Ei forståing bortanfor


I Lennart Sjögrens lyrikk er ein i verdskvervelen av skaping og øydelegging

Lennart Sjögren har skrive drygt tretti diktbøker sidan 1950-talet og må reknast som ein nestor i svensk lyrikk. Den norske gjendiktinga av I greinverket kjem ut nesten samtidig som den svenske originalutgåva. Det er gjævt gjort av Nordsjøforlaget.

I greinverket er ei underleg og ven diktbok. Dikta talar utvunge med dyr og steinar, og ein istapp fortel om livet sitt og eg-et oppsøker bossdunken «der eg har vore før / og trudd eg høyrde metalla snakka». Lesaren kjem i stuss om kva plass ein er, når ein les følgjande: «På ei vogn trekt av store insekt / syner heilt bortgøymde skapningar seg og slike / som enno ikkje er fødde».

I det vesle kursiverte opningsdiktet finst ei oppmoding: «Unnvik ikkje ekstasen / no når tørken / breier seg stendig meir over dei indre områda». Diktet peikar på det å stå utover seg sjølv og å vere bortrykt, slik ein er i ekstasen. Det er kanskje nett den rørsla som vert påtala i Lennart Sjögrens lyrikk, at grensene mellom dyr, ting og menneske vert overskridne, nesten oppløyste – og likevel ikkje.

 Dikta fører lesaren inn i ei uforklarlegmellomtilstand der det korkje er dag eller natt, der alt finst og ikkje finstpå same tid. Ein tredje stad der ein kan treffe på «ein fugl som knapt er fugl/ likevel rekna til fuglane». Kanskje er det dette som er å vere levande. Deter som om dikta gryr fram or paradokset, «reiser» seg i «splinteret» ellerkvervelen av eit språk som heile tida øydelegg seg, formar seg om – og er detsame.

Gløttar ein på det andre leddet i tittelen på boka, verk,siktar ordet både til handling, det markerer smerte, kan tyde ei mekanismeeller ein konstruksjon og er ein heilskap. Eg trur dette kan vere moglege punktå ha med seg når ein les Sjögrens dikt. 

Det finst ei lengt i dikta, underleg den òg. Lengta strekkjer seg mot det me ikkje veit kva er, mot ei forståing som finst bortanfor det rasjonelt forståelege. Lengta har eit paradoksalt uttrykk, for ho vender seg mot det jordiske og opp, men i ein stil som er tilbakehalden, beskrivande, konstaterande. Det er som om det ukjende vert føregripe og får form i Lennart Sjögrens lyrikk.

Bergen, 23.11.2019

(sindre.ekrheim@humbaba.no)