Overtydande folkelivsskildring

:poesikritikk


PROSA

Audun Mortensen

Nylig historikk

Flamme forlag 2016


skeskermaForfattaren Audun Mortensen er kjend for å lage bøkene sine med utgangspunkt i eit grunnkonsept. I prosaboka Dyr jeg har møtt (2014) skreiv Mortensen til dømes moralske dyrefablar i tradisjonen etter Æsop. I The Collected Jokes of Slavoj Žižek (2012) leita han fram vitsene i den slovenske filosofens samla verk. I debutboka Alle forteller meg hvor bra jeg er i tilfelle jeg blir det (2009), dyrka Mortensen ein litterær idékunst knytt til den digitale røyndomen. Hovudpoenget var her å overføre skjerm- og digitallogikken til papiret og papirboka, noko som i seg sjølv verka forbausande sjokkerande, forfriskande og absurd. Med Nylig historikk er forfattaren attende i internettsfæren.

Opplegget i årets utgjeving, Nylig historikk, har vore å kompilere ei mengd utsegner og korte skildringar, kalla hendingar, henta frå nettet i ein periode på fem år. Materialet, som kan sjåast på som readymades, er så samla i ei bok. Der står dei 387 tekstane fram som ein fortløpande, nummerert mosaikk over fellesskapets manifeste og umedvitne tankar, eller tankeforstyrringar. At hendingane er forsegla i papirbokas form, skal av lesarane sjåast på som ei fortetting av samtida. Dømesamlinga uttrykkjer tidsanda vår: Slik vil samtida vår eingong i framtida verte hugsa av etterkomarane våre.

Audun Mortensen framstår i Nylig historikk som ein etnograf eller moderne sogesamlar som held opp betar frå dagleglivets munnleg-skriftlege nettlitteratur.

skerma 3Resultatet er eit heterogent, absurd, til tider lattervekkjande litterært morass av prøvar på det menneskelege kollektivets umedvitne tankeliv, påfunn og dårskapar. Og ikkje minst demonstrerer tekstane intensivt interaksjonane med nett- og populærkulturen, og utnyttinga av dei teknologiske moglegheitene. Røysa av referansar, fortrinnsvis til amerikansk populærkultur og kjendisliv, gjev tekstane eit akutt preg av samtid. Men det er ikkje nett eit tenkjande menneskedyr, snarare eit latterleg dyr som lek ut i Mortensens tekstspeglar.

skermaeinKonseptkunst kan karakteriserast som ein idébasert kunstnarisk verksemd, der ideen attom kunstverket tilsynelatande vert viktigare enn sjølve den handverksmessige utføringa. I Nylig historikk ragar ikkje ideen over utføringa. Nylig historikk byd lesaren på ei rad artige, skrudde og morosame korttekstar, blott til lyst og latter, til djup fortviling eller som refleksjonsgjenstand.

Ein kan til dømes finne fleire underlege døme på kroppsfiksering og seksualliv:

294
En kvinne kommenterer at svette kommer av at kroppen griner fordi den vil at du skal slutte å bevege deg.

302
Et nyhetsinnslag informerer om at et bibliotekeksemplar av Fifty Shades of Grey har testet positivt for herpes.

(Nylig historikk, Audun Mortensen)

Teknologiskeptikaren er representert, han leverer eit uomtvisteleg røyndomskriterium teknologien må prøvast mot:

288
En mann kommenterer at han ikke lar seg imponere av teknologi før han kan laste ned mat.

(Nylig historikk, Audun Mortensen)

Moderne kunst vert utfordra. Merk at å kaste ein hanske er ein gamal metode for å utfordre motparten til duell.

316
En mann skriver på Twitter at noen mistet hansken sin i et av rommene på MoMA,og at alle gjestene lister seg nervøst rundt den av frykt for at det er kunst.

(Nylig historikk, Audun Mortensen)

Kjønn og kriminalitet, to av samtidas mest ynda emne, smeltar  i denne kommentaren saman:

314
En kvinne kommenterer at man blir flink til å fjerne blod når man har menstruasjon, og at det kan være grunnen til at flere menn blir tatt for mord.
(Nylig historikk, Audun Mortensen)

skerma3Det interessante er at stoffet som kjem fram i desse tekstane, kan sjåast på som fortrengde infantile og naive førestillingar, misforståingar, forvirringar, men like mykje er dei uttrykk for kreativitet og motstand. I mange av tekstane vert ein subversiv draume- eller vitselogikk iverksett der forholdet mellom dei reelle storleikane, slik makta definerer dei, vert forvridde og forskuve. Me kjenner ikkje motiva avsendarane har. Dei trivielle og absurde betraktningane har kanskje avsendarane skrive for å fordrive keisamheita, eller for å vekke mottakarens merksemd. Det er uansett underleg å konstatere at Internettet, ein tvers gjennom rasjonell konstruksjon, verkar å frigjere kollektivets irrasjonelle, absurde og skapande motkrefter.

Ein ekskurs

Det å referere utgjer hovudstrukturen i Nylig historikk. Den såkalla hyperteksten, altså lenkene eller referansane, representerer til dømes ikkje noko kvalitativt nytt. Lenker er ein urgamal førekomst i bøkenes verden, som viser at ei framstilling eller ein tanke byggjer på andre og inngår i nettverket av litteraturar. På 1500-talet vart det oppfunne mekaniske hjelpemiddel som effektiviserte lesinga av referansar frå fleire bøker samstundes. Mekanisk lesebrett, lesemaskin, eller bokhjulet, med diverse hyller med plass for bøker, blei oppfunne av Agostine Ramelli (1588). Bokhjulet hadde tannhjul og dreieanordningar som gjorde det lettare å rotere og veksle mellom ulike bokverk som låg på ulike hylleplan. I biblioteket i Strahov-klosteret i Praha finst eit vent døme på eit slik lesebrett eller bokhjul (Bücherrad).

skermfirEg gjer denne vesle ekskursen, i håp om at den er opplysande, fordi Mortensen i boka gjer ei tilsvarande rørsle: Mortensen tilbakedaterer den nye teknologiens representasjonsformer, han fører dei antatt nye virtuelle-digitale skjermformene så å seie attende i tid og eksponerer dei direkte i den gamle analoge tekst­– og papirverda. Slik sett kan historikken verte rar: Samtidas historie, som er mynta på framtida, vert formidla i gamle former og format Men det spørs om ikkje Nylig historikk, ved det tilbakedaterande formgrepet, syner at digitale tekstar ikkje er ibuande vesensforskjellige frå analoge tekstar. Det nye ligg ikkje der. Det nye, som rett betrakta slett ikkje er så nytt lenger, ligg i at teknologien har opna for større deltaking, ei tekstleg og visuell demokratisering unndratt redigering og sensurinstansar. Dessutan vil eg påsta at  Mortensen peikar på eit skifte i den munnlege kulturens representasjonsform: Den har vorte skriftleg og visuell.

Audun Mortensens Nylig historikk er uvanleg som litterær konseptkunst fordi ideen aldri skuggar for den materielle utføringa. Enkelttekstane i Nylig historikk, kall dei gjerne aforismar, vitsar, anekdotar eller folkelivsskildringar, rommar djup og lumsk humor, snurrige påfunn og besynderlege utsegner som gjev lesaren ei akutt samtidskjensle. Tekstane vert aldri degradert til konseptuelt fyllmateriale. Fleire av dei eig dessutan aforismens eller vitsens evne til å avkle og overraske. Ein kan heller ikkje underslå at Mortensens idélitteratur, trass i dei absurde tilsnitta, sporar til alvorlege refleksjonar over den teknologiske revolusjonen og den samfunnsformasjonen me brått, og fortvilande, har vakna opp i. Materialet har forfattaren samla frå nettet, deretter publisert i bokform. Betar av denne tekstmosaikken vil garantert hamne der dei etter sigande vert henta frå, det vil seie på Internettet.

Tekst og illustrasjonar Sindre Ekrheim, Bergen, 3.11.2016

(sindre.ekrheim@humbaba.no)