Minneknusaren

:poesikritikk


DIKT

Svanhild Amdal Telnes

Om nettene brukar mor dråpeteljar

Gyldendal 2018


«Denne harpa er historia vår, / ho spelar surt og insisterande», heiter det i eit av dikta til diktdebutanten Svanhild Amdal Telnes. Ja, historiene ein fortel om livet formidlar nødvendigvis ikkje sanninga. Om historiene skulle vise seg å vere sanne, kan dei likevel skjule fornedringar og svik. Mot eigen vilje kan ein verte overfallen av minne, slik madeleinekaka hos Marcel Proust utløyste ein uendeleg straum av dei.

I dikta til Telnes vert Anna heimsøkt av ikkje-kontrollerbare minne. Desse syner seg ikkje som ein straum, men som vage polaroidbilete, idet Anna skal til å flytte saman med kjærasten Jakob. Bileta involverer barndomsopplevingar, dødsleiet til far og ei mor som sannsynlegvis ikkje har vore heilt grei, kanskje til og med valdeleg, fordi ho «plasserer små, salte perler / langs kinnbeina våre».

Anna ønskjer å frigjere seg frå fortida, for å eige seg sjølv og framtida fullt ut: «Men eg har kjent / slekters gang gripe / meg rundt handledda. / Har tenkt: La dette / joletreverset vere over, så eg / kan få hendene mine tilbake.» Til minnearbeidet får ho ein mortar av far, som ho kan knuse minna i: «Eg støyter / hardt med mortaren. / Vil male minna til finkorna sand, / nettene til oske».

Kring denne rammeforteljinga har Telnes, trass det tunge, såre og vonde som murrar under tekstane, paradoksalt nok skrive dikt prega av ein lett og leikande stil, prega av småabsurde innfall, utan at dei vert for ovanpå og kjekke i tonen. At minna til Anna har form som polaroidbilete, må også reknast som litt sprøtt, for me hugsar vel ikkje i polaroidformat? Likevel står fotografiet, fordi det er eit sertifikat for det autentiske og på direkte vis gjer fortida nærværande, tett på minneaktiviteten.

Det som imponerer med Telnes diktdebut, gjeld det eg vil kalle dei to hovudrørslene ein finn i diktboka. På den eine sida er språket i enkeltdikta hurtig, det svingar så lett og konsist. Men dersom ein ser litt større på det og betraktar boka under eitt, ser ein at forfattaren langsamt og tolmodig byggjer opp motivkrinsen, trinn for trinn utviklar språkbileta seg. Først etter fleire dikt vert den indre språklege samanhengen openberra for lesaren. Nett det aspektet held eg som ein særs fin kvalitet ved denne diktdebuten.

Sindre Ekrheim

Bergen, 21.februar 2018

(sindre.ekrheim@humbaba.no)