Hardtslåande og sanningserkjennande

:poesikritikk


DIKT

Athena Farrokhzad, omsett av Tina Åmodt

Hvitverk

Kolon (2016)


I debutantdiktboka Hvitverk av den svenske debattanten, kommunisten og poeten Athena Farrokhzad kjem dei ulike spenningane i ein innvandrarfamilie til syne gjennom ein nennsam sitatmosaikk. Ein kan raskt slå fast: Her møter ein ein drivande energi og ei veldig sterk utsegnskraft.

Innskanning 72Boka kan lesast som eit familiedrama, der dottera i familien, som er bortimot taus gjennom heile boka, er den nøytrale referenten av dei andre familiemedlemmane sine røyster. Berre i byrjinga, på den første sida, snakkar dottera. Der skildrar ho mora som assimileringsvenleg, pragmatisk og optimistisk: «Moren min lot blekemiddel renne gjennom syntaksen / På den andre siden av skilletegnet ble stavelsene hennes hvitere / enn en nordlig vinter».

Slik lyder den klåre, mektige og likevel makteslause indirekte talen i Hvitverk. Rett nok er det ikkje eintydige utsegner ein får servert. Talen er vekselvis piskande, harmdirrande, sorgfull, hardtslåande, sanningserkjennande og sjølvavslørande. I følgjande utsegn påtalar faren sjølvforakta: «Faren min sa: Det er en krig som utspiller seg i innvollene / Det er en fiende som styrter fram fra hendene og leppene mine» (s.43). Faren er altså sjølv vorten ein umedviten, hjelpelaus berar og utøvarar av rasismen.

Typografisk vert undertrykkingsmotivet understreka av at all skrifta i boka er kvit og trer fram mot ein svart bakgrunn. Som innvandrar er ein uløyseleg stengd inne i språket. Også frigjeringsprosjektet vert hefta med ein sjølvreferensiell inkonsistens: «Onkelen min sa: Hva skal det bli av oss nå som vi har kjempet befrielsen fram / med samme midler som holdt oss fanget». Den kvite skrifta kan tolkast i retning av familiens ulike erfaringar, som tidligare var usynlege, vert synleggjorde.

Er språket eit materiale eller ein horisont? Naivt trur ein, i alle fall utifrå eit forfattarperspektiv, at språket er eit nøytralt materiale som set ein i stand til fritt å skape og manipulere fram ei verd etter eige ønskje, og uttrykkje nær sagt kva som helst. Slik er det kan hende. Men er ikkje språket, når ein står utanfor det, når daglegtalen innafor går i sin vande dur, meir som éin bestemt horisont, som inneheld ei fasttømra historie, konvensjonar, reglar, førebestemte oppfatningar, fordommar. Norsk, eller kva som helst anna språk, har umedvite ei oppfatning om korleis alt mellom himmel og jord er ordna.

Forutan at setningane formulerer eit vedunderleg trykk, spenner dei over eit vidt temafelt, frå krigen til tilværet som innvandrar, til heimlengt, død, heimlausheit og mogleg mostandskamp. Men kanskje særleg handlar setningane i Hvitverk om maktas og rasismens subtile forgreiningar og virkemåtar. Ho syner korleis det undertrykkande språket fungerer, korleis det kjennest, og korleis ein utifrå dette kan byggje konturane av eit motspråk.

Innskanning 73Dikta fungerer aller best på sentensnivå, og då med ein vederheftigheit og klår kraft samtidspoesien elles ofte saknar. Forma til Farrokzad er enkel og streng. Språket ligg nært det munnlege. Dei ordspråkliknande seiemåtane trer fram i grammatiske setningsparallellismar: Nærmast like strukturar vert gjenteke, variert, rytmisk, lydleg. Dermed oppstår òg syntaktiske speglingssymmetriar og asymmetriar. Det er eit trekk ein finn att i lyrikken til Bertolt Brecht.

Tina Åmodt har omsett boka til norsk og er overtydande tru mot språktonen i originaldikta. I eit etterord diskuterer Åmodt både omsettararbeidet og Athena Farrokhzads poesi. Det finst, som alltid, småting å diskutere og påpeike i eit omsettararbeid. Det er litt av ein omsettingas ironi at tekststaden der det kan hende skurrar, faktisk handlar om omsetting. På side s.30 står det i den svenske originalen: «Det finns en stumhet som inte kan översättas». Hos Åmodt heiter tilsvarande tekststad: «Det finnes en stumhet som ikke som kan bli oversatt». Antakeleg har ein å gjere med ein lapsus. Likevel, det Innskanning 71er eit interessant poeng at slumset oppstår nett her. I tillegg er det ein tankjevekkande tautologisk påstand at stumheita ikkje kan omsetjast. Ei stumheit høyrer til språket fordi ho er meiningsberande, men fell likevel utanfor språket fordi ho er lydlaus og utan fysiske språkteikn. Stumheit er altså eit språkleg grensefenomen. Tydar det at stumheita fungerer likt på ulike språk? Når det gjeld bokbunaden, det metalliske omslaget der ein kan spegle seg, den kvite typografiskrifta, kan ikkje dette seiast å vere omsett frå den svenske originalen (Vitsvit, 2013) til den norske utgåva. For bokbunaden er identisk på norsk og svensk (med følgjande avgrensing: den svenske originalboka er ein centimeter høgare enn den norske og ein halv centimeter smalare). Den kvite skrifta mot den svarte bakgrunnen er i dikta, men er også utanfor språket. Farrokhzad har i den språkleg–typografiske forma bunde dette så tett saman, at boka ikkje kan omsetjast utan at den kvite skrifta vert teken med i utgåver på andre språk. Det er ikkje berre fiffig gjort, men kroppsleggjer så å seie temaet i boka.

Athena Farrokhzads diktbok er viktig og aktuell. Berre tenk på dagens folkevandring og korleis Europa stengjer grensene etter sjølv direkte å ha skapt migrasjonskrisa gjennom imperialismekrigane i Midt-Austen. Boka peikar også på at dei vestlege demokratia trass sin erklærte openheit kanskje likevel hyser subtile rasisme- og undertrykkingsmekanismar. Farrokhzad poetisk-politiske prosjekt er bore av eit revolusjonært perspektiv, der det er urettferdigheita og undertrykkinga, økonomisk og sosialt, ho set fingaren på. I tillegg til å vere aktuell, kjem ein ikkje utanom, og det er det viktigaste, at Hvitverk rett og slett er ei drivande god poesibok.

30.6.2016, Sindre Ekrheim

(sindre.ekrheim@humbaba.no)