Nihilistisk novellekunst

:poesikritikk


NOVELLER

Fleur Jaeggy

Jeg er broren til XX (Sono il fratello di XX)

Omsett frå italiensk av Tommy Watz

Solum (2016)


KjøkenGjennom tjue relativt korte noveller i Jeg er broren til XX teiknar den italienskspråklege forfattaren Fleur Jaeggy opp eit mistrøstig univers prega av tomleik, vonløyse og død. Ja ofte uttrykkjer tekstane eksplisitt ein desperat nihilisme som ikkje berre strekkjer seg til, men også går attom, dødens grense. Novella «En gentleman og en øgle» avsluttar til dømes med den lite fortrøystingsfulle setninga: «Det finnes ikke noe sted kalt slutten». Liknande utsegner og formuleringar finst det fleire av. Allereie nokre setningar uti tittelnovella kjem verdsåskodinga brutalt til synes: «En gang, da jeg var åtte år gammel, spurte bestemor meg hva jeg ville bli når jeg ble stor. Og jeg svarte at jeg ville dø.» Likevel og trass den openberre desperasjonen, framstår novelletekstane som tvitydige og gåtefulle.

Kjøken 2

Gjennomgåande er stilen slik; turr, effektiv og lapidarisk. På det viset oppstår ein avgrunn mellom den tragiske tematikken, lagnaden til protagonistane, og den lettbeinte, emosjonelt flate og dempa stilføringa. Ein stille vald. Utan fakter.

Like fullt bør ein, for balansens skuld, halde fram at novellene også har anti-nihilistiske drag: Dei isceneset identifikasjonar, møte, eller, nokon gonger, konfrontasjonar med det andre, det ukjende og uforståelege. Til dømes er det opprivande lesnad når ei mor beint ut konstaterer at sonens sjølvmord fører til mindre sorg enn forventa og omtalar sjølvmordet som eit perfekt val. Samstundes er moras haldning, i all si Kjøken 3gru, òg faktisk freistnad på å skjøne sonens val, hans premiss. Det mørke og dystre som spreier seg som ei strålingståke over novellene, vert iblant motarbeida, på setningsnivå, av ein del tragikomiske formuleringar: «Han satt oppe hele natten, han lot til å ha mye å gjøre, i sin uvirksomhet.»

I nokre av tekstane agerer verkelege personar, frå nær eller fjern fortid. Forfattaren Ingeborg Backmann, poeten Josip Bordskij og hjerneforskaren Oliver Sacks. Samstundes vert den tilsynelatande realismen kryssa med usannsynlege, overskridande moment, til dømes når den avbilda på eit portrettbilete vert levande, eller ein mystikar som levde på 1200-talet gjer ein visitt på eit museum i Sør-Italia. Kanskje ligg ein annan type realismefortolking attom dei eklatante brota på realismens kutymar?

Novelletekstane er springande. Dei verkar førd av eit tilsynelatande assosiativt spreiingsprinsipp der dei avstikkande assosiasjonane likevel alltid har relevans for teksten, dei dannar nye utposingar og overraskande moment i novellene. Det gjer at bolkar, sjølv om dei er relevante, skyt seg ut av novella og vert ståande som eigne, komplekse poetiske stillbilete.

Kjøken 4DEN ASSOSIATIVE FORTELJEMÅTEN har å gjere med ein romleg måte å orientere seg i materialet på. I den samanheng er det interessant å sjå at fotografiet og portrettbilete i fleire av novellene får ei hovudrolle, faktisk i den grad at dei nærmast fortrengjer protagonistane og forvandlar dei til bifigurar. Sjølv om fotografiet og portrettbileta kan seiast å stanse den kontinuerlege tidas gang, og altså har noko med tid å gjere, er dei grunnleggjande sett romlege representasjonsformer.

Novella «Den siste i slekta» handlar om ungkaren Caspar, den siste attlevande i ein rik sveitsisk familie, som er overmåte oppteken av slektsportretta som heng på veggen, og især av dei to brørne som døde i ei ulykke. Portretta ranar til seg deira liv, men dei avbilda verkar også å krevje Caspar for noko. Han er tvitydig andsynes portretta, han både lengtar etter brørne, men byrjar å forulempe bileta, og vert, merkeleg nok, drepen av ein av dei portretterte brørne.

Kjøken 6Roland Barhes skriv i Det lyse rommet (La chambre claire – note sur la photographie, 1980) at fotografiet representerer ein augneblink der han som betraktar korkje er subjekt eller objekt, men snarare eit subjekt som kjenner det er i ferd med å verte objekt; at han får ei mikrooppleving av døden. Opplevinga har si rot i, som Barthes skriv, at «Fotografiet er bokstavleg tala ei utstråling frå referenten. Frå ein verkeleg kropp som var der, gjekk stråler som treffer meg, som er her (…)»

I novella «Det svarte kniplingssløret» får ei dotter ei skjelsetjande oppleving når ho studerer eit fotografi av mora i audiens hos paven: Ho oppdagar at mora, som no er død, på biletet hadde eit djupt deprimert blikk, ein depresjon ho har halde skjult for dottera.

Fleur Jaggey synes her, og i fleire andre noveller, å iscenesetje, for ikkje å seie levandegjere, skjønnlitterært og eksistensielt, og frå ulike vinklar, filosofiske innsikter om fotografiet eller det realistiske portrettmåleriet som representasjonsmedium. Fordi fotografiet levandegjer og gjer fortida nærværande, og samstundes er eit memento mori – ei påminning om døden–, heftar det ei opprørande tvitydigheit ved det.

I ei novelle kjem den kvinnelege fransiskanarmystikaren Angela av Foligno (1248-1309) på vitjing i det arkeologiske Kjøken 8museet i Napoli. Nymfene og andre avbilda i museet forlèt deira avbildingar og vert levande. Atteroppstoda deira er langt frå vellukka, fordi dei berre er vesen som er eigna for den «malte jorda».

Her vert den biletmessige levendegjeringa sett saman med mystikaranes visjonar; visjonar og syner som var så reelle at dei fekk kroppslege følgjer for mediet. Jaeggy nemner i same novella mystikaren Agnes Blannbekin som under eit syn skal ha dreidd forhuda til Jesus i munnen. Ifølge Blannbekin kjendest Jesus’ forhud som hinna på ei eggeplomme.

Kjøken 9Dette er noveller som gjennom å utfalde store kontrastar, kombinerer ein flat stil med opprørande innhald, tiltrekkjer og fråstøyter og dei held lesaren i eit tvitydig grep. Ikkje alle novellene etterlet ein med like stor fagnad, nokre hopper abrupt og innforstått til avslutninga. Slik som med «Det sterile rommet», der lesaren også helst bør kjenne til realhistoria attom, at Ingeborg Backmann døyde som følgje av ein brann i bustaden sin i Roma.

Fleur Jaeggy er fødd i 1940 i Sveits, skriv på italiensk og er no busett i Milano. I ein generell omtale av forfattarskapen skreiv den italienske avisa La Repubblica i 2014, då Jeg er Broren til XX kom ut i Italia, at bøkene hennar er som «aliens, uklassifiserbare og totalt likesæle andsynes marknadens hovudbølgje».

Fleur Jaeggy har skrive til saman tolv bøker. Det finst, i tillegg til Jeg er broren til XX, to romanar av henne på norsk, Proleterka og Tuktens lykkelige år. Begge er omsett av Tommy Watz. Tommy Watz fekk forøvrig Bastianprisen i 2013 for omsetjnga av Alberto Moravias De likeglade (Gli indifferenti). Det er grunn til å framheve også den fine omsetjinga hans av A. Moravias Fascisten (Il conformista) frå i fjor. Broren til XX har av Watz fått eit norsk språk som kler novellene eksemplarisk godt, og det er også grunn til å glede seg over at ein så viktig europeisk forfattarskap som Fleur Jaeggys no er vorten tilgjengeleg på norsk med heile tre bøker.

Sindre Ekrheim, Bergen, 11.8.2016

(sindre.ekrheim@humbaba.no)