Elastisk og rørleg

:poesikritikk


DIKT

Nils-Øivind Haagensen

Stor

Oktober 2018


Den slentrande og forteljande stilen, kopla til daglegdagse observasjonar og tilsynelatande tilfeldige assosiasjonar, har blitt til eit varemerke for Haagensens lyrikk. Kall det gjerne ei prosafisering av lyrikken, eller, dersom ein ser meir positivt på det, ei utviding av han. Røtene til Haagensen poesi finst mellom anna i beatpoesien.

Gjennom gjentakingar, forsiringar og forskuvingar, relativiserer Haagensens-dikta ofte sine eigne utsegner, i staden for, slik ein er van med, at den lyrisk velforma utsegna verkar fortetta og hoggen i stein.

Årets diktbok, som er Haagensens ellevte, handlar om å verte stor, om å vere vaksen og, kanksje, ønskje å vere liten og verte tatt vare på. Som tittel på dikta er «Stor» treffande nok, for dikta lét ulike storleikar møtast. Det vesle vert betrakta i høve til det store og omvendt, men først handlar diktboka om forholdet til andre menneske, til foreldre, ungar, kjærestar, vener eller alle dei andre. Og det handlar til dels om dei store orda, som ein kanskje vegrar å bruke, som ordet kjærleiken. Her får ein servert tilløp til små historier, som til dømes om ein liten gut som vert trakassert og der ein eldre forbarmar seg over han. Gjennom diktboka vender biletet av den svære jordkloten som heng i lause lufta attende, både som eit uhyggeleg kosmologisk faktum, men også som bilete på korleis individet i desse dikta kjenner seg, usikker og utan ein fast grunn under føtene.

Når Haagensen skriv «Hun smiler / plutselig smiler hun», eller over fleire vers skildrar korleis ei fluge rører seg på armen til ein stor mann, er det nokså typisk for den langsame, dvelande progresjonen i dikta. Han held fast, stillar spørsmål, borar i augeblikket, inviterer inn strøtanken, som slik veks og tek over diktet. Ofte vert det fint. Og iblant vert det til tydelege, suggererande og lett svimlande bilete. Det er tydeleg at poeten ønskjer å ta vare på og omfamne dei, det og den han skriv om. Denne lyrikken er ikkje dårleg, sjølv om ein etter to hundre sider kanskje opplever dikta som litt einsformige. Iblant ønskjer ein seg noko som smell, noko som vik frå den etablerte formelen, ein Haagensen som vågar seg inn i nokre andre spor.

Sindre Ekrheim

Bergen, 15.mars 2018

(sindre.ekrheim@humbaba.no)