmelbanene og i litteraturen, i Dantes helvete. I eit dikt fer den finansielle sirkulasjonen parallelt med den andre ringen i Dantes Guddommelege komedie, der ein møter Francesca da Rimini og elskaren hennar, Paulo.

                  … men stadig ute av stand til å ankomme
slutten av setningen
            der ord realiserer sin mening
                             annet enn for å haste videre
og denne hvileløse bevegelse preger
                            verdienes eskapader
                                sluppet fri i kretsløpene
ute av stand til å se seg selv
                         om den ikke ankommer hodestups
                           til prisen kortvarig verdisatt
en pause eros en sum på et papir
                   for deretter å brase videre
                               inn i kretser like skjønne
av lengsel som Francesca …

Utdrag frå «År med analyse for en dag med syntese», Rødt epos, Joshua Clover.

At åstaden er Italia, er ikkje tilfeldig. Dei nord-italienske bystatane spela ei avgjerande rolle i utviklinga av moderne kapitalisme og finansøkonomi (sjå etterordet til Remi Nilsen). Transformasjon, forvandling og omdanning er sirkulasjonens viktigaste eigenskapar, og er eit hovudmotiv i litteraturen, frå Ovid til Kafka. Det transformerande aspektet er godt synleg i dikta: «Et bibliotek er mer som et palass enn som en bokhandel / en bokhandel er mer / som et hotell / et hotell er bare litt som et bibliotek / men ganske mye som et kjøpesenter / mens kjøpesenteret og det fornemme palasset er ett» (frå «Vårlige Georgica», s. 29).

Å få grep om dikta, spekka som dei er av referansar til finansteoretiske omgrep, verk og teoriar det ikkje er gitt lesaren har kjennskap til, er ikkje lett. Det vert vist til Louis Bachelier som var den første til å utvikle matematiske teoriar om finansverda. I eit anna dikt gjeld det Marx’ omgrep om transformasjonsproblemet, som dreier seg om teoretiske problem knytt til å finne ein formel som kan uttrykkje korleis verdi vert omdanna til pris. Men, i dikta får dei framande termane ei eiga tiltrekkingskraft, i kraft av ordlyden. Ein treng ikkje kjenne til Black-Scholes-likninga i detalj for å ha utnytte av Clover-dikta. Meir på heimebane føler ein seg kan hende når poeten ymtar til poetar og forfattarar, som Dante, Apollinaire, Pound, Eliot, Majakovskij og Dostojevskij.

Remi Nilsens etterord, som gjer greie for kapitalismen og finansøkonomiens utvikling i dei nord-italienske bystatane på 1300-talet, er ei god støtte. For diktsyklusen LTCM, som handlar om Long-Term Capital Managment, er det fint å få litt bakgrunnskunnskapar. Hedge-fondet LTCM heldt på å skiple den økonomiske og finansielle stabiliteten, hadde det ikkje vore for at myndigheitene redda bankvesenet frå kollaps.

Clovers Rødt epos er fascinerande lesnad. Det er ein revolusjonær samfunnsanalyse på vers som skodar eit håp i dei akselererande økonomiske krisene. At eit dikt rommar breie kunnskapar om verda, og slik dreg seg i essayistisk retning, treng ikkje foraktast. Om siktemålet med Rødt epos er å avskaffe all poesi, eller om Clover trur, som fortidas avantgardistar, at det er mogleg å omdanne dikta til verkelege brusteinar i revolusjonens teneste, er tvilsamt. Meir sannsynleg er det at Clover ser på poesien som ein revolusjonær hjelpesjanger. Clover kan vere klar, konsis og spissformulert, han er ikkje, trass i termane henta frå avansert finansteori, hermetisk: «En tid som ikke lenger elsker poesi har sveket seg selv»… «Den beste poesien vil avsky sin tid men det vil også den dårligste».

Sindre Ekrheim,

Bergen, 1.februar 2018

(sindre.ekrheim@humbaba.no)