Flyttbart språkgods

:poesikritikk


DIKT

Pedro Carmona-Alvarez

Inventarium

Kolon forlag (2020)


Av Sindre Ekrheim | sindre.ekrheim@humbaba.no


Myriadar av poetiske forbindelsar glødande av tydingsrikdom

I Inventarium av Pedro Carmona-Alvarez er eit biografisk-lyrisk minnearbeid på gang. Eksilerfaringa, det å ha ein barndom og ei slekt frå eit anna land, kjem sterkt til uttrykk i dikta. Likevel stampar dei ikkje rundt i den eigne forteljinga, dei lyftar seg til eit allment nivå: Eg-et i dikta er eit pronomen som representerer fleire.

Tematikkar, kjende frå forfattarskapen til Carmona-Alvarez, strøymer i desse dikta: Eksil, barndom, politisk vald, flukt, død, sorg, sakn, slekt. Ein kan gå til den utruleg fine essayboka Refrenger frå i fjor for å observere noko av forfattarens «skrekkelige repertoar», sjølv om det også må strekast under, at Inventarium ikkje berre kan reduserast til lyriske illustrasjonar av essaya og motiva i forfattarskapen. Carmona-Alvarez kombinerer i Inventarium ein musikalsk sans for lyrisk motivutvikling med teften for dei suggestive bileta og, ikkje minst, med ei innlevande lyrisk røyst som freistar å femne om alt som er i drift.

Inventarium byrjar med å liste opp metaforiske koplingar, som viser at orda, tinga, minna og fenomena omstøytar seg nett fordi dei har karakter av å vere lausøyre, flyttbart gods utan faste plassar. «Nelly Sacks / skriver: Forlatte ting slår røtter / i den flyktendes øyne». Jamvel om diktboka kan betraktast som eit lausøyreregister, slik tittelordet indikerer, dreiar ho seg like mykje om verbet tittelordet er avleidd frå, invenire: å finne eller å avdekke. I retorikken opererer ein med den såkalla inventio-fasen der ein leitar etter moment for talen utan omsyn til rekkefølgja eller språkmoduleringa. I denne boka leitar eg-et etter si eiga fortid for å finne sitt eige liv, som også alltid inneber liva til andre, til slekta, vener, staden, mytane og segnene.

Som minna, er orda spent ut mellom «gjenkjennelse» og «forvandling» slik at dei støtt pådreg seg ny tyding. Det gjeld til dømes hesten, eit høgfrekvent motiv i dikta: «Jeg ble til alle hester, rekreasjonsdyr / terapidyr, statussymbol og pastoral trøst / kentaur, hestehale og hastighet … jeg ble født i Troja».

Trass i poesiens moglegheit til å skape om, er det noko som ikkje let seg vaske bort gjennom den poetisk ordstraumen. Det syner diktet vigd den argentinske poeten Alexandra Pizarnik: «man kan ikke forandre tingene / ved å snakke om dem / eller fornekte dem / eller lete etter dem overalt».

Denne meldinga har tidlegare vore prenta i Dag og Tid

Fusa, 27.november 2020