Ein valdsodyssé

Oppvekstdikt, utanforskap og rå vald

Debutanten Anna Kristina Knudsen sparer ikkje på sjokkeffektane i denne oppvekstskildringa, eller valdsodysseen, på diktform.

Personen i dikta verkar å ha falle mellom alle stolar og høghus i bydelen Saupstad i Trondheim. Ikkje er ho skikkeleg svart og ikkje skikkeleg kvit. Ho kjenner seg feilkjønna og vil helst bli gut. Og heime herskar kaos. Faren vert karakterisert slik: «du kjenner deg tom / jeg kjenner deg bare full». Fyll og knyteneveslag førekjem her i så å seie alle nære og fjerne relasjonar: «Hest er best og fotball er gøy har jeg klistra med små rosa bokstaver på / døra du har stengt meg inne bak».

Kroppen er vorten ein framand stad som knapt registrerer smertene. Slik er også tekstkroppen fråkopla det kjenslemessige sanseapparatet. Kanskje verkar dikta som ei øydsling i konsekvensfri knivstikking og vald, som ei overflate der overgrepa ureflektert avløyser kvarandre, og er kan hende i ferd med å tippe over i det teikneserieliknande. Likevel er den distanserte skildringa ironisk og laussluppen, fordi utryggleiken og illgjerningane er vortne så forventa daglegdagse at dei ikkje vedkjem offeret.

Staden er altså Saupstad i Trondheim, med nokre tilbakeblikk på opphald på ei hytte i Valdres og eit studieopphald i Malaysia. Plassane og omgivnadane kan nok skifte og vere meir idylliske og eksotiske enn andre, men valden er konstant nærverande. I slutten av diktboka er redslane iferd med å forplante seg til neste generasjon. Fredfylte augeblikk og lokkande framtidsutsikter kan her teljast med éin finger.

ypografisk er dei temmeleg prosanære tekstane i debutboka 7078 Saupstad sett opp som dikt. Setningsperiodane er ikkje skilt åt med punktum og fraseringa står fram som oppjaga, tidvis også som pumpande og intendert hakkete. Og det er her, i desse hakka og brota, at smertene og kjenslene tyt fram.

Sjølv om lesaren kan trekkje opp kronologiske liner og handlingar mellom tekstane, gjer dikta punktnedslag i oppveksten og faldar ut augeblikk og borar i enkeltståande episodar. Skrivemåten er gjennomført og valden alltid nærverande. Om det er noko som kjennest trygt her, så er det kanskje stilen.

Meldinga har vore prenta i Dag og Tid

Fusa, 16.01.2020