Ein kan ikkje stige ned i same elva to gonger

:poesikritikk


SAKPROSA

Aasta Marie Bjorvand Bjørkøy

Eit dikt vert aldri ferdig. Teksthistorien til Olav H. Hauges dikt

Vidarforlaget


Heraklits fragment om at ein ikkje kan stige ned i same elva to gonger, kan gjelde for Olav H. Hauges lyrikk. For Olav H. Hauge endra stadig på dikt etter at dei hadde stått på trykk. Poeten la til, strauk ord, liner, heile strofer, rokerte på linedelinga og på diktrekkefølgja. Ofte i så stor grad at ein ifølgje Asta Marie Bjorvand Bjørkøy for enkelte dikts vedkomande ikkje kan snakke om versjonar av same diktet, men at diktet etter revisjonen er vorte til eit nytt.

Aasta Marie Bjorvand Bjørkøy (AMBB) skriv at Dikt i samling utkom til saman tretten gonger, og AMBB identifiserer ti av dei som ’nye utgåver’ på grunnlag av korrigeringane og dei omfattande diktrevideringane. Debutsamlinga Glør i oska (1946) vert utsett for radikal revisjon, både vøling av dikta, men også når det gjeld å kaste ut dikt og hente andre inn. Eit sitat frå AMBBs framstilling gjev eit bilete på kor omfattande revisjonsarbeidet er:

Av de opprinnelige 53 debutantdiktene som ble publisert i 1946-utgaven, er 21 dikt senere strøket, og i perioden 1964-1993 ble det lagt til femten nye dikt, hvorav ett ble fjernet igjen i 1993-utgaven. I tillegg til disse bevegelsene, er 31 av diktene revidert – elleve av dem revidert én gang, tyve dikt er revidert to, tre eller fire ganger. Kun to Glør i oska-dikt er ikke revidert eller endret på noen måte («Svarte krossar og «Elden»), de gjengis fortsatt i henhold til deres første representasjon i 1946-utgaven.

Eit dikt vert aldri ferdig. Teksthistorien til Olav H. Hauges dikt, s.21

Som ein ser, er det eit kaotisk og ustabilt tekstbilete, eller tekstkropp, AMBB grundig greier ut om og på førebiletleg, minutiøst vitskapleg vis systematiserer og ordnar i ei detaljert og oversynleg framstilling. Her er oversiktlege tabellar over dei endringane Hauge gjorde i dikta, i fleire omgangar, samt utførlege og opplysande drøftingar av dei, der òg Hauge-resepsjonen vert trekt inn. ABMM har ikkje undersøkt endringar i kladdar og manus eller systematisk samanlikna med Hauge-dikt publiserte i tidsskrift.

Innskanning 99Klarar lesaren å halde styr på årstal, ulike bokutgåver og diktvariantane, vil ho sjå at AMBB har dokumentert og belagt, ikkje berre delvis, men som sagt i detalj, at Hauge var ein reviderande forfattar og at revisjonspraksisen var så omfattande, og trer så tydeleg fram når ein samanliknar dei trykte diktversjonane, at ein ikkje kjem unna r e v i s j o n e n som eit moment i Hauges poetikk. Kunnskapen om revisjonsarbeidet tydar noko for korleis ein les Hauge. På bakgrunn av revideringspraksisen trer diktinga til Hauge i mykje sterkare grad fram som ein uavslutta aktivitet, ein prosess. I prinsippet kunne revisjonen ha halde fram etter 1994-utgåva av Dikt i samling, den siste forfattarautoriserte utgjevinga, om ikkje Hauge døydde det året.

Forfattarar endrar på tekstar i manuskriptfasen, sjeldnare føretek dei omfattande revisjonar etter publiseringa, uansett kor misnøgde dei er med sine trykte tekstar. Hos Hauge er rettinga derimot ein konstant regel, grensande til mani. Den svenske poeten Gunnar Ekelöf var òg ein reviderande forfattar. Ekelöf kjende til dømes i ettertid sterkt ubehag andsynes debutsamlinga Sent på jorden (1932), og laga ei nyutgåve av samlinga i 1962 der han la til nytt materiale i eit appendiks. Som Hauge arbeidde Ekelöf i tiår med enkelte dikt og tok fram att og bygde vidare på eldre diktutkast.

Korleis skal ein forstå revisjonspraksisen? Kva er den uttrykk for? Kanskje kunne ein seie at AMBBs bok, trass alle strykar, er noko svak på dette punktet. Emnet ligg då òg utanfor teksthistorias fagfelt og denne bokas hovudsøkjelys, som kartlegg, greier ut om omfang og peikar på endringstypar og kva dei gjer med dikta. Ho nyttar Dagboka (Dagbok 1924-1994) til Hauge som kjelde for, om mogleg, å spore subjektive motivasjonar bak korrigeringane. Sjølv om forfattaren AMBB pirkar borti dette spørsmålet i slutten av boka, så ligg det framleis arbeid att her.

Innskanning 100AMBB påviser ei rekkje forhold ved endringspraksisen, og det vil naturelg nok føre altfor langt å omtale alt, også fordi revisjonspraksisen til Olav H. Hauge har, som AMBB syner, mange fasettar og peikar i ulike retningar. Tendensen verkar klar, at revisjonen er mest omfattande og radikal for debutsamlinga Glør i oska (1946) og vert mindre omfangsrik for dei andre samlingane. Men det tydar kanskje ikkje at revisjonen vert mindre, samla sett. I utgåvene av Dikt i samling la Hauge til nye dikt i Janglestrå, tok ut dikt og sette inn nye i andre dikstamlingar og heldt fram å  korrigere alt frå teiknsetjing til linedeling, til diktrekkefølgja.

Særleg tre forhold får det teksthistoriske oppryddingsarbeidet til AMBB følgjer for. Det eine er l i t t e r a t u r f o r s k i n g a knytt til Hauge: Den tener på å verte meir nøyaktige med å spesifisere tekstgrunnlaget, og aller helst burde dei integrere alle diktversjonane i analysane. Om litteraturforskarane ikkje spesifiserer eller tek omsyn til tekstgrunnlaget og er nøye med kva diktversjon dei er i dialog med, fører det til at forskarane fører analytiske skinndebattar, og AMBB undrar seg og påvisar ganske mykje unøyaktigheit og slurv på feltet. «Karlsen kan ikke kritisere og forkaste Steganes analyse av den første versjonen fordi deler av Steganes analyse ikke gjelder tilsvarende for den reviderte versjonen – Steganes analyse er jo fortsatt gyldig for 1946-versjonen, den versjonen som Stegane går i dialog med» (s.46, om diktet «Kirsebærtreet»). Dette er berre eit av ei lang rekkje døme på stader der ABMMs grunnforsking utøvar eit naudsynleg tekstleg ryddearbeid.

Innskanning 97Det andre gjeld i høve til biografar og bruk av dikt som kjeldemateriale. Til Knut Olav Åmås’ biografi om Olav H. Hauge, Mitt liv var draum (2004), har ABMM opplysande og korrigerande kjeldekritiske merknadar å kome med. Dikta er òg eit historisk kjeldemateriale for ein biograf. Eit viktig poeng i Mitt liv var draum er at Hauge støtt korrigerte, reviderte og endra. Biografen er altså ikkje berre medviten om dei utstrekte endringspraksisane til Hauge, men gjer det til eit sjølvstendig poeng, til eit karakterdrag, og ABMM undrar seg difor over at Åmås berre har nytta seg av Dikt i samling frå 2000 (andre opplag av sjetteutgåva), han burde ifølge ABMM «veksle i valg av tekstgrunnlag, ut fra konteksten, ut fra hva han kommenterer og hvilken del av Hauges biografi han forteller om» (s.227). At biografen ikkje gjer det, får merkelege følgjer. Når Åmås skriv om kva som er godt og mindre bra i debutsamlinga Glør i oska, skriv AMBB: «I dette partiet trekker han (Knut Olav Åmås) frem to av de diktene han anser som gode, deriblant diktet «Til ein gamal meister» (Åmås 2004, 129). Dette diktet blir slik omtalt som del av 1946-samlingen, enda det diktet først kom på trykk og ble inkludert som en del av Glør i oska-samlingen nesten tyve år senere, i Dikt i utval i 1964» (s.228).

Det tredje feltet Eit dikt vert aldri ferdig bør få følgjer for, er eventuelle nye utgåver av Dikt i samling. Til dømes vert dikt som var nye i Dikt i samling forsynt med ein asterisk i innhaldslista. Når neste utgåve kom, gjorde ein det same med dikt som var nye for den utgåva, medan dikt som var nye i den førre utgåva ikkje var synlege eller markerte lenger. Då vert teksthistoria uklar. ABMM har eit godt framlegg til korleis det kan gjerast på side 239. Det hadde heller ikkje vore av vegen å spesifisere i eit noteapparat bak at eit dikt var revidert. Så kunne lesaren sjølv gå vidare derifrå og, om han ønskte, finne fram til variantane.

Fleire av revisjonsanalysane til AMBB krinsar rundt omgrepsparet romantikar versus kvardagsnær poet. Når AMBB studerer endringane enkeltdikt har vore utsett for, sjekkar ho om det let seg påvise ei rørsle frå romantikar til kvardagsnær poet. I Hauge-forskinga er skiljet mellom ein tidleg romantikar og ein seinare kvardagsnær poet etablert. Andre, som til dømes Einar Økland, meiner at Hauge er den same heile tida.

Når AMBB samanliknar diktversjonane, så kan ho karakterisere endringane som «presisering», som ei «aksentuering», at endringa fører til at diktet vert «mindre privat» eller at korrigeringa bidreg til å gjere «mindre spesifikk, mer allmenn og dermed også mer flertydig og gåtefull». Ho vurderer dette som litterære forbetringar, endringa har vore vellukka.

Eg stussar når analyseresultatet til ABMM ein stad vert som dette: «Slik både styrker og demper revisjonen diktets romantiske trekk.» (s.35, om diktet «Song til stormen»). Kva seier forfattaren her? Og kva er eigentleg spørsmålet? Om ein set denne analyseutsegna om til det matematisk-deduktive stilidealet tekstforskaren AMBB sver til, vil det kunne uttrykkast slik: 1 – 1 = 0. Analyseresultatet er altså lik null.

Er ikkje det eit teikn på at kategoriane romantikar/kvardagsnær tingpoet er tvilsame og lite eigna til å forklare endringane Hauge gjer i diktet. Så vidt eg kan sjå, freistar ikkje AMBB å anvende andre omgrep for å kaste lys over dei aktuelle endringane. Ei forklaring er at AMBB berre tek utgangspunkt i den føreliggjande Hauge-forskinga og les revisjonen utifrå kva som der er skrive. Og då ser ein at AMBB tilbakeviser synspunktet om at rettinga av eldre dikt har vore eintydig, Hauge gjer ikkje dei tidlige dikta konsistente med den såkalla eldre Hauge. At Innskanning 99-kopiABMM er tilbakehalden med å seie noko generelt om tendensen i korrigeringane samla sett, skuldast at Hauges rettingar ikkje peikar i éi lei og revisjonspraksisen ikkje kan påvise korkje eit glidande eller akutt brot hos Hauge.

O m g r e p s p a r e t romantikar/kvardagsnær tingpoet høver ikkje når ein skal forstå revisjonspraksisen fullt ut, òg i det nemnde tilfellet. Det fortonar seg rart om hovudmotivet for rettingane skulle vere å gjere seg sjølv til ein mindre romantikar. Om skiljet mellom den tidlege og seine Hauge hadde vore skarpt, om brotet var reelt, ville kanskje Hauge heller valt å forlate dei tidlege dikta, gløyme dei, aldri ta dei opp att. Om det finst ein tidleg Hauge, stiller i alle fall den seinare Hauge seg heile tida aktivt og dynamisk til den tidlege.

Hauge er på sett og vis den same heile tida, slik Einar Økland meiner, eller, det vil seie, ikkje nett den same, men den som alltid endrar, som er i endring, som set heile sin forfattarskap på og i spel og i rørsle kvar gong han får sjanse til det. Revisjonen og endringa er ein konstant storleik.

Revisjonspraksisen set verket til Hauge i rørsle, og den rørsla held fram, òg etter at forfattaren er død. AMBBs bok syner at diktet i Hauges revisjonspraksis står fram som ein ustabil storleik. Dikta vert til ein prosess, det inngår i ein flyt og ein straum av revisjonar, og er alltid klar for nye endringar. Kanskje ligg det eit paradoks her: Hauge har retta for å forbetre diktet, for å pusse seg fram til det fullkomne, gyldige, monumemntale uttrykket. Men samstundes gjer rettingane og revisjonane diktet ustabilt. Det er som om Hauge risikerer heile forfattarskapen kvar gong han reviderer, og resultatet er at han gjer forfattarskapen mindre monumental, meir bevegeleg.

I forordet til Samlade dikter av Gunnar Ekelöf siterer Anders Olson Ekelöf på at «Jag er en sådan som aldrig blir färdig. Ständigt samma ämne har jag gjennom åren tagit upp på nytt. En människas förnyelse består nämligen enligt min mening inte i at hennes grundämne, hennes grundupplevelser och grundproblem skulle förändras. Det er hennes inställning till dem som under trycket av skiftande förhållande förändras. Förnyelse fattas jag alltid som en ständig omprövning av ett och detsamma.» Eit supplerande perspektiv på korrigeringstrongen til Olav H. Hauge er å sjå til poetikken, innarbeide korrigeringa som moment der, sjå endringane som Hauges vedvarande «omprövning», for å få eit anna grep om kva rettinga og endringstrongen inneber, utover at poeten ønskjer å gjere dikta betre, litterært sett. Rettinga har med ei haldning å gjere, til det å skrive. Olav H. Hauge er ein aktiv lesar av eigen forfattarskap, av heile forfattarskapen, heile tida. Olav H. Hauge kan vøle og skrive på eit dikt i tiår, det er som om han har kapsla seg inne i sin eigen forfattarskap. Som poet er Olav H. Hauge alltid i endringsberedskap andsynes alle dei trykte dikta sine som han les om att og om att, uansett kva tid dei er skrivne og trykte. Olav H. Hauge veks inn i sitt eige verk.

I forlenginga av AMBBs bok bør det redigerast nye, eksperimentelle utgåver av dikta til Hauge, der rekkja av omarbeidde diktvariantar vert stilt fram fortløpande slik at ein får erfare dikta i den reviderande flyten.

Aasta Marie Bjorvand Bjørkøy har med Eit dikt vert aldri ferdig skrive ei grundig og svært viktig bok om Hauge, det er eit døme på førbiletleg grunnforsking som får følgjer for den tidlegare og komande forskinga og forståinga av Hauge. Framstillinga er tidvis keisam og knusktørr, men alltid  sakene og tinga. Det er på høg tid å slå eit slag for dei keisame akademiske bøkene som trass alt eig sakleg tyngd og lødigheit som den journalistisk prega sakprosaen, som verkar å flaume over i dette landet, ikkje har. Journalistisk sakprosa er meir oppteken av å forføre lesaren. Då forsvinn sakene og tinga frå omverda vår, og forholda dei imellom vert forkludra.

Sindre Ekrheim, 16.6.2016